Sjukelønsforsikring

Mange små og mellomstore bedrifter er sårbare når tilsette med høg løn har langvarig sjukefråvær. Sjukelønsforsikringa gir utbetaling til bedrifta for å dekke sjukepengar til dei tilsette.

tilsett i ein bedrift med sykelønsforsikring ligg sjuk i senga og taster på mobilen
Gir erstatning til bedrifta for tilsette si løn over 6 G, ved sjukemelding.
Er med på å gjere bedrifta attraktiv for høgt lønte tilsette.
Viktig for rekruttering, då mange ofte krev full sjukeløn.

Kva dekker sjukelønsforsikring?

Folketrygda dekker kun sjukepengar for løn inntil 6 G (744.168 kr). Sjukelønsforsikringa sikrar den tilsette full løn ved sjukemelding. Utbetalingane går til bedrifta, som utbetaler sjukepengene til den tilsette.

Dekningar Sjukelønsforsikring
Differansen mellom 6 G og den tilsette si løn*

Ventetid
 
Karenstid (ventetid før utbetalinga startar) 16, 30, 60 eller 90 dagar

*Når den tilsette blir minst 50 % sjukemeldt (maksimalt i 365 dagar)


Vilkår og produktinformasjon

Vilkår og IPID

Har du allereie sjukelønsforsikring hos oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.

Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, dersom du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.

Kva er IPID?

 

Kven kan vi forsikre med lønsforsikringa? 

Tilsette som kan forsikrast må vere:

  • under 67 år
  • medlem av Folketrygda og ha krav på sjukepengar frå NAV
  • 100 % arbeidsdyktige når dei blir forsikra
  • ha høgare løn enn 6 G

Viss bedrifta har yrkesskadeforsikring og minst 5 tilsette kan de utvide med sjukelønsforsikring (lønsforsikring).

De kan forsikre både heiltidstilsette, deltidstilsette, lærlingar og andre midlertidig tilsette. Vi treng navneliste på dei som skal forsikrast. Forsikringa opphøyrer når den tilsette fyller 67 år.

Har du tilsette som har blitt sjukemeldt?


Kva er sjukeløn?

Sjukeløn er utbetalinga som ei bedrift er pålagt å betale til tilsette som er sjukemeldt. Det er vanlegvis bedrifta som dekker sjukeløna dei første 16 dagane av sjukefråværet (kalla arbeidsgjevarperioden).

Etter arbeidsgjevarperioden vil NAV refundere sjukepengar til bedrifta, som tilsvarar 100 % av inntekta til den tilsette, opptil 6 G.

For tilsette som har høgare løn enn 6 G og avtale om full løn under sjukefråvær, vil bedrifta få eit tap. Dette tapet kan dekkast av ei sjukelønsforsikring.

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.


Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }