gruppelivsforsikring
Med gruppelivsforsikring får familien som sit igjen økonomisk hjelp viss den tilsette døyr.
Med gruppelivsforsikring får familien som sit igjen økonomisk hjelp viss den tilsette døyr.
Gruppelivsforsikring dekker familien til den tilsette ved død, og utbetalast uansett dødsårsak, tid og stad. Forsikringssummar og tilleggsdekingar kan tilpassast bedrifta sine behov.
Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.
Dekningar | ||
---|---|---|
Tilsette sin død | Dekkes av Standard | |
Tilleggsdekningar | ||
Barnetillegg | Dekkes av Standard | |
Ektefelle/sambuar døyr | Dekkes av Standard | |
Uføreforsikring | Dekkes av Standard |
G = Folketrygda sitt grunnbeløp
Forsikringa utbetalast som ei skattefri eingongsutbetaling.
Ved dødsfall utbetalast erstatninga som hovudregel til ektefellen din. Er du ikkje gift, utbetalar vi til arvingane dine, etter arvelova eller testamentet ditt. Annan utbetalingsrekkefølge kan vere avtalt på di avtale, sjå forsikringsbeviset for kva som gjeld.
Dersom den tilsette ønsker at nokon andre skal motta erstatninga, kan det gjerast ved å sende inn skjema for begunstigelse.
Viss de også har yrkesskadeforsikring hos oss, kan vi samordne utbetalingane ved død (inkludert eventuelt barnetillegg).
Ønsker du å endre kven som skal motta erstatninga?
Bedrifta bestemmer sjølv kor store forsikringssummane skal vere.
Forsikringssummen baserer seg ofte på Folketrygda sitt grunnbeløp (G) og regulerast når denne summen vert oppdatert - 1. mai kvart år. Det gjer at forsikringsverdien følger lønns- og prisstiginga.
Det er også mogleg å basere forsikringssummen på lønn eller eit fast beløp. Forsikringssummen kan vere lik for alle tilsette, eller trappast ned etter kvart som ein tilsett blir eldre.
Har bedrifta allereie gruppelivsforsikring hos oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.
Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, om du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.
Kva er IPID?
Begunstigelse betyr at du vel kven som skal motta livsforsikringssummen din dersom du døyr. Den begunstigede personen får utbetalinga, og kan bruke den til å nedbetale gjeld og dekke utgifter ved din død.
Det er mange husstandar i Norge som er avhengig av to inntekter, og som må gjere store økonomiske endringar om ein av inntektene forsvinn. I ytterste konsekvens betyr det at hen må selje huset og andre eigedomar.
Viss du har ei livsforsikring – anten i form av ei privat livsforsikring (individuell), ei kollektiv livsforsikring (via forbund) eller ei gruppelivsforsikring (via arbeidsgjevar), bør du velje kven som skal vere begunstiga. Viss du ikkje har valt kven som skal vere begunstiga, vil forsikringssummen følge arverekka di. Det er viktig å hugse at sambuaren din ikkje automatisk er ein del av arverekka di med mindre de er gifte eller registrerte partnarar.
Du kan legge til fleire personar som begunstiga om du ønsker. Då får kvar person si andel av forsikringssummen viss du døyr. Dette gjer du anten når forsikring blir kjøpt, eller du kan endre det i etterkant ved å fylle ut eit skjema for begunstigelse.
Velg først kva type livsforsikring du har, av gruppelivsforsikring, LOfavør grunnforsikring eller privat livsforsikring.
Ved sjølvmord er reglane noko annleis dersom livsforsikrina er kjøpt mindre enn eit år før hendinga. Det vil seie at dei etterlatne får utbetalt forsikringssummen dersom livsforsikringa har vore aktiv i minst eitt år.
Går du med sjølvmordstankar?
Det er viktig å vite at du ikkje er åleine om å ha det slik. Husk at det er mange som kan og vil hjelpe deg. Gi andre ein moglegheit til å hjelpe deg.
Medisinsk invaliditet betyr at du har mista delar av den normale kroppsfunksjonen din. Døme på medisinsk invaliditet er at du har:
Medisinsk invaliditet vert bedømt ut frå eit gradsystem frå 1 til 100 prosent. Har du for eksempel fått ein kneskade i form av kneleddsartrodese/ankylose vil det gi deg ein invaliditetsgrad på 20 %, medan tap av fremre korsband gir 5 % invaliditetsgrad, basert på invaliditetstabellen hos lovdata.no.
Har du skada deg er det legen din som reknar ut kva invaliditetsgrad du har. Har du fått påvist varig medisinsk mén av legen kan du ha krav på utbetaling både frå folktrygda og frå forsikringa til arbeidsgjevar. Varig medisinsk invaliditet kan vere dekka av følgjande forsikringar:
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er belastningsskadar?
Kva dekker reiseforsikringa i samband med ulykke?
Barn som skadar seg i barnehage?
Alle har yrkesskadeforsikring gjennom jobben
Jobben din er lovpålagt å kjøpe yrkesskadeforsikring til deg. Denne forsikringa dekker yrkesskader og -sjukdomar. Arbeidsgivaren din kan også utvida denne forsikringa med dekning for annan sjukdom og fritidsulukke. Forsikringa gir mellom anna utbetaling ved varig medisinsk mén, uførheit, tapt inntekt og dødsfall.
Les meir om yrkesskadeforsikring og kva yrkesskadeforsikringa dekker.
Helseforsikring
Det finst òg ein del personalforsikringar du kan ha gjennom jobben. Ein av dei vanlegaste personalforsikringane er helseforsikring. Den kan hjelpe deg som ansatt å kome fortare tilbake på jobb, samt sleppe å bli plaga med sjukdom eller skader over lengre tid. Den dekker ulykker og utvalde sjukdomar, med behandling i det private helsevesenet der det er langt kortare ventetider.
Les meir om helseforsikring bedrift.
Livsforsikring
Du kan òg ha gruppelivsforsikring, som er det same som livsforsikring. Forskjellen er at det er jobben som betaler i staden for deg som privatperson. Gruppelivsforsikringane gir dine etterlatne ein eingangsutbetaling viss du skulle døy, uansett årsak.
Les meir om gruppelivsforsikring.
Reiseforsikring
Er du mykje ute og reiser med jobben er det vanleg at jobben betalar for reiseforsikring di. Denne reiseforsikringa gjeld som standard kun for jobbreiser, men kan bli utvida til både å gjelde på fritidsreiser og for heile familien din.
Les meir helseforsikring bedrift
Firmabil
Har du firmabil via jobben er det ofte slik at jobben òg betaler bilforsikringa.
Les meir om bilforsikring
Sjukeløn
Har du lønn over 6 G (grunnbeløp), kan du ha sjukelønnsforsikring gjennom jobb. Folketrygda dekker kun sjukepengar for løn inntil 6 G. Sjukelønnsforsikring dekker differansen mellom 6 G og lønna di dersom du blir minst 50 % sjukemeldt.
Skal du melde inn eller ut ein tilsett til ei forsikringsordning kan du gjere dette ved å logge inn i mine bedriftsforsikringar og velje "Meld inn/ut tilsett".
Dersom du ikkje har tilgang til tenesta, ta kontakt med oss, så ser vi korleis vi kan hjelpe deg.
Sjå også:
Har nokon gått bort?
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium