Ja, du kan ha fleire livsforsikringar eller andre personforsikringar. Det vil seie at viss du har fleire livsforsikringar og døyr, vil dine etterlatte få fleire utbetalingar frå alle livsforsikringane dine, i samsvar med vilkåra.
Har eg fleire livsforsikringar?
Det er faktisk mange som har fleire livsforsikringar utan at dei har tenkt over det. Livsforsikringar kan ha mange namn og opphav:
- du kan ha livsforsikring i andre forsikringsselskap, med namn som gjeldsforsikring eller dødsfallsforsikring
- arbeidsgjevaren din kan ha ei gruppelivsforsikring på deg
- nokre fagforeiningar inkluderer dette i medlemskapet, som til dømes LOfavør Grunnforsikring
- partnaren din kan ha forsikring gjennom sin arbeidsgjevar eller fagforeining som også inkluderer deg
Om du har nokon av desse forsikringane bør du undersøke forsikringssummane og vilkåra. Summane kan vere store, små og stige eller gå ned i takt med alderen din. Byter du jobb, forbund eller partnar bør du sjekke på nytt om du er godt nok dekt
Er du usikker, hjelper vi deg gjerne med å få oversikt.
Kan eg ha fleire skadeforsikringar?
For skadeforsikringar er det annleis, der du aldri får meir enn éi erstatning. Har du til dømes fleire reiseforsikringar og du opplever tjuveri på reisa, har du berre krav på éi erstatning. Det betyr at viss du melder det same tjuveriet til fleire forsikringsselskap i håp om å få fleire utbetalingar, vil dette vere sett på som forsøk på forsikringssvindel.
Sjå også