Fristen for å klage på eit bustadkjøp er kortare enn mange trur. Hvis du har funne ein feil eller mangel er det viktig at du klagar så raskt som mogleg. Det finst to klagefristar (reklamasjonsfristar) du må kjenne til når du kjøper bustad.
Den første fristen bestemmer kor raskt du må reagere når du først har funne ein mangel. Den andre fristen bestemmer kor lenge du generelt sett har moglegheit til å klage på bustadkjøpet. Den første fristen er kanskje den viktigaste for dei fleste, men det er likevel nyttig å vite forskjellen på dei to:
- Klagefrist når du har funne ein mangel
Viss du meiner du har funne ein mangel og vil klage må du gjere dette innan 2-3 månadar. Det er dette lova kallar å klage «innan rimeleg tid». Går det meir tid enn dette frå dagen du fann mangelen, kan du miste moglegheita til å klage. - Den absolutte klagefristen
Denne fristen fortel deg kor lenge du har moglegheit til å klage på bustadkjøpet, og er på 5 år frå datoen då seljaren godkjente budet ditt. Fristen betyr ikkje at du har 5 år på deg til å sende inn klage når du faktisk finn ein feil, då er det fristen på 2-3 månadar frå punktet over som gjeld.
Forskjellen på dei to fristane er enklast å vise med eit par dømer:
- Viss du finn ei mangel til dømes fire år etter at du kjøpte bustaden, har du maks 2-3 månadar på deg til å sende inn klaga. Finn du derimot ein mangel til dømes seks år etter kjøpsdatoen, har du ikkje lenger moglegheit til å klage på mangelen – uansett.
- La oss sei at du finn ein mangel etter til dømes to år, men ventar 4 månadar med å sende inn klaga di. Då mistar du moglegheita til å få prisavslag fordi du venta for lenge med å klage.
Kvifor finst det klagefristar (reklamasjonsfristar)?
Dei to klagefristane fungerer som ein slags «ordensregel» for kjøparen og selgaren. Fristane gir føreseielegheit for begge partane, og gjer klageprosessen meir effektiv – det går rett og slett raskare å ordne opp i klagesaker.
Kjøparen får eit passe romsleg pusterom når dei klagar, medan bustadselgaren og forsikringsselskapet mellom anna veit at kjøparen ikkje kan klage på kjøpet når det har gått fem år. Det kan vere krevjande å stå i prosessar som dette, men fristane gjer at alle veit kor lenge dei må forhalde seg til ein mogleg klage.
Fristane gir også deg som bustadkjøpar tid til å orientere deg viss det dukkar opp ein mangel. Når du har 2-3 månadar på å klage, kan du høyre med handverkar eller andre fagfolk viss du treng det, og du kan finne ut kor mykje det eventuelt kostar å fikse mangelen.
Samtidig gir fristane moglegheita for begge partar til å sikre bevis, og til å skaffe dokumentasjon. Også her er fristene nyttige. Etter kvart som tida går vil kjøpar, seljar og andre involverte gløyme kva som blei avtalt, og det kan bli vanskelegare å finne att dokument, bilete, SMS-ar og liknande. Når det finst ein reklamasjonsfrist blir sjansen mindre for at desse tinga forsvinn.
Sjå også:
Vanlege klagar ved overtaking av bustad
Kva skal til for å få prisavslag på bustadkjøpet?
Kva er eigenandel på bustadselgarforsikringa?