Må eg ha tilstandsrapport ved sal av hus og hytte?

Nei, det å selje eit hus, leilegheit eller hytte utan tilstandsrapport er valfritt. Altså, det er frivillig å ha med tilstandsrapport. Det er likevel sterkt anbefalt fordi denne gir auka sikkerheit for både seljar og kjøpar, samt reduserer sannsynet for konflikt i ettertid. 

Tilstandsrapporten er viktig for å avdekke eventuelle feil eller manglar ved bustaden, og sørger for ein transparent og tryggare bustadhandel. Utan tilstandsrapport vil kjøparen kunne rette krav direkte mot deg, viss vedkommande finn feil eller manglar på bustaden, som ikkje er dokumentert. Tenk deg sjølv om du skulle kjøpt eit hus eller hytte utan å få vite heile tilstanden på bustaden.

Viss du ønsker å kjøpe bustadselgarforsikring er det krav om forskriftsmessig tilstandsrapport (følger med ved kjøp av bustadselgarforsikring).

Kva inneheld ein tilstandsrapport?
Ein tilstandsrapport skal mellom anna innehalde tilstand og dokumentasjon på:

  • Byggteknisk konstruksjon
  • VVS-tekniske anlegg
  • Holtaking mot våtrom og i rom under terreng
  • Elektrisk anlegg
  • Branntekniske forhold
  • Geologiske forhold
  • Radon dokumentasjon
  • Eigenerklæringsskjema
  • Arbeid utført av kvalifiserte handverkarar
  • Måling av areal
  • Rømmingsvegar, lysflater og takhøgder

Kor lenge er ein tilstandsrapport gyldig?
Tilstandsrapporten er gyldig i 12 månadar frå datoen bygningssakkunnig har vore på befaring. Viss det tar meir enn 12 månadar å selje bustaden, må ein bestille ny tilstandsrapport for at denne skal vere gyldig.

Kva kostar ein tilstandsrapport?
Prisen på ein tilstandsrapport varierer. Normalt ligg prisen på mellom 8.000 - 15.000 kroner, men kan også koste meir. Prisen avheng mellom anna av:

  • bustadtypen (leilegheit, hus, hytte, osb.)
  • tilleggsbygningar (anneks, garasje, osb.)
  • om det er innlagt vatn og straum
  • arealet
  • tilleggstenester som blir nytta (våtromstillegg og holtaking, osb.)
  • køyretid og -lengde for bygningsekspert
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }