dame sit på sofaen, tenkjer økonomi og avsluttar forsikringar ho ikkje treng

TIPS OG RÅD

Forsikringane du ikkje treng

Unngå å betale for dobbeltforsikring. Sjå kva for forsikringar dei fleste av oss allereie har og sannsynlegvis ikkje treng å kjøpe.

Leigebilforsikring

Leiger du bil på ferie blir du nesten alltid spurt om å kjøpe ei eiga eigenandelsforsikring. Denne forsikringa dekker eigenandelen viss du skulle vere så uheldig og skade bilen. Har du allereie reiseforsikringa vår, er dette inkludert. Då blir ei eiga eigenandelsforsikring bortkasta pengar. 

Kjøpsforsikring

Du har sikkert opplevd det sjølv: Du kjøper ein ny ting der dei i butikken ønsker å selje deg ei forsikring for den same tingen (ofte kalla "idiotforsikring" eller "tryggleiksavtale"). Denne forsikringa er veldig dyr samanlikna med verdien på tingen du kjøper.

Når du har innbuforsikring topp (eller LOfavør innbuforsikring) er tinga dine også dekt ved uhell, anten du er heime eller på reise innanfor Norden. I tillegg gjeld forbrukarkjøpslova, som gjer at du har reklamasjonstid på 2-5 år (avhengig av vara). Du kan også vere dekt av reiseforsikringa di på alle reiser utanfor heimen.

Ei verdisakforsikring dekker dyrare gjenstandar der innbuforsikring og reiseforsikring ikkje har god nok dekning.

Derfor treng du sannsynlegvis ikkje ei eiga «tv-forsikring» viss seljaren tilbyr deg det. Men det kan vere greitt å vite at ei kjøpsforsikring ofte har 0,- i eigenandel, og mindre reduksjon av opphavleg verdi over tid.

ID-tjuveriforsikring

Om du skulle vere så uheldig å oppleve ID-tjuveri, kan ei forsikring spare deg for store kostnadar for blant anna advokat og juridisk hjelp. Men det betyr ikkje nødvendigvis at du treng ei heilt eiga forsikring for dette. Hos oss er forsikring mot ID-tjuveri inkludert i innbuforsikring topp. 

Avbestillingsbeskyttelse

Blir du tilbydd avbestillingsbeskyttelse eller forsikring av flybilletten eller førehandsbetalte billettar, bør du tenke deg om før du seier ja. Sannsynlegvis er du allereie forsikra. Har du reiseforsikring hos oss, har du også avbestillingsforsikring om du må avbestille reisa.

Har du i tillegg betalt reisa med kredittkortet er du ekstra godt dekka. Skulle flyselskapet eller arrangøren gå konkurs, får du pengane tilbake om du har betalt billetten med ditt SpareBank 1 MasterCard. 

Veghjelp/bilberging

Medlemskap som inkluderer veghjelp eller redning, kan fort bli dyrt viss veghjelpa er det einaste som gjer medlemskapet verdt pengane. Anten du har forsikring på bil, båt, mc, moped eller bubil er veghjelp/redning inkludert i delkasko, kasko og toppkasko.

Veghjelp/redning har ei eigenandel på 750 kroner.

Skjermforsikring

Skulle du vere uheldig å knuse skjermen på mobilen, nettbrettet eller PCen din kan det fort bli dyrt å reparere denne. Då kan ei skjermforsikring spare deg for ei dyr reparasjon.

Skjermforsikring er inkludert i topp innbuforsikring under det vi kallar uhellsforsikring for både mobil, nettbrett og pc. Derfor bør du vurdere om du treng ei eiga skjermforsikring dersom du får tilbod om dette. Hugs å ta med eigenandelen i vurderinga.

Flytteforsikring

Ofte blir vi tilbodne flytteforsikring i prosessen ved kjøp av ny bustad. Den skal sikre flyttelasset ditt hvis noko skulle skje under transport, samtidig som tinga dine er dekka både på ny og gamal adresse. Har du innbuforsikring (topp/LOfavør) hos oss, kan du trygt seie nei takk til ei flytteforsikring. Dette er inkludert. Lukke til med flyttinga :)

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }