Kva skal til for å få prisavslag på bustadkjøpet?

Bustadssalg går ikkje alltid etter planen, og som bustadkjøpar kan du klage viss du er misfornøgd med kjøpet. Men kva skal eigentleg til for at du får prisavslag på bustadkjøpet?

Du kan kun krevje prisavslag når det finst ein  mangel ved eigedomen. Veldig enkelt kan vi seie at ein mangel er avstanden mellom det du forventa å få, og det du faktisk fekk. Med andre ord: Viss eigedomen har ein lågare standard enn du kunne forvente, er dette ifølgje avhendingslova ein mangel.

Samtidig er det ikkje automatisk ein mangel ved bustaden sjølv om forventningane dine ikkje blir innfridd. Avhendingslova stiller strenge krav til kva du skal ha fått med deg før du kjøpte eigedomen. Dette gjeld spesielt det som står i salgsdokumentasjonen (som for eksempel tilstandsrapporten, salgsoppgåva eller eigenerklæringa frå seljaren), men òg det som var synleg på visning, eller informasjon du fekk av seljaren, meklar eller bygningssakkyndig (takstmann).

Vi skjønnar at dette kan vere litt forvirrande. Vi har difor sett opp ei liste med punkt som skal gjere det enklare for deg å vite når du kan klage – og når du ikkje kan klage.
 

Kan eg klage?
Det er mykje informasjon det er forventa at du skal kjenne til når du kjøper bustad. Tre av tinga du skal kjenne til er:

  1. Bustaden si levetid
    Ingenting lev evig, heller ikkje bygningsdelar. Når du kjøper ein brukt bustad må du forvente at det kan vere skader på bygningsdelane fordi dei er gamle. Dette er ikkje alltid nemnt konkret i salgsrapporten eller liknande, nettopp fordi det er ei kjend sak at gamle ting kan gå i stykker. Eksempel kan vere fuktskader som dukkar opp fordi baderom, yttertak, drenering eller ei kledning har gått ut på dato.
  2. Slitasje på bruktbustad
    Du kan ikkje forvente at ein bruktbustad har same standard som ein ny. Fleire ting vil vere meir slite, og overflater har merker etter bruk. Eksempel kan vere flekkar, skraper, bulkar, rifter og så vidare på ulike overflater. Det kan også vere at ting som at varmepumpa fungerar dårlegare enn då den var ny, og det kan mangle handtak, knaggar, knappar eller liknande.
  3. Når bustaden blei bygd
    Kravene til ein bustad bygd i for eksempel 1955 var mykje lågare enn krava som blir stilte til ein bustad i dag. Materiala og byggteknikkane som blei brukt den gong var også ofte dårlegare enn dagens. Eksempel kan vere at bustaden ikkje er isolert, eller er dårlegare isolert enn nyare bustader, at bustaden ikkje er godt nok sikra mot skadedyr som mus, eller at vatn- og avløpsrøyr ikkje er sikra mot lekkasjar.

Det kan med andre ord vere vanskeleg å få prisavslag viss det du klagar på står i desse punkta, nettopp fordi lova stiller så store krav til deg som bustadkjøpar.

Vi skjønar godt at det kan vere vanskeleg å få oversikta over absolutt alt når du kjøper bustad. Har seljaren bustadseljarforsikring hos oss, kan du melde krav til Fremtind, så ser dei på saka di!

 

Sjå også

Vanlege klager ved overtaking av bustad
Kva er fristen for å klage på bustadkjøpet?
Kva er eigenandelen på bustadseljarforsikringa?

 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }