bønder som jobbar på ein berekraftig gard

TIPS OG RÅD

Kjøpe båt | Ei kjekk sjekkliste

Det er mykje å tenke på når du skal kjøpe båt. Lån, forsikring, båtkontrakt, båtplass, vinterlagring osv. Vi har samla nokre tips og råd som kan vere greitt å ha med seg for deg som skal kjøpe båt. 

1. Sjekk båtregistera

Før du kjøper båt kan det vere lurt å sjekke med båtregistera om det er heftelsar, pant eller anna registrert på båten.

Småbåtregisteret
Først bør du sjekke om båten er registrert i småbåtregisteret.  Der får du oversikt over eigarforhold og om båten har vore meldt stolen.

Skipsregisteret
Fritidsbåtar over 15 meter må vere registrert i skipsregisteret. For fritidsbåtar mellom 7-15 meter er det frivillig å registrere. Sjekk om båten er registrert i Skipsregisteret. I Skipsregisteret kan det vere registrert pant i båten. Dersom båten er registrert, må du hugse å registrere eigarskifte her.

Heftelsar/pant
Igjennom kontrakten bør du forsikre deg om at seljar slettar pant herfrå når du har overtatt båten. Det kan også vere lurt å sjekke med Løsøreregisteret i Brønnøysund om det er utlegg eller pant i båten.

2. Sjekk papira som følger båten

Det er fleire papir som bør følge båten. Er desse papira i orden når du kjøper båten, er det også lettare å få selt båten når den dagen kjem. 

Skrognummer og CE-merka båt
CE-merka båt er eit garantistempel for tryggleik, og gir ein garanti for at båten er produsert  i samsvar til strenge krav til helse, miljø og tryggleik. Ein føresetnad for CE-merking er at båten har eit skrognummer (WIN-kode) prega i skroget. Sjekke at båten har eit skrognummer. Dette nummeret gir svar på kven som har produsert båten og når den blei produsert. Skrognummeret skal du finne under fenderlista på akterspegelen på styrbord (høgre) side.

Motornummer og Securmark-nummer
Sjekk at motornummeret stemmer med papira som følger båten. Har du både skrognummer, motornummer og Securmarknummer (for båt og motor) kan du kontakte Securmark, så kan dei kvalitetssikre kjøpet for deg.

Samsvarserklæring
Samsvarserklæringa er produsenten si erklæring på at alle krav er følgt. Samsvarserklæringa skal følge brukarhandboka som følger med båten.

3. Hent informasjon og prisar 

Jo meir informasjon du har om båten jo betre val kan du ta. Det er lurt å lese testar og søke etter informasjon om båten på nettet.

Få hjelp til å vurdere båten før du kjøper
Få hjelp av ein fagkyndig person til å gå over båten saman med deg før du kjøper. Ein fagkyndig veit fort kva hen skal sjå etter, og kan avdekke feil og manglar det er umogleg å få auge på sjølv. Avdekkast det feil, kan det spare deg for både tid og pengar. 

Samanlikne prisar
Like båtar kan variere mykje i pris. Hugs å ta høgde for ekstrautstyr, slitasje og kor mange timar motoren har gått.

4. Skriv kjøpekontrakt

Når du har bestemt deg for kva båt du har tenkt til å kjøpe er det veldig lurt å skrive kontrakt. Det anbefalast at kontrakta fyllast ut i fellesskap mellom seljar(ar) og kjøpar(ar).

Kjøpekontrakt båt
Forbrukerrådet har laga ei oversikteleg og god kontrakt. Du kan velje mellom å:

  • laste ned kontrakten i PDF, fylle ut felta, printe ut og signere
  • fylle ut digital kontrakt med digital signering
    Kvar signatur kostar 20 kr og betalast med Vipps av den som opprettar kontrakten.

Etter utfylling bør kontrakten lesast nøye igjennom av begge partar og signerast. Begge partar bør behalde ein signert kopi kvar.

5. Låne, refinansiere eller kjøpe

Dei færraste tener pengar på å eige ein båt, og det er surt å sitte igjen å betale på ein båt i etterkant av at båten er seld igjen. Det finst fleire måtar å finansiere ein båt på.

Båtlån
Vi gir båtlån utan skipspant til båtar under 7 meter. Båtar over 7 meter kan registrerast i Skipsregisteret, medan båtar over 15 meter registrerast i Skipsregisteret. Registrerer du båten din i Skipsregisteret kvalifiserer du til lån med skipspant og du vil også få gunstigare lånevilkår. Båten er sikkerheit for lånet, og må derfor vere kaskoforsikra

Refinansiering eller flexilån
Ein annan måte å finansiere båten på er å refinansiere bustadlånet, slik at du bygger båtlånet inn i bustadlånet. Då anbefaler vi å auke innbetalingane i tilsvarande periode som du normalt ville hatt for eit båtlån, elles kan du sitte igjen med å betale meir for båten enn ved eit vanleg båtlån. Ein annan måte å "bake" båtlånet inn i bustadlånet på, er via eit flexilån.

Tips!
Det kan vere smart å betale ned på lånet i takt med verdifallet på båten, slik at du ikkje sit igjen med restgjeld den dagen du skal selje.


6. Forsikring av båten

Ting skjer. Ikkje minst på sjøen. Heldigvis kan du forsikre deg både mot uhell og ubudne gjestar, redning og ferieavbrot. Du kan velje mellom delkasko, kasko og toppkasko. Bruk vår båtforsikring-kalkulator så får du pris på båtforsikringa før du kjøper.

  • Delkasko
    dekker ansvar, førar og passasjerulykke, brann, tjuveri og innbrot.
  • Kasko
    dekker i tillegg samanstøt, kantring, grunnstøting, synking, brot på mast, feilfylling av drivstoff og ferieavbrot.
  • Toppkasko
    dekker i tillegg skade på segl, motor og opplagsutstyr, jolle, samt ny båt ved totalskade.

 

Sjå oversikt over kva dei ulike båtforsikringane dekker

 

Veit du kva båt du skal kjøpe?

7. Båtplass og registrering

Søk på nettet eller oppsøk ei hamn eller båtforeining der du kan tenke deg å ha båten din. Populære hamner har ofte lange ventelister, men det kan finnast moglegheiter likevel. 

Båtplass
Du finn mykje informasjon på nettet, men det er ikkje alltid oppdatert informasjon. Det kan vere lurt å ta direkte kontakt med båtforeininga/-hamna der du ønsker deg båtplass. Sjølv om båtforeininga informerer om full hamn og venteliste, kan det vere medlemmar som har framleige av eigen plass. Sett deg godt inn i hamnereglar, vedtekter, vaktinstruks og anna relevant informasjon. Det kan vere lurt å velje ei hamn som har vaktordning, låsbar grind mot brygga osv. 

Registrer båten eller meld eigarskifte
Mange båtforeiningar og hamner krev at båten er registrert og forsikra for å få leige/eige båtplass eller legge til i gjestehamn. Hamna eller andre båteigarar kan ha behov for å kome i kontakt med deg som eig båt. Registrerte båtar vil ha synleg registreringsnummer, som gjer det enklare å kome i kontakt med deg. Vi anbefaler å registrere og forsikre båten din. Er båten din allereie registrert må du melde eigarskifte:

 

8. Opplag og vinterlagring

Når du vel ei hamn der du kan eige eller leige plass til båten må du finne ut korleis du ønsker å lagre båten gjennom vinteren. Skal du velje utandørs- eller innandørslagring? Er det billigare med opplag der du har hamn eller ein annan stad i nærleiken?

Innandørslagring
Innandørslagring er som regel litt dyrare for lommeboka, men det er mange fordelar.

  • Båten står skjerma for vêr og vind.
  • Den kan stå mindre tilgjengeleg for tjuveri.
  • Du slepp å dekke til båten på same måte som når du har båten ståande ute. 
  • Når båten står varmt og tørt får du også større moglegheit til å drive med vedlikehald av båten heile året. 

Utandørslagring
Ved utandørslagring er det veldig viktig å sikre båten for vêr og vind. Vel ei stødig båtkrybbe og stativ til å ha båten på. Presenningar av dårleg kvalitet må ofte bytast ut kvart år, men dei av god kvalitet vil vare i fleire år. Det er viktig å sikre presenningen godt. Viss presenningen blir ståande og blafre heile vinteren er det større sjanse for at den blir slitt ut.

Alternativet til presenning er krympeplast. Men hugs at både presenning og krympeplast kan revne, tau kan ryke osv. så det er viktig å jamleg sjå til båten over heile vinteren.

9. Vedlikehald og vårpuss

Du får mykje igjen for å vedlikehalde båten. Redningsselskapet har nokre gode råd for vedlikehald før båten vinterlagrast og for vårpussen før du set båten på sjøen igjen:

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }