Forsikring for sambuarar

Når du etablerar deg med sambuar, er det ei fin anledning til å gå gjennom forsikringane. Kanskje må det oppgraderast og kanskje kan de slå nokre forsikringar saman og spare litt pengar?  

Fornøgd dame sit i lenestol med hund.

Forsikringane de bør ha

Har de kjøpt bustad saman er bustadlånet basert på to inntekter. Då er det viktig å snakke saman om kva som skjer viss éi inntekt blir borte – for ein periode, eller i verste fall for alltid.
Livsforsikring

Livsforsikring er noko de begge burde ha når de eig bustad saman. Det kan ikkje ta bort sorgen etter eit dødsfall, men det sørgjer for at økonomien ikkje treng å bli ei ekstra belastning i ei elles vanskeleg tid.

Livsforsikringa kan bidra til at partneren din har råd til å betale ned lån og dermed behalde bustaden.

Når ein sjølv eller partnaren får ein alvorleg sjukdom, endrar dette som regel livssituasjonen dramatisk. Det å ha forsikring ved kritisk sjukdom vil gje dykk ein økonomisk tryggleik og eit større handlingsrom. 

Vi har fleire eksempel på folk som brukar erstatninga på helsebringande aktivitetar eller tilleggsbehandling på private klinikkar. Men òg det å gje seg sjølv eller partnaren litt pusterom i etterkant av for eksempel eit tøft kreftløp. De har råd til å kunne ta dykk ulønna fri frå jobb for å kome til hektene igjen – noko som kan vere eit behov for partnaren like mykje som for den som har vore sjuk.

Sjå kva for nokre sjukdommar som blir dekte i forsikringa

Dei fleste baserer utgiftene sine på ei fast inntekt. Fell ein av dykk utanfor arbeidslivet på grunn av sjukdom eller ein ulykke, vil de ikkje lenger få den same lønna kvar månad.

Gjennom NAV er de dekka for tap av inntekt ved uføre, men dei dekker ikkje heile inntekta du hadde då du jobba. Maksimal uføretrygd frå NAV er 66 % av 6 G, noko som svarer til ca. 500.000 kroner. Det vil seie at jo høgare inntekt du har før du blir ufør, jo høgare blir òg inntektstapet.

Difor er dette ein smart forsikring for deg som er forholdsvis ung og har mange år att å jobbe. Uføreforsikringa hjelp dykk til å oppretthalde den levestandarden du og sambuar har i dag, og du kan halde fram å betale ned bustadlån og anna gjeld som før.

Når de flyttar saman, har de ofte kvar dykkar reiseforsikring. Då kan det vere lurt å sjå på om dykk skal å seie opp begge avtalane og kjøpe ei ny, som gjeld for de begge og eventuelle barn.

Med familiedekning er sambuar/ektefelle og barn inkludert i reiseforsikringa. Forsikringa gjeld uavhengig av om de reiser saman eller kvar for dykk.

Kanskje har ein av dykk reiseforsikring gjennom jobben. Sjekk i så fall med arbeidsgjevar om denne gjeld for heile familien eller kun den som er ansatt.

Verdien på det de har av ting, innbuet dykkar, aukar også mest sannsynleg når de flyttar saman. Og kanskje har de ei innbuforsikring kvar? 

Som sambuarar treng de berre éi innbuforsikring, og den dekker alle tinga de har i heimen, samt tjuveri av sykkel og barnevogn innanfor Norden.

Om sykkelen vert stolen utanfor bustaden din, frå fellesrom, felles bod, felles garasje eller andre stader, er det innbuforsikringa som gjeld. Om den vert stolen utanfor Norden, går det på reiseforsikringa.

De får tilbake inntil 40.000 kroner for sykkelen, og det same gjeld for tilhengar til sykkel og barnevogn. Har de dyre syklar bør de vurdere ei eiga sykkelforsikring.

Dersom de kjøper hus, treng de ei husforsikring i tillegg til innbuforsikinga. Kjøper de leiligheit eller leiger, treng de ikkje husforsikring. Då er de anten dekka av huseigaren, burettslaget eller sameiget husforsikring.

Husforsikringa gjeld viss det skulle bli skader på sjølve huset, i motsetning til innbuforsikringa som dekker alle tinga de har inni bustaden.

Har de husforsikring, får de erstatning slik at de kan reparere eller bygge eit nytt, viss noko skulle skje. Men hugs at de også er ansvarleg for å vedlikehalde huset for å førebygge skader.

Hus frå 70- eller 80-talet?

Husa frå 70- og 80-talet er dei som er mest utsett når det kjem til brannskader. Dette er på grunn av gamle elektriske anlegg. På tre år har forsikringsselskapa registrert over 78.000 brannrelaterte skadar. Om lag 80 prosent av brannskadane skuldast el-feil på installasjonar og produkt.

Skal de kjøpe hus eller har akkurat kjøpt, bør de sjekke det elektriske anlegget og byte det ut viss det er veldig gammalt.

Har de eigen bil?

Om de har bil er de også pålagt å ha bilforsikring. Ansvarsforsikring er eit lovpålagd minimum. I tillegg kan de utvide bilforsikringa avhengig av kor gammal bilen er og korleis de brukar den. Fyrstegangskjøparar av bil velger ofte ein rimeleg bil for å få billegare bilforsikring og bygge opp bonus.

Forsikringane de kan vurdere

Helseforsikring

Når de etablerer dykk for fyrste gong, er det for mange ein oppstart til “voksenlivet”. De har kanskje fått eller planlegg barn og har kanskje nylig sikra draumejobben. Det er ei periode i livet der det kan verke skremmande å måtte utsetje kvardagen viss noko skulle skje. 

Skulle du eller samboar bli sjuke eller skada kan helseforsikringa (også kalla behandlingsforsikring) sørgje for at de slepp å bruke lang tid på å vente på rett behandling. De får mellom anna billeddiagnostikk, for eksempel MR og CT, innan maks 10 verkedagar.

Treng de spesialistbehandling går det også maks 10 verkedagar til de er inne. Og treng de sjukehusbehandling og operasjon er de sikra å få utført behandlinga innan 15 verkedagar.

Ein personlig sjukepleiar ordnar alt det praktiske og sørger for at de kjem til riktig spesialist.

Har de ting som er veldig dyre løner det seg å forsikre akkurat desse tinga. Har de heilt vanlege syklar, som dei fleste kanskje har, går denne inn i Innbu- og reiseforsikringane dykkar. Men har de ein dyr sykkel, over 40 000 kroner, burde de ha eigne sykkelforsikringar for å få erstatta dei viss dei skulle bli stolne.

Ein verdisakforsikring er også noko de bør vurdere viss de til dømes har ekstra dyrt datautstyr, klokker, fotoutstyr, bunader eller andre dyre ting som smykkar. 

Kva lurer andre på?

Forsikringar tilpassa livssituasjonen

Sjå kva slags forsikringar som kan passe i andre livssituasjonar.

Ung

Flytte heimefrå? Blitt student?

familie

Fått barn?

Eldre

Har barna flytta ut?