Båtforsikring

Berekn pris på båtforsikring. Skal du på båtferie og det skjer noko med båten, dekker vi utgifter slik at du kan halde fram ferien.

båt med båtforsikring i Norge ein sommardag
Redning og hjelp 24 timar i døgnet.
Dekker skade på mast, segl, bom og motor.
Dekker skade på båten under transport.

LOfavør Båtforsikring

Kva dekker båtforsikringa?

Skal du kjøpe båt, eller ønsker du å flytte fritidsbåtforsikringa til oss? Du kan velje mellom tre typar båtforsikringar - delkasko, kasko og toppkasko.

Med kasko får du med feriegaranti. Aukar du til toppkasko dekkast også skade på opplagsutstyr, segl og motor.

Oversikta er forenkla.  Sjåvilkår for detaljar. 
 

Kva dekker båtforsikringa?
Om forsikringa Toppkasko Kasko Delkasko
Kvar gjeld forsikringane? Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Kven gjeld forsikringa for? Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Kva dekker forsikringa?
Ansvar Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Rettshjelp Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Førar- og passasjerulykke Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Brann, tjuveri og hærverk Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Naturskade Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Redning båt Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Vrakfjerning Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Personlege eigedelar Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Flytedokk Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes av Delkasko
Feriegaranti Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Skade på eigen båt Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Drivstoff Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Tilhøyrande jolle Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Brot på mast og bom Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Transport og opplag Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Opplagsutstyr Dekkes av Toppkasko Dekkes ikke av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Segl og motor Dekkes av Toppkasko Dekkes ikke av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Avbroten båttur Dekkes av Toppkasko Dekkes ikke av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Ny båt ved totalskade Dekkes av Toppkasko Dekkes ikke av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Eigenandeler
Vel eigenandel sjølv Dekkes av Toppkasko Dekkes av Kasko Dekkes ikke av Delkasko
Kundefordelar og rabattar
Samlerabatt
Sikkerheitsrabatt
Båtførarkurs


Båtforsikring vilkår og IPID

Fullstendige vilkår

Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper fritidsbåtforsikring i dag.

Har du båtforsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg. 

Kva er IPID?


Kjekt å vite om båt og båtforsikring

Når du eig ein båt er det ein del ting det kan vere kjekt å vite, så du ikkje får ubehagelege overraskingar viss noko skulle skje.
Eigenandel

Eigenandel

Eigenandelen vel du når du kjøper båtforsikring. Du kan velje mellom eigenandel på 4.000, 7.000 og 10.000 kroner.

For båtberging/redning er eigenandelen fast på 750 kroner.

Ansvarsforsikring på båt er ulik den på bil

Når du køyrer bil har du eit lovpålagt ansvar for skadar du påfører andre. Det betyr at viss ein bil skadar nokon eller noko, spør ein ikkje kven som er skuld i skaden. Bilen er årsak til skaden, og du som køyrer bilen er ansvarleg.

Dette er heilt annleis for båt. Der er du som båteigar kun erstatningsansvarleg viss du har vore aktlaus eller har direkte skuld i skaden.

To eksempel:

  • I ein storm veltar båt A under opplag og skadar båt B. Eig du båt A blir du ikkje ansvarleg for skadane på båt B, sidan årsaka er vêret og vinden. Eigar av båt B må dekke skadar på eigen båt.
  • Båt C kolliderer med båt D. Årsaka er teknisk feil på båt C og eigar av båt C er difor ikkje ansvarleg for skadar på båt D. Eigar av båt D må dekke skadar på eigen båt.

Dei to eksempla viser kvifor det er så viktig å ha kaskoforsikring, sidan du som båteigar i fleire tilfelle må betale for skadar på din eigen båt – sjølv om skaden ikkje er di skuld. Har du kaskoforsikring hos oss får du dekt denne typen skadar.

Vinteropplag av båten

Viss du skal vinterlagre båten, kan det vere kjekt å vite at vi har noko som heiter sesongvariert pris på båtforsikringa vår. Avsluttar du forsikringa utanom hovudforfall, avreknast prisen for det tidsrommet forsikringa har vore i kraft. Det betyr i praksis at prisen er langt billegare i vintermånadane enn i sommarmånadane.


båt i kran som setje i båtkrybbe for vinterlagring

Rabatt ved skadeførebygging

Dersom du kan svare «Ja» på desse 4 spørsmåla når du kjøper båtforsikring, gir vi deg 5 % rabatt per sikkerhetstiltak (inntil 20 % rabatt):

  • Har båten FG-godkjent søke- og gjenfinningssystem installert?
  • Har båtførar kystskipper eller fritidsskippereksamen?
  • Er motor og skrog merka med securemark?
  • Har båten installert ekstra flytesystem som til dømes antisink?

Usikker på kva du svarte då du kjøpte båtforsikringa? Logg inn til di båtforsikring og sjå svara i forsikringsbeviset.

Ønsker du ekstra tryggleik gir SmartBoat One deg full kontroll over båten din rett frå mobilen. Sensorar overvakar båten, gir deg oversikt og varslar om noko skulle skje. Les meir om SmartBoat One.

Båtforsikring med feriegaranti

Viss du skulle vere uheldig å få skade på båten etter påbegynt ferie, erstattast utgifter til leigebåt, leigebil og alternativ overnatting med inntil kr 1.000 kroner per dag (kasko) og 1.500 kroner per dag (toppkasko).

Erstatninga gjeld for restrerande tal dagar av planlagt ferie (maks 10 dagar for kasko og 15 dagar for toppkasko).

Din første båttur for sesongen?

Den første turen kan by på overraskingar som tett drivstoffilter, dieseldyr i tanken eller andre ureinheiter i drivstoffet. Dette kan få motoren til å stoppe, som igjen kan føre til farlege situasjonar.

Før du legg ut på båttur har vi eit par anbefalingar:

  • La den første båtturen for sesongen vere ein prøvetur innaskjærs.
  • Sjekk vêrmeldinga.
  • Meld ifrå kor du skal og kor lenge du skal vere borte.
  • Hugs redningsvest, dregg og mobiltelefon.
  • Ha alltid brannsløkkar/brannteppe i båten.
  • Kjem du i nød, ring 120 eller 112.

Leige ut båten

Du kan leige ut båten i inntil to månadar i året utan at det kostar noko ekstra. Hugs å informere oss ved utleige.

Norges beste båtforsikring

Vår båtforsikring er kåra til den beste av våre kundar. Basert på erfaringar og kundeomtalar av 29 forskjellege båtforsikringar har vår blitt kåra til den kundane er mest fornøgde med. Vårt forsikringsselskap Fremtind scorer best totalt sett og på kundeservice, mest anbefalte og beste skadeoppgjer.

Les våre best i test utmerkingar

Båtforsikring-kalkulator

Ønsker du å få pris før du kjøper forsikring? 

Forsikre båthengar?

Med kasko eller toppkasko er båten forsikra når den vert transportert på hengar, men kva med forsikring av sjølve hengaren?

Med forsikring av båthengaren er du dekt for skadar som følge av brann, tjuveri, samanstøyt, utforkøyring, velting og hærverk, samt transport av skada tilhengar til verkstad. 


Har du hatt uhell eller skade?


Kva lurer andre på?

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2023 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 21 andre forsikringsselskap.   

Les om våre best i test-utmerkingar

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.