Avbestillingsforsikring
Treng du å avbestille ein planlagt ferie? Du har avbestillingsforsikring inkludert i vanleg heilårs reiseforsikring og reiseforsikringa i Mastercard kredittkortet.
Treng du å avbestille ein planlagt ferie? Du har avbestillingsforsikring inkludert i vanleg heilårs reiseforsikring og reiseforsikringa i Mastercard kredittkortet.
Avbestillingsforsikringa er ei dekning som er inkludert i reiseforsikringane våre. Avbestillingsforsikringa refunderer førehandsbetalte billettar og utgifter, viss du må avbestille ei reise på grunn av uventa hendingar. Det er ingen eigenandel og du får tilbake heile summen du har betalt for reisa, som eksempelvis:
Du må sjølv avbestille billettar og reservasjonar, og undersøke om du får noko refundert hos flyselskap, reisebyrå, bilutleige, overnattingsstader eller andre arrangørar før du melder saka til forsikringsselskapet.
Flyskatten er det flyselskapet som betaler tilbake.
Avbestillingsforsikringa refunderer pengane du har førehandsbetalt for reisa, opphaldet, utflukter og arrangement, når du har tatt vare på kvitteringar/betalingsstadfestingar.
Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.
Dekningar | ||
---|---|---|
Sjukdom og ulykke | Dekkes av Heilårs reiseforsikring | |
Dødsfall | Dekkes av Heilårs reiseforsikring | |
Skade i bustad | Dekkes av Heilårs reiseforsikring | |
Reiseråd | Dekkes av Heilårs reiseforsikring |
Du kan berre bruke avbestillingsforsikringa viss du har ein gyldig grunn som er dekt av forsikringa. Dersom du ikkje har ein gyldig grunn for avbestillinga, får du ikkje pengar igjen frå reiseforsikringa.
Skal du ut og reise og trur det er ein sjanse for at du vil ombestemme deg, vil vi tilrå deg å kjøpe såkalla fleksible billettar. Sjekk med flyselskapet, hotellet, reisebyrået eller liknande om dei tilbyr såkalla «fleksibel billett».
Viss du kjøper avbestillingsbeskyttelse saman med flybillettar, hotell eller liknande, får du som regel berre pengane tilbake viss du blir sjuk. Reiseforsikringa dekker allereie dette, så du endar opp med å betale for same dekning to gonger.
Treng du å avbestille ei reise?
Vi har samla nokre spørsmål og svar om kva reiseforsikring dekker og ikkje dekker når det skjer ekstraordinære hendingar som kan påverke reisa di.
Kva dekker avbestillingsforsikringa?
Avbestillingsforsikring er ei dekning du har gjennom heilårs reiseforsikringa di eller reiseforsikringa du har gjennom kredittkortet ditt. Avbestillingsforsikringa gir deg pengane tilbake viss du treng å avbestille ei reise på grunn av uventa hendingar.
Du er dekt viss avbestillinga skuldast:
Du får refundert pengar for:
Slik bruker du avbestillingsforsikringa:
Har du reiseforsikring (eller betalt billetten med kredittkortet ditt) og du er nøydd til å avbestille ein reise, kan du få refundert billettane for arrangement (utflukt, konsert, show, aktivitetsskule og liknande) i samband med reisa. For eksempel om du må avbestille flybillettar til ein stad der du òg har kjøpt billettar til ein konsert.
Billettforsikringa i reiseforsikringa dekker ubenytta og førehandsbetalte billettar viss du skal på ei reise og avbestillinga skuldast anten:
Har du billettar du ikkje får nytta?
Du må sjølv avbestille billettane og undersøke om du får noko refundert hos aktøren, før du melder sak til oss. Du er ikkje dekt for avbestilling av billettar til arrangement dersom ikkje arrangementet er i forbindelse med ei reise som også må avbestillast.
Viss bagasjen din er meir enn 4 timar forseinka ved utreise, får du erstatning. Er du på jobbreise vert nødvendige utgifter dekka uansett kor kort tid bagasjen er forseinka. Forseinka bagasje ved heimreise er ikkje dekka av reiseforsikring.
Dette skal du gjere viss bagasjen din er forseinka ved utreise:
1: Meld frå til flyselskapet
2: Kjøp det du treng
Blir bagasjen meir enn fire timar forseinka etter ankomst, kan du handle det nødvendige av klede og toalettsaker for inntil 5.000 kroner per person. Gjeld berre ved utreise. Vi dekkar ikkje utgifter til ting du kjøper etter at bagasjen er tilbake. Dette dekkar òg eventuell leige av nødvendig barnevogn/sykkel/ski eller anna sportsutstyr.
Hugs å ta vare på kvitteringane og bagasjetaggen.
3: Kontakt forsikringsselskapet
Meld saka til Fremtind Forsikring for erstatning, innan 1 år frå hendinga. Du kan alltid ringe viss du treng praktisk og umiddelbar hjelp – (+47 915) 02300.
Sjå også
Når avgangen er forseinka
Når eg kjem for seint til transporten
Viss forseinkinga medfører ei ekstra overnatting eller ekstra reiseutgifter – kan du få dette dekka av forsikringsselskapet.
Har du all nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg når du meldar sak til forsikringsselskapet, vil dei ofte avklare saken direkte.
Sjå også
Skadar på bilen dekkjast av bilforsikringen som utleigeselskapet har på bilen. Ved tjuveri eller skade på leigebilen, blir du som regel bedt om å betale ein eigenandel til leigebilselskapet. Denne eigenandelen dekkjer reiseforsikringa di. Det betalar sjølv ingen eigenandel ved bruk av heilårs reiseforsikringa.
Så viss du har vår reiseforsikring kan du alltid takke nei til eigenandelsforsikring hos bilutleigeselskapet når du leiger bil i utlandet. Eigenandelsforsikringen gjeld også her i Noreg, så lenge det ikkje gjeld:
Les meir om forsikring og leigebil.
Hva gjer eg ved uhell med bilen i utlandet?
Kva forsikring gjeld i utlandet?
Hva gjer eg ved tjuveri og innbrot i utlandet?
Veghjelp i utlandet
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium