Ved overtaking av bustad er det ikkje heilt uvanleg at det oppstår ueinigheiter. Vi har samla nokre av dei vanlegaste klagene som oppstår ved overtaking av hus, leiligheit og hytte. Kva rettar har kjøpar, og kva ansvar har seljar ved overtaking?
Hol og skruar i veggen
Skruar og hol i veggen er ganske vanleg ved overtaking av ein bustad. Det same gjeld også fargeforskjellar der det tidlegare har hengt bilete, hyller eller stått møblar. Slike hol og fargeforskjellar reknast som normal slitasje i ein bustad.
Avhendingslova seier at bustadar skal overleverast «rydda og reingjort», men det betyr ikkje fiksing av hol og skruar i veggen, eller utjamning av slike fargeforskjellar. Det betyr at det ikkje er krav til seljar om å fikse dette, med mindre det er spesielt nemnt i kontrakta.
Lover ved sal av brukte og nye bustadar
Ved sal av brukte bustadar er det avhendingslova som gjeld. Denne lova er ikkje ny, men det kom mange nye endringar i 2022. Vi har sett saman dei viktigaste hovudpunkta, så du skal sleppe å kunne lova frå perm til perm.
NB! Sal av nybygde bustadar følger bustadoppføringslova.
Ikkje godt nok vaska
"Reint" for seljar er ikkje alltid "reint nok" for kjøpar, og då kan det oppstå konfliktar ved overtaking. Seljaren har lovpålagd plikt til å reingjere bustaden grundig før overtaking. Vanlegvis vil meklar kunne seie noko om flyttevasken er god nok.
Nokre bustadseljarar vel å bruke eit profesjonelt vaskebyrå, og då må vaskebyrået normalt «ta støyten» dersom kjøpar klagar på kvaliteten på reingjeringa.
Kvitevarene er borte/øydelagde
Overtakingsdatoen er her, og du møter meklar og seljar for å overta bustaden og fylle ut overtakingsprotokoll. Men vent, kjøleskapet og vaskemaskina som du trudde skulle følge med, har seljar tatt med seg.
Den nye standarden i lausøyrelista (ny i 2020) er at frittståande kvitevarer ikkje følger med. Unntaket er viss det står noko anna i salsoppgåva, eller at det har blitt sett som forbehold at dei skal følge med buet.
Viss du overtar ein bustad med defekte kvitevarer, kan du klage til bustadseljaren. Men det kan vere greitt å hugse på at du som bustadkjøpar har ein eigenandel på 10.000 kroner ved manglar i bustaden, i henhald til avhendingslova.
Bruk av bustadseljarforsikring
Bustadseljarforsikring er ein ansvarsforsikring som dekker alle krav og manglar som bustadkjøpar kan retta mot bustadseljar, i samsvar med avhendingslova. Forsikring skal gi tryggleik til både kjøpar og seljar. Bustadkjøpar kan stille krav ved avvik/manglar heilt ned til 10.000 kroner.
Du flyttar inn i den nye bustaden og merker at platetoppen (som eksempel) ikkje fungerer. Dessverre er det slik at du som bustadkjøpar (i samsvar med avhendingslova), har ein "eigenrisiko" på 10.000 kroner. Det vil seie at du ikkje har krav på å få erstatta feil under 10.000 kroner, sjølv om bustadseljar ikkje har overhalde opplysningsplikta si.
Før du går i gong med ein klageprosess, er det tre ting du bør finne ut av:
Er det dokumentert i salsoppgåva at platetoppen er defekt?
Kva er forventa tilstand på platetoppen ut ifrå type, alder og synleg slitasje?
Er noverdien på platetoppen over 10.000 kroner?
Det bur allereie "nokon" her
Insekt som for eksempel skjeggkre og sølvkre har blitt ganske vanlege i norske bustadar Du som bustadkjøpar kan sjølv ha tatt med desse frå den gamle bustaden din via pappøskjer, møblar eller oppbevaringslager. Men dersom du meiner at desse allereie var i bustaden ved overtakinga, er det to ting du bør vite når du klagar:
Send inn klage (reklamasjonsfristen her er 3 månader etter overtaking) før du får fastslått at insekta allereie var i bustaden ved overtaking, ved hjelp frå ein skadedyrspesialist.
Kjekt å vite:
I samsvar med avhendingslova har du som bustadkjøpar krav på å få dekka kostnadar (over 10.000 kroner) til å bli kvitt desse, men ikkje verditapet som følge av sjenerande insekt.
Bustaden er mindre enn opplyst
Du har kjøpt draumebustaden, gått nøye gjennom prospektet og planlagt korleis du skal innreie dei romslege 100 kvadratmeterane. Ved overtaking oppdagar du at huset faktisk berre er 90 kvadratmeter.
Dette kan følast både skuffande og frustrerande, men det er dessverre eit vanleg døme på arealavvik (arealsvikt). Då avhendingslova blei oppdatert i 2022, kom det også strengare reglar for arealavvik. Du kan ha rett på å krevje kompensasjon dersom arealavviket er meir enn 2 prosent (minimum 1 kvm).
Større feil og manglar
Skulle du oppdage større feil eller manglar etter overtakinga, bør du lese nøye igjennom salsoppgåva for å sjå om det er dokumentert. Ta kontakt med meklaren som selde deg bustaden dersom du er i tvil, så vil hen vanlegvis hjelpe deg.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}