Kva er den billegaste av båtforsikringane?

Minikasko er vår billegaste båtforsikring. Den dekker meir enn ansvar, brann, tjuveri, redning, vrakfjerning og lausøyre i båten.

Kasko
Dersom du ønsker å vere dekka for skadar på eigen båt som følgje av til dømes samanstøyt, kantring, grunnstøting og senking må du velje kasko båtforsikring. 

Toppkasko
Ønsker du i tillegg dekning for skadar på segl og motor, feriegaranti, tilhøyrande jolle og skade på opplagsutstyr må du velje toppkasko.


Billegare båtforsikring?
Ønsker du å gjere båtforsikringa billegare, er det fleire ting som gjer at prisen på kaskoforsikringane blir lågare:

  • Jo høgare eigenandel du vel, jo billegare båtforsikring
  • Om ingen under 23 år skal køyre båten
  • Om du er medlem i redningsselskapet
  • Om du har fritidsskipparsertifikat eller høgare
  • Om båten ligg i hamn med organisert vakthald
  • Om båten er merka med securmark
  • Om båten har installert FG-godkjent gjenfinningssystem
     

Pris som følgjer sesongen
Hvis du skal vintrelagre båten, kan det vere kjekt å vite at vi har noko som heiter sesongvariert pris. Avsluttar du forsikringen utanom hovudforfall, avregnast prisen for det tidsrommet forsikringen har vore i kraft. Det betyr i praksis at prisen er langt billegare i vintermånadane enn i sommarmånadane. Les meir om sesongvariert pris.
 


Kvifor kaskoforsikring på båt?

Visste du at ansvarsforsikring på båt er annleis enn på bil? Når du køyrer bil har du eit lovpålagt ansvar for skadar du påfører andre. Det betyr at om ein bil skadar nokon eller noko, spør ein ikkje kven som er skuld i skaden. Bilen er årsak til skaden, og du er dermed ansvarleg. Dette er heilt annleis med båt. Der er båteigar kun erstatningsansvarleg om ein har vore uaktsam eller har direkte skuld i skaden.

Sjå eksempel på dette

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }