Har eg billettforsikring inkludert i reiseforsikringa?

Har du reiseforsikring (eller betalt billetten med kredittkortet ditt) og du er nøydd til å avbestille ein reise, kan du få refundert billettane for arrangement (utflukt, konsert, show, aktivitetsskule og liknande) i samband med reisa. For eksempel om du må avbestille flybillettar til ein stad der du òg har kjøpt billettar til ein konsert. 

Billettforsikringa i reiseforsikringa dekker ubenytta og førehandsbetalte billettar viss du skal på ei reise og avbestillinga skuldast anten:

  • Du, reisefølget eller næraste familie rammast av alvorleg akutt sjukdom, ulukke eller dødsfall.
  • Brann, innbrot eller vasskade som krev at du må vere til stades.
  • At reisa er i strid med reiseråd frå Utenriksdepartementet. Forholdet må ha inntreft mindre enn 72 timar før planlagd avreise.
     

Har du billettar du ikkje får nytta?
Du må sjølv avbestille billettane og undersøke om du får noko refundert hos aktøren, før du melder sak til oss. Du er ikkje dekt for avbestilling av billettar til arrangement dersom ikkje arrangementet er i forbindelse med ei reise som også må avbestillast.