Korleis fungerer bilforsikringa ved kondemnert bil?

Når bilen blir kondemnert/vraka og blir levert til ein godkjent biloppsamlingsplass, skjer det meste automatisk etter dette. Hugs å la skilta følge køyretøyet til vraking eller lever inn skilta på ein trafikkstasjon for makulering, så dei ikkje blir misbrukt.

  1. Statens vegvesen får automatisk beskjed om at køyretøyet er vraka. 
    Du treng derfor ikkje avregistrere køyretøyet sjølv.
  2. Vi får automatisk beskjed om at bilen er kondemnert/vraka og avsluttar forsikringa.
    Du får melding om at forsikringa blir avslutta frå dagen bilen blei vraka/kondemnert
  3. Skatteetaten utbetaler vrakpant ca 5 virkedager etter at køyretøyet blei vraka på biloppsamlingsplassen.
     

Billån med pant
Viss du har eit billån med pant i bilen (hefte) må du betale ned billånet før du kondemnerer bilen. Kontakt banken (eller panthavar) for å innfri restgjeld på bilen først.
 

Totalskada bil

  • Med toppkasko får du ny bil ved totalskade på bil som er inntil 3 år gammal, så lenge bilen ikkje er køyrd meir enn 100.000 km.
  • Med kasko får du ny bil ved totalskade på bil som er inntil 1 år gammal, så lenge bilen ikkje er køyrd meir enn 15.000 km.

Ved erstatning på totalskada bil som er eldre enn dette, får du som utgangspunkt marknadspris for bilen. Beløpet forsikringsselskapet utbetaler må brukast til å innfri billånet. Viss marknadsprisen er lågare enn billånet, eller du ikkje er dekt for skaden, må du innfri restgjelda. Sjå døme og les meir om totalskadegaranti.