Kritisk sjukdom
Alvorleg sjukdom kan medføre dramatiske endringar i livssituasjonen din, og då er økonomiske bekymringar det siste du treng.
Alvorleg sjukdom kan medføre dramatiske endringar i livssituasjonen din, og då er økonomiske bekymringar det siste du treng.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytta medlemsfordelane dine best mogleg.
Det ligg mykje kjærleik i å tore å tenke på kva som kan skje viss ein alvorleg sjukdom skulle ramme deg og dine næraste. Ei forsikring gjer deg ikkje frisk åleine, men den kan bidra til å forbetre ein vanskeleg situasjon.
Du bestemmer sjølv kva erstatninga skal brukast til, for eksempel:
Alvorleg sjukdom kan ramme alle og endre livssituasjonen dramatisk. Då er økonomiske bekymringar det siste du treng. Vert du ramma av utvalde sjukdomar vil du få ei eingongsutbetaling, som kan gje deg og dine næraste ei større økonomisk fridom i ei vanskelig tid.
Oversikta er forenkla, sjå vilkår for detaljar.
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Kven gjeld forsikringa for? | ||
Når gjeld forsikringa? | ||
Når vert forsikringa utbetalt? | ||
Utbetaling ved utvalde sjukdomar | ||
Kreft | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Godarta svulstar | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Hjarteinfarkt | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Operasjonar | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Hjerneslag | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Hjerneblødning | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Multippel sklerose (MS) | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Motornevronsjukdom | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Tverrsnittlammingar | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Parkinsons sjukdom | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Nyresvikt | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Organtransplantasjon | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Blindskap | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Døvheit | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Amputasjon | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Andre dekningar | ||
Gratis helsetelefon | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Gratis krisepsykolog | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Kundefordelar og rabattar | ||
Samlerabatt | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Treningsprogram med fysioterapeut | Dekkes av Kritisk sjukdom | |
Rabatt hos Dr.Dropin | Dekkes av Kritisk sjukdom |
Har du forsikring mot kritisk sjukdom hos oss frå før, kan det vere ulikskapar i kva som vert dekka. Då må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Her kan du laste ned dei vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Medisinsk telefon er ein gratis og døgnopen rådgjevingstelefon for deg med forsikring for kritisk sjukdom. Her er ingen spørsmål som er for store eller små. Tenesta vert levert av Dr.Dropin.
Det å bli alvorleg sjuk kan innebere store psykiske belastningar og redusert livskvalitet. Det kan påverke familielivet og parforholdet ditt.
Med forsikring for kritisk sjukdom får du inntil fem kostnadsfrie psykologtimar med videokonsultasjon hos Dr.Dropin viss du vert utreda for ein alvorleg sjukdom som vert dekka av forsikringa.
Når vi snakkar om å flytte ein personforsikring, snakkar vi om å kjøpe ein personforsikring i nytt selskap og avslutte same type forsikring i det gamle selskapet.
Det er fleire grunnar til at personforsikringane dine ikkje automatisk blir avslutta i det gamle selskapet, når du kjøper den same forsikringen i nytt selskap. I motsetnad til skadeforsikringar, kan du ha fleire av ein personforsikring, som også kan gi fleire utbetalingar for same hending.
Når kan eg seie opp tidlegare forsikring?
Du kan seie opp forsikringa di i det tidlegare selskapet etter at du har kjøpt forsikringa og fylt ut helseerklæring i nytt selskap. Når du flyttar ein tilsvarande forsikring, slepp du ny symptomklausul. Du må sjølv sei opp forsikringa i ditt tidlegare selskap.
Kva viss eg får reservasjonar, tillegg i pris eller avslag?
Hvis du får reservasjonar, tillegg i pris eller avslag i nytt selskap, kan du ha rett til å gjenoppta forskringane i tidligare selskap. Fristen for å gjenoppta forsikringa er seks månader frå dagen du avslutta forsikringa. Forsikringa kan gjenopptas i tidlegare selskap utan ny helsevurdering og symptomklausul, hvis:
Kva med kollektive forsikringar?
Disse reglane gjeld ikkje for kollektive forsikringar.
Alt dette er dessverre litt komplisert, men vi hjelper deg meir enn gjerne om du lurer på noko. Du kan også lese meir om reglane på fremtind.no.
Sjukeforsikring er ein fellesbetegnelse på personforsikringar og personalforsikringar som dekker utbetaling og/eller behandling ved ulike typar sjukdom eller skade. Sjukepengar frå NAV er eit eksempel på ein type offentleg «sjukeforsikring», som dekker lønna di opp til 6 G viss du blir sjuk.
Eksempel på forsikringar som kan gi utbetalingar ved sjukdom eller ulykke er:
Sjukeforsikringar for bedrifter:
Yrkesskadeforsikring
Yrkesskadeforsikring er ein type sjukeforsikring arbeidsgjevar er pålagt å kjøpe for alle sine tilsette. Yrkesskadeforsikringa dekker det økonomiske tapet etter ein yrkesskade eller yrkessjukdom. Yrkesskadeforsikringa kan også utvidast til å gjelde for annan sjukdom og fritidsulykke.
Er du frivillig næringsdrivande er du ikkje pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring, men det kan likevel vere trygt å ha. For å kjøpe yrkesskadeforsikring må du først ta kontakt med NAV og bestille frivillig yrkesskadetrygd.
Sjukelønnsforsikring
Sjukelønnsforsikring utbetalasdt til bedrifta viss den tilsette mottar sjukepengar frå NAV ved sjukdom/ulykke. NAV dekker kun lønn inntil 6 G (grunnbeløp). Sjukelønnsforsikringa dekker resten opp til full lønn i inntil 365 dagar. Er du tilsett og sjukemeldt står det som regel i arbeidskontrakta di om du har rett til full lønn i perioden du er sjukemeldt.
Bedriftshelseforsikring
Ei helseforsikring gjennom bedrifta dekker mellom anna behandling av utvalde sjukdomar via privat helsevesen. Helseforsikringa kan òg utvidast til å dekke psykolog, fysioterapi, kiropraktikk, manuellterapi, naprapati, osteopati og misbrukavvenning.
Reiseforsikring bedrift
Bedriftsreiseforsikringa kan dekke sjukdom ved fleire tilfelle. Den dekker mellom anna:
Skal du til eit EØS-land er det lurt å bestille gratis helsetrygdkort. Då har du ei ekstra offentleg sjukeforsikring på reisa, som også hjelper deg ved underliggande sjukdom.
Private sjukeforsikringar:
Kritisk sjukdom
Kritisk sjukdom er ei sjukeforsikring som gir ein eingongsutbetaling viss du blir ramma av alvorleg sjukdom, som til dømes kreft, hjerneslag eller MS.
Privat helseforsikring
Ei privat helseforsikring (også kalla behandlingsforsikring) dekker blant anna behandling av utvalde sjukdomar via privat helsevesen.
Uføreforsikring
Uføreforsikring gir utbetaling viss du skulle bli ufør av til dømes sjukdom. Forsikringa består av to delar som anten kan kjøpast kvar for seg eller kombinerast. Uførepensjon gir månadleg utbetaling og uførekapital gir ein eingongsutbetaling.
Reiseforsikring
Same som for reiseforsikringa for bedrifter. Sjå over.
Personforsikring er ei fellesnemning på forsikringar som sikrar deg og familien din økonomisk tryggleik viss helsa skulle svikte. Det kan for eksempel vere dekning av behandling i privat helsevesen, utgifter i samband med sjukdom, uføretrygd, erstatning for tap av inntekt og utbetaling ved dødsfall.
Blant forsikringar til privatpersonar skiller ein ofte mellom personforsikring og skadeforsikring.
Døme på personforsikringar er:
Som hovudregel må du fylle ut ei helseerklæring ved kjøp av personforsikringar. Les meir om personforsikringane våre
Kva er forskjellen på personforsikring og livsforsikring?
Personforsikring er ein kategori for fleire forsikringar, medan livsforsikring er ei eiga forsikring som for øvrig fell inn under kategorien personforsikringar.
Personforsikring for bedrifter
Personforsikringar for bedrifter kallar vi personalforsikringar.
Sjå også
Kva er livsforsikring?
Kva er barneforsikring?
Kva er tannforsikring?
Kva er gruppelivsforsikring?
Kva er medisinsk invaliditet?
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Vi har i alt tre forskjellige gebyr og kostnader knytt til kjøp og administrering av personforsikringane.
Etableringsgebyr
300 kroner ved etablering av ny betalingsavtale.
Endringsgebyr
150 kroner ved endring av betalingsavtale som medfører ny helsevurdering.
Administrasjonskostnad
30 kroner per månad per betalingsavtale.
Er du medlem i eit LO-forbund har du ingen gebyr eller administrasjonskostnader.
Betalingsforsikring er ei forsikring som dekker dei månadlege kostnadane på lånet ditt viss noko uventa skulle skje, og du ikkje har råd til å betale lånekostnadane for ein periode. Det kan til dømes vere viss du blir sjuk, arbeidsledig eller permittert.
Sjå meir:
Betalingsforsikring på lån til bil, båt og andre køyretøy
Har du vore utsett for sjukdom?
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium