Ein tvist er ei usemje eller ein konflikt mellom to eller fleire partar, som oftast er knytt til eit krav eller ein rett. Ein tvist oppstår i det eit krav blir nekta for.
Eit par eksempeler på tvistar kan vere:
- Du leiger ut deler av lokalet ditt til eit anna firma. Etter ein periode ønsker du å auke leiga. Leigetakar motset seg dette.
- Du tar oppdraget om å bygge ein veranda for ein kunde, og de blir samde om ein pris på 75.000 kroner. Etter oppdraget er utført nektar kunden å betala meir enn 40.000 kroner.
Tvistar kan løysast på ulike måtar, enten gjennom dialog og forhandlingar, eller gjennom rettsapparatet.
Rettshjelpsforsikring
Har bedrifta rettshjelpsforsikring er de dekte for utgifter og kostnadar til å avklare ein tvist, uavhengig om dette føregår i rettsapparatet eller ikkje. Du får også tilsvarande rettshjelpeforsikring for privatpersonar.