par ved frokostbord

KUNDEFORDEL

Treningsprogram
med fysioterapeut

Det er ikkje alltid lett å ta vare på eiga helse, men no ønsker vi å gjere det enklare. Kom i betre form og førebygg muskel- og skjelettplager, med tilpassa treningsprogram frå fysioterapeut.

Gratis kartlegging av den fysiske helsa di
Få eit interaktivt treningsprogram skreddarsydd til deg
Oppfølging over video og chat, med ein personlig fysioterapeut

Steg 1:

Gratis digital kartlegging av fysisk helse

Har du forsikring* hos oss, kan du kartlegge den fysiske helsa di ved å svare på spørsmål knytt til helsa di. Kartleggjaren er utarbeidd av Fremtind i samarbeid med Dr.Dropin av autorisert helsepersonell, og baserer seg på forsking på førebygging og behandling av fysiske helseutfordringar.

På bakgrunn av svara du gir, får du råd om kva du kan gjere for å betre helsa di. Resultata frå kartlegginga får du i ein utdjupande rapport. Ta gjerne berre kartleggjaren, men fagleg oppfølging gir som regel betre resultat. 

*Gjeld for deg som har ei individuell forsikring.

Dr.Dropin AS og SpareBank 1/Fremtind utvekslar ingen informasjon eller helseopplysningar om deg.

Steg 2:

Videokonsultasjon med fysioterapeut og treningsprogram

Enten du har tatt kartleggjaren eller ikkje, kan du som har personforsikring* hos oss få gratis videokonsultasjon med ein fysioterapeut. Etter samtalen lagar fysioterapeuten eit skreddarsydd, digitalt treningsprogram til deg, i Dr.Dropins treningsapp. Du får personleg rettleiing og kan chatte med fysioterapeut undervegs. Denne tenesta kan du teste ut gratis i 30 dagar.

*Gjeld deg med livsforsikring, uføreforsikring, kritisk sjukdom eller helseforsikring.

Tenesta blir levert av Dr.Dropin AS. Dr.Dropin AS og SpareBank 1/Fremtind utvekslar ingen informasjon eller helseopplysningar om deg.

Steg 3:

Fysioterapeuten i lomma

Dersom du ønsker å fortsette å trene og ha kontakt med fysioterapeuten for å få ein best mogleg utvikling, kan du fortsette abonnementet på Dr.Dropin sin treningsapp med 55 % rabatt.

Treningsappen gir deg tilgang til:

  • Skreddarsydd treningsprogram, som kan justerast undervegs
  • Chat med fysioterapeuten din
  • Inntil to videokonsultasjonar i månaden
  • Personleg rettleiing og oppfølging


For å få rabatten på treningsappen må du ha personforsikring hos oss (livsforsikring, uføreforsikring, kritisk sjukdom eller helseforsikring).

Treningsappen blir levert av Dr.Dropin AS. Dr.Dropin AS og SpareBank 1/Fremtind utvekslar ingen informasjon eller helseopplysningar om deg.


Kvifor tilbyr de meg dette?

Vi tilbyr dette fordi vi ønsker å motivere deg til å ta vare på helsa di. Det er viktig å halde seg i form, og det positive er at sjølv moderat, dagleg fysisk aktivitet i berre 30 minutt kan gi stor effekt på helsa vår. Gjer vi i tillegg nokre styrkeøvingar, kan vi førebyggje muskel- og skjelettplager. Sjølv om det ikkje er mykje som skal til, treng mange av oss hjelp til å trene jamleg.

Personvern og helseopplysningar

Du skal vere trygg på at helseopplysningane dine aldri kan bli brukt mot deg. Både vi i SpareBank 1/Fremtind og Dr.Dropin tek personvern seriøst. Vi utvekslar difor heller ikkje helseopplysningar om deg. Helse- og personopplysningar blir handsama av Dr.Dropin under deira personvernerklæring. 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }