Campingvogn-forsikring
Har du forsikring på campingvogna får du igjen verdien ved brann, tjuveri eller innbrot.
Har du forsikring på campingvogna får du igjen verdien ved brann, tjuveri eller innbrot.
Har du campingbil/bubil? Sjå bubilforsikring
Du betalar 1000 kroner mindre i eigenandel ved skade på campingvogna.
Du kan velje mellom to typar campingvognforsikring. Kasko er den beste forsikringa, og den du bør velje viss du har ei dyr og fin vogn. Delkasko dekker det meste du treng, men har ikkje like mange fordelar som kasko.
Oversikta er rettleiande. For detaljar,sjå vilkår.
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Kor gjeld forsikring? | Dekkes av Kasko | |
Kven gjeld forsikringa for? | Dekkes av Kasko | |
Kva dekker forsikringa? | ||
Brann, tjuveri og hærverk | Dekkes av Kasko | |
Steinsprut og glasskade. | Dekkes av Kasko | |
Veghjelp | Dekkes av Kasko | |
Spikertelt, tilbygg og fortelt | Dekkes av Kasko | |
Ting i campingvogna | Dekkes av Kasko | |
Vass-/fuktskadar | Dekkes av Kasko | |
Skade på eiga campingvogn | Dekkes av Kasko | |
Naturskadar | Dekkes av Kasko | |
Feriegaranti | Dekkes av Kasko | |
Eigenandelar og frådrag | ||
Vel eigenandel sjølv | Dekkes av Kasko | |
Aldersfrådrag | ||
Fleire fordelar og rabattar | ||
Samlerabatt | ||
Steinsprutplaster |
Her kan du laste ned fullstendige vilkår som gjeld viss du kjøper campingvognforsikring i dag.
Har du forsikring på campingvogn hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Du kan forsikre campingvogn på fast plass. Då vil forsikringane hovudsakleg berre gjelde når campingvogna står på fast plass.
Les meir om campingvogn på fast plass.
Viss du skulle vere uheldig å få skade på campingvogna etter påbegynt ferie, blir utgifter til alternativ overnatting erstatta med inntil kroner 1.500 per dag.
Erstatninga gjeld for resterande tal dagar av planlagt ferie (maks 15 dagar).
Vi har sett saman dei viktigaste lovar og reglar for bruk av tilhengar og campingvogn.
Har du hatt uhell eller skade på campingvogna?
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2023 og er samla sett blant Norge sine beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 21 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test utmerkingar
Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.
Ja, har du kasko campingvognforsikring hos oss, er du dekka for alle typar uforutsette fuktskader og vasskadar i campingvogn – både i tak, veggar og golv. Dekning for fuktskade forutset at du har godkjent årleg fuktkontroll frå ein caravanforhandlar autorisert av Norges Caravanbransjeforbund.
Førebygge fuktskadar i campingvogn og bubil
Årleg fuktkontroll
Det er viktig å gjennomføre årleg fuktkontroll, for å oppretthalde garantien og oppdage fukt tidleg. Det er vanleg at fuktkontrollen må takast årleg innan 30 dagar før eller etter registreringsdatoen. Er campingvogna/bubilen registrert 1. juni, må fukttesten takast mellom 1. mai og 30. juli.
Fuktgaranti
Kjenn til fuktgarantien på campingvogna/bubilen din. Den kan variere frå 5 til 12 år. Følg garantiføresetnadane for å sikre ein gyldig garanti. Dokumentasjon på årlege utførte fuktkontrollar er avgjerande.
Fuktsensorar
Vurder å installere ein fuktsensor, som for eksempel Avara Moist, for kontinuerleg overvaking av fukt og tidleg varsling ved lekkasjar. Dette kan bidra til å oppdage fuktproblem mellom dei årlege fuktkontrollane og minimere eventuelle fuktskader.
Eigenkontroll
Utfør jamnleg eigenkontroll ved å sjekke utsette område som rundt luker, bak gardiner, i hjørner framfor og bak, og i bagasjerommet. Oppdagar du fukt, bør du få dette sjekka av ein fagperson for å forhindre ytterlegare skader.
Sjå også
Nei, det er ikkje påbode eller lovpålagt å ha forsikring på campingvogn. Det er bilens ansvarsforsikring som gjeld. Men det er greit å hugse at hvis du krasjar med campingvogna har du ingen forsikring som dekkar skade på din eigen campingvogn.
Har du lån med pant i campingvogna, så vil vi krevje at du har kaskoforsikring på campingvogna.
Har du kasko campingvognforsikring er du dekka mot brann, tjuveri, innbrot, hærverk, kollisjon og utforkøyring. Både campingvogna, fortelt og tilbygg dekkast, samt lause gjenstandar og fastmontert utstyr. I tillegg har du feriegaranti hvis det skulle skje noko med campingvogna i ferien.
Ja, du får kjøpt forsikring for campingvogn på fast plass. Campingvognforsikringa dekkjer også fortelt, spikertelt, fastmontert utstyr og løse gjenstander. Du er dekka ved både brann og tyveri. Les om kva som er dekt av campingvognforsikringa.
Hvis du har bygd spikertelt, platting eller andre campingbygg etter du kjøpte campingvognforsikringen, må du hugse å gi beskjed til forsikringsrådgjevar om dette, så desse også står oppført i forsikringsavtalen din.
Har du campingvognforsikring hjå oss for campingvogn på fast plass vil forsikringa hovudsakleg kun gjelde ved den faste plassen. Unntaket er ved transport i desse tilfella:
Ynskjer du å kjøpe eller gjere endringar på campingvognforsikringa?
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium