ein stor tilhengar med blå presenning står parkert i gata

Tips og råd

Reglar ved kjøring med tilhengar

Her finn du nokre av dei viktigaste reglane du bør kjenne til, viss du har liten erfaring med å kjøre med tilhengar, varehengar og campingvogn.

De viktigaste tilhengarreglane

Førarkort

Hugs at det er det som står i førarkortet ditt som bestemmer kva tilhengar du kan kjøre. 

Med vanleg førarkort klasse B, kan du trekke ein tilhengar med tillatt totalvekt på maks 750 kg. For å trekke hengarar tyngre enn 750 kg må du avlegge ei eiga tilhengarprøve og få påført bokstav E i førarkortklassen (BE, C1E, CE, D1E eller DE).

Les meir om kva tilhengarar du har lov til å køyre.

Kor stor og tung tilhengar kan eg køyre?

Kva for tilhengar du kan køyre avhenger av kva tilhengar du har, kva for type bil du dreg den med og kva førerkort du har. Om du har førerkort klasse B og køyrer ein personbil med tillatt totalvekt* på høgst 3500 kg gjeld følgande reglar:

Tilhengar/varehengar:

Du kan trekke ein tilhengar med tillatt totalvekt på maks 750 kg. For å trekke hengarar tyngre enn 750 kg må du avlegge ei eiga tilhengarprøve og få påført bokstav E i førerkortklassen (BE, C1E, CE, D1E eller DE).
 

Campingvogn

Med campingvogn gjeld andre reglar. Campingvognregelen er enkel; bilens totalvekt + campingvogna si totalvekt kan ikkje overstige 3500 kg.

*Tillatt totalvekt står i bilen og hengaren sitt vognkort. Har du registreringsnummeret kan du også sjekke totalvekta her.

 

Rett kobling

Forsikre deg om at tilhengaren er rett kobla til køyretøyet ditt. Sjekk at alle koblingane er sikra, og at markeringslys og bremsesystema fungerer. Få gjerne nokon til å gå bak til tilhengaren og bekrefte at dei forskjellige markeringslysa fungerer som dei skal.

Kor fort kan eg køyre med hengar?

80 km/t (nye reglar sidan 2022):
Maks hastigheit med tilhengar (både med og utan brems) er 80 km/t.

Sjølv om det er skilta med høgare fartsgrense på vegen du køyre, kan du ikkje køyre fortare enn det som er tillatt for tilhengaren. Tilhengaren har innverknad på bilen sine køyreeigenskapar og påverkar trafikksikkerheita.

100 km/t for Tempo 100-godkjente hengarar
Nokre tilhengarar kan godkjennast for inntil 100 km/t. Ein såkalla Tempo 100-godkjenning - ei eiga teknisk godkjenning hos Statens vegvesen. Hvis tilhengaren blir godkjent for 100 km/t vil du få eit eige godkjenningsdokument som må medbringast under køyring, og eit eige merke som skal monterast på tilhengaren.

Les meir om Tempo 100-godkjenning
 

Svingradius og blindsoner

Med tilhengaren kobla til køyretøyet, vil svingradius og blindsoner endrast. Vær ekstra forsiktig når du bytter fil og svingar, og sjekk alltid blindsonene dine.

Bremselengde

Vær merksam på at bremselengda aukar når du køyrer med tilhenger. Jo meir vekt, jo lengre bremselengde. Hald god avstand til køyretøya framfor deg, og berekn bremselengda deretter. 

Markeringar

Sørg for at tilhengaren er korrekt merka med refleksar, og eventuell markering av lang/brei/høg last. Dette bidrar til betre synlegheit for andre trafikantar, spesielt om natta.

Bruk merkeband på last som stikk ut meir enn ein meter bakover.

Korleis laste tilhengaren?

Trygg og riktig lastsikring er veldig viktig! Last tilhengaren på ein sikker måte og pass på at lasta er jamnt fordelt. Tung last bør plasserast så langt framme (nærme bilen) i hengaren som mogleg. Husk å sikre all last godt på tilhengaren slik at den ikkje forskyver seg eller fell av. Bruk merkeband på last som stikk ut meir enn 1 meter bakover.

Videoen viser kor viktig lastsikring er, og det å fordele vekta i tilhengaren riktig slik at ikkje tilhengaren blir ustabil når du køyrer.

 

Video placeholder image

Må tilhengaren ha vinterdekk på vinterføre?

Ja, det er same krav til vinterdekk på hengaren som det er på bilen. Reglane seier også at du skal minst ha 3 millimeter mønsterdybde der dekket er mest slitt. Er du usikker på om dekka på hengaren er vinterdekk kan du sjå etter teikna «M + S», som står for «mud and snow».

Er forsikring for tilhenger påbode?

Nei, det er ikkje påbode med eiga forsikring på verken tilhengar eller campingvogn. Ved uhell eller skade er det ansvarsforsikring på bilen som gjeld. Men ønsker du å forsikre eigen hengar mot skade og tjuveri må du ha ei eiga kaskoforsikring på hengaren.

Tilhengar-kalkulator

For å få oversikt over bilen og tilhengaren si tillatte totalvekt, sjå Statens vegvesen sin kalkulator.

Fremdeles usikker på reglane?

Før du lastar tilhengaren og køyrer avgarde bør du vere klar på alle reglane. Statens vegvesen har laga ein app som gir deg svar på det meste. Last den ned så er du på den sikre sida.

Har du hatt uhell eller skade med tilhengaren?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }