Bustadseljarforsikring
(tidl. eigarskifteforsikring)
Sel du bustaden din via EiendomsMegler 1* kan vi tilby deg å kjøpe bustadseljarforsikring. Forsikringa gir tryggleik til deg som skal selje.
(tidl. eigarskifteforsikring)
Sel du bustaden din via EiendomsMegler 1* kan vi tilby deg å kjøpe bustadseljarforsikring. Forsikringa gir tryggleik til deg som skal selje.
*gjeld EiendomsMegler 1 Midt-Norge, EiendomsMegler 1 Nord-Norge, EiendomsMegler 1 Innlandet, EiendomsMegler 1 SR-Eigedom, EiendomsMegler 1 Ringerike Hadeland, EiendomsMegler 1 Telemark, EiendomsMegler 1 Sørøst-Norge, Z-Eigedom og EiendomsMegler 1 Oslo og Akershus.
Bustadseljarforsikring (tidlegare kalla eigarskiftforsikring) dekker ditt ansvar for feil og manglar i samsvar med avhendingslova når du sel brukt hus, hytte, leiligheit eller tomt.
Oversikta er forenkla. For detaljar, sjå vilkår.
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Kven gjeld forsikringa for? | ||
Når gjeld forsikringa? | ||
Kva dekker husforsikringa? | ||
Økonomiske krav frå kjøpar | Dekkes av Bustadseljarforsikring | |
Juridisk bistand ved klage frå bustadkjøpar | Dekkes av Bustadseljarforsikring | |
Eigenandel | ||
Eigenandel | Dekkes av Bustadseljarforsikring |
Bustadseljarforsikring gir tryggleik til deg som skal selje eigedom. Mange kjenner ikkje til kva som skjuler seg av feil og manglar i ein bustad eller eigedom, og det er heller ikkje alt ein bygningssakkyndig (takstmann) kan avdekke.
Alle krav og klager på bustaden i etterkant av overtakinga vil bli handsama av forsikringsselskapet vårt Fremtind og deira juristar. Du kan fokusere på framtida.
Når du har inngått ein avtale med Eiendomsmegler 1* om sal av bustaden din, må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. I dette skjemaet får du tilbod om å kjøpe bustadseljarforsikring. Eiendomsmeglaren kan gi deg ein førebels pris på bustadseljarforsikring basert på bustadens prisantydning.
Eiendomsmeglaren hjelper deg med å bestille ein bygningssakkyndig (tidlegare kalla takstmann) som vil gå gjennom bustaden din og utarbeide ein tilstandsrapport. Tilstandsrapporten er viktig for å avdekke eventuelle feil eller manglar ved bustaden, og sørger for ein transparent og tryggare bustadhandel. Den endelege prisen på forsikringa avheng av bustadens salsbeløp og fastsettast etter salet.
Forsikringa vert levert av Fremtind Forsikring.
Avhendingslova - enkelt forklart
Typiske klager ved overtaking av bustad
Fristane for å klage på bustadkjøpet
Kva skal til for å få prisavslag på kjøpet?
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Har du bustadseljarforsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Har du fått klage og krav frå bustadkjøparen?
Våre saksbehandlarar handterar krav mot deg.
Nei, det å selje eit hus, leilegheit eller hytte utan tilstandsrapport er valfritt. Altså, det er frivillig å ha med tilstandsrapport. Det er likevel sterkt anbefalt fordi denne gir auka sikkerheit for både seljar og kjøpar, samt reduserer sannsynet for konflikt i ettertid.
Tilstandsrapporten er viktig for å avdekke eventuelle feil eller manglar ved bustaden, og sørger for ein transparent og tryggare bustadhandel. Utan tilstandsrapport vil kjøparen kunne rette krav direkte mot deg, viss vedkommande finn feil eller manglar på bustaden, som ikkje er dokumentert. Tenk deg sjølv om du skulle kjøpt eit hus eller hytte utan å få vite heile tilstanden på bustaden.
Viss du ønsker å kjøpe bustadselgarforsikring er det krav om forskriftsmessig tilstandsrapport (følger med ved kjøp av bustadselgarforsikring).
Kva inneheld ein tilstandsrapport?
Ein tilstandsrapport skal mellom anna innehalde tilstand og dokumentasjon på:
Kor lenge er ein tilstandsrapport gyldig?
Tilstandsrapporten er gyldig i 12 månadar frå datoen bygningssakkunnig har vore på befaring. Viss det tar meir enn 12 månadar å selje bustaden, må ein bestille ny tilstandsrapport for at denne skal vere gyldig.
Kva kostar ein tilstandsrapport?
Prisen på ein tilstandsrapport varierer. Normalt ligg prisen på mellom 8.000 - 15.000 kroner, men kan også koste meir. Prisen avheng mellom anna av:
Alle som skal selje bustad (hus, leilegheit og hytte) eller tomt må fylle ut eit eigenerklæringsskjema. Denne eigenerklæringa skal fortelje dei som ønskjer å kjøpe bustaden mest mogleg om tilstanden på bustaden. Eksempel på ting ein blir spurt om i eigenerklæringsskjemaet er:
Eigenerklæringa (saman med tilstandsrapporten og salgsoppgåva) skal gi kjøparen grundig dokumentasjon på bustaden. Ved feil, uriktige eller tilbakehaldne opplysningar om bustaden i eigenerklæringsskjema kan du som seljar både bli ansvarleg ovanfor kjøpar og forsikringsselskapet.
Utfylling av eigenerklæringsskjema
Bustadseljarforsikring dekkar seljaren sitt ansvar for feil og manglar i henhald til avhendingslova.
Enkelt forklart så kan vi seie at bustadseljarforsikringa dekkar dei feila og manglane som både:
Ved feil eller manglar som innfrir alle krava over, dekkar bustadseljarforsikring både:
Sjå også
Kva skal til for at bustadkjøparen får prisavslag?
Kva kostar bustadseljarforsikring?
Klage ved overtaking av bustad
Prisen på bustadseljarforsikringa blir rekna ut med ein promillesats av salssummen på bustaden Promillesatsen avhenger av bustadtype.
Bustadtype | Kostnadssats | Min. | Maks. |
Andels- og aksjeboliger (inkl. einebustad og hytte) | 2,5 ‰ | 4.200 kr | 31.000 kr |
Sjølveigarleilegheit, eigarseksjon og fritidsleilegheit | 4,3 ‰ | 6.500 kr | 37.000 kr |
Einebustad (også seksjonert), rekkehus og to-/fleirmannsbustad med eige gnr/bnr |
5,6 ‰ | 12.000 kr | 62.000 kr |
Hytte/fritidsbustad (frittståande og rekke) med eige gnr/bnr |
6,2 ‰ | 9.600 kr | 62.000 kr |
Tomt | 5,6 ‰ | 10.000 kr | 62.000 kr |
For eksempel kostar bustadseljarforsikring for ein einebustad 5,6 promille av salssummen for bustaden. Altså, sel du bustaden din for 3.000.000 kroner, vil bustadseljarforsikringa koste 16.800 kroner. Maksprisen er 62.000 kroner viss du sel ein veldig dyr einebustad. Prisen er ein eingongssum som dekker heile ansvarsperioden på 5 år.
Du betaler ingenting før bustaden din er seld. Prisen vert trekt ifrå salsoppgjeret for bustaden.
Kontakt din EiendomsMegler 1* meklar for å få ei verdivurdering av bustaden din, og dermed ein cirka-pris på bustadseljarforsikring for din bustad.
*gjeld EiendomsMegler 1 Midt-Norge, EiendomsMegler 1 Nord-Norge, EiendomsMegler 1 Innlandet, EiendomsMegler 1 SR-Eigedom, EiendomsMegler 1 Ringerike Hadeland, EiendomsMegler 1 Telemark, EiendomsMegler 1 Sørøst-Norge, Z-Eigedom og EiendomsMegler 1 Oslo og Akershus.
Frå 2022 kom det ein del endringar i avhendingslova. Blant endringane som kom var at bustadkjøpar får ein eigenandel på 10.000 kroner. For deg som bustadseljar er det ingen eigenandel ved bruk av bustadseljarforsikringa. Men kva betyr dette i praksis?
Eigenandelen gjer at bustadkjøparen sjølv må dekke det det kostar å fikse feil eller manglar som kjem på under 10.000 kroner. Krev kjøparen meir enn dette i prisavslag, vert eigenandelen trekt frå det totale kravet.
Her er eit par eksempel for å gjere det tydelegare:
Sjå også
Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.