dame med reiseforsikring sklir på bananskall og skader seg

Tips og råd

Sjukdom og reise

Treng du rask medisinsk hjelp i utlandet, er sjuk og skal bestille ei reise eller må avbestille ei reise på grunn av sjukdom? – Her har du nokre tips og råd.


Kva gjer eg viss..?

Eg treng rask medisinsk hjelp i utlandet

Treng du rask medisinsk hjelp i utlandet?

Finn næraste behandlingsstad eller kontakt vår døgnopne alarmsentral, så hjelper dei deg der du er.

Sjuk før reise?

Har du ein kronisk lidelse eller ein eksisterande sjukdom eller skade og lurer på om reiseforsikringa dekker kostnadane dersom noko skulle skje?

– få gratis medisinsk rådgjeving hos SOS International før du reiser.


Kontakt SOS International

Medisinsk førehandsvurdering hos SOS International kan kontaktast på telefon +47 22 96 50 55 kvar dag mellom klokkan 13.00 og 15.00, eller på epost: sos@sos.dk. 

Ver merksam på at mandagar og fredagar kan vere spesielt travle.

Avbestilling av reise ved sjukdom?

Har det skjedd noko med deg, barnet ditt eller nokon andre i reisefølget?

– sjå kva reiseforsikringa dekker, få rettleiing og meld skade.

Kva gjer SOS International?

SOS International er vår alarmsentral som både hjelper med veghjelp, reiseassistanse og helsetenester. Dei rettleiar og hjelper deg med forsikringsmedisinske råd relatert til di helse. I tillegg gir dei informasjon om kva forsikringa dekker vedrørande:

  • Helsesituasjonen din
  • Sannsynligheita for at din sjukdom og skade forverrar seg, og om det er dekt av forsikring om du blir verre på reisa 
  • Kva forholdsreglar du bør ta
  • Anbefalte reisemål 
  • Anbefalte sjukehus og behandlingstader på reisemålet

Kronisk sjukdom og skade

Reiseforsikring dekker berre akutt og uforutsett sjukdom og skade på reisa. Ein medisinsk forhåndsvurdering fortel deg om din noverande eller kroniske sjukdom/skade òg vil vere dekka av reiseforsikring, viss du skulle trenge behandling.

Lurer du på om du vil vere dekt på reisa di, kontakt SOS International viss du:

  • har ein alvorleg sjukdom
  • har eller har hatt psykisk sjukdom
  • har nyleg vore igjennom ein operasjon/inngrep 
  • har nyleg vore innlagt på sjukehus
  • har nyleg fått endra medisinsk behandling
  • ventar på utgreiing, operasjon eller annan behandling

SmartDelay+

Registrere deg minst 2 timar før neste flyavgang, så vil du og reisefølget ditt få fri tilgang til flyplassen sin lounge eller ei utbetaling – viss flyet ditt blir forseinka med meir enn 1 time.

Kva lurer andre på?