Vi skil ofte mellom to forsikringskategoriar.
Skadeforsikring og personforsikring.
Skadeforsikring
Kva er skadeforsikring?
Skadeforsikring (også kalla tingforsikring) er forsikring av eigedelar, ting og ansvar som gir økonomisk tap viss skade inntreff. Døme på skadeforsikringar er bil-, hus-, båt- og bunadsforsikring. Både køyretøy-, bustad-, reise- og dyreforsikringar går under kategorien skadeforsikringar.
Kva er personforsikring?
Personforsikring er forsikring av helse og liv som gir økonomisk tap dersom ulykke, sjukdom eller død inntreff. Døme på personforsikringar er barn-, livs- og helseforsikring.
Våre skadeforsikringar
Køyretøy
Tinga du eig med motor eller hjul. Eller begge delar.
Bustad og reise
Dekker bygningane og tinga du oppbevarar i bustad og hytte.
Verdisaker
Har du dyre ting er det verdt å passe ekstra godt på dei.
Dyr
Gjer det enklare å ta vare på den pelskledde vennen din.
Kor mykje samlerabatt får eg?
Vi belønner deg som samlar forsikringane hos oss. Du kan få inntil 15 % samlerabatt på skadeforsikringane dine. Har du i tillegg ein bankavtale, får du 5 % i ekstra rabatt.
- Bilforsikring gir 5 % rabatt
- Bustadforsikringar gir 5% rabatt
- Personforsikringar gir 5% rabatt
- Bankavtale gir 5 % rabatt
Spar miljøet for papir
Samtykker du til at kommunikasjon skjer elektronisk får du eit papirlaust kundeforhold. Det betyr at vi saman sparar miljøet for masse papir. Du har alltid full oversikt over forsikringane dine på nett.
Logg inn og gi ditt samtykke til eit papirlaust kundeforhold.
Blant Norges beste på skadeoppgjer
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2023 og er samla sett blant Norge sine beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 21 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test utmerkingar
Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring
Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.