Skadedyr-forsikring

Har du fått besøk av skadedyr eller insekt i huset? Både hus- og innbuforsikringa vår har dekningar som kan hjelpe deg med å få bukt med dei små plageåndene.

skjeggkre som lever sine siste dagar då eigarane har innbuforsikring topp

Skjeggkre

Innbuforsikring topp har dekning mot skjeggkre og dekker bekjemping av desse med inntil 150.000 kroner. Skjeggkre gjer ingen skade på bygningar eller menneske, og blir ikkje sett på som skadedyr. Skjeggkre er derfor ikkje dekka av husforsikringa.

Har du oppdaga skjeggkre i bustaden din?

Mus og rotter

Det er særleg i vintermånadane, når mus og rotter trekker til varme på leiting etter mat, dei gjer mest skade. Dei trekker ofte til varme stadar som til dømes loftet eller tak i hus og hytter. Der kan dei gnage i treverk, leidningar, kablar og vatnslangar som kan føre til store skadar.

I tillegg kan lukt frå døde mus og rotter vere sjenerande. Har du topp husforsikring er du dekka mot mus og rotter som gjer skade på bustaden, eller på hytta dersom du har topp hytteforsikring. Du er dekka både for skadane på bygningen og for bekjempinga av dyra.

Har du fått besøk av mus eller rotter?

Maur

Det finst maur som kan gjere stor skade på bygningen, som til dømes stokkmaur. Andre typar maur som jordmaur (sukkermaur) kan vere sjenerande, men blir ikkje rekna som skadedyr og dekkast dermed ikkje av forsikring. Har du fått stokkmaur på besøk kan desse gnage holrom og gangar i både treverk og isolasjonsmaterialar.

Har du husforsikring med tilleggsdekning for sopp-, råte- og insektskadarer du dekka både mot skadane og bekjemping av maur som gjer skade på bygning.

Har du oppdaga maur som gjer skade?

Veggedyr og kakerlakkar

Veggedyra er små insekt på størrelse med eplefrø som gjerne held til i sofa eller seng, og som lever av å suge blod. Veggedyr gjer ikkje skade på bygningen, men kan vere irriterande og gje stikk/kløe. Har du innbuforsikring er du dekka med opptil 150.000 kroner til bekjemping av veggedyr (og kakerlakkar).

Har du oppdaga veggedyr eller kakerlakkar i bustaden din?

Dyr eller insekt?

Er det skade på bygningen (treverk, isolasjon o.l.) er det toppdekninga av bygningsforsikringane som gjeld. Den dekker alle skadar forårsaka av dyr som t.d. mus, rotte og hakkespett. Har du tilleggsforsikring for sopp-, råte- og insekt er du også dekka mot skade frå insekt, som t.d. maur, larvar, borebille, husbukk osb.

Skjeggkre, veggedyr eller kakerlakkar er ikkje sett på som skadedyr, då desse ikkje gjer fysisk skade, men dei kan vere svært sjenerande. Innbofursikring topp dekker hjelp til å fjerne desse med inntil 150.000 kroner. 

Eigenandel
Ved skade på bygningen gjeld eigenandelen du sjølv har valt i forsikringsavtala. Ved bekjemping av skadedyr og insekt er eigenandelen 2.000 kr uavhengig av kva eigenandel du har valt på husforsikringa.

 

Vilkar for Hus-, Innbu- og
Sopp-, råte, og insektforsikring

Vilkår

Her kan du laste ned fullstendige vilkår som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.

Har du forsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg. 

Tilleggsforsikring til husforsikring:

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }