Dei aller fleste i jobb er avhengig av inntekta si. Ved sjukdom og ulukke er det ikkje alle som kan jobbe fullt. Uføreforsikringa kan gje deg ein økonomisk tryggleik.
Vi tilbyr tre kombinasjonar av uføreforsikring, og du får anbefalt den som passar deg og din økonomi. Uførekapital er vårt rimlegaste alternativ, uførepensjon anbefalast av dei fleste, medan kombinasjonen av begge gir ekstra tryggleik.
Uførepensjon + uførekapital
Kombinasjonen av både månadlege utbetalingar og ein større eingongssum gir deg ekstra god økonomisk tryggleik.
Uførepensjon Månadleg utbetaling fram til pensjonsalder.
Uførekapital utan forskottering Eingongsutbetaling utan gradering eller forskottering.
Uførepensjon
Uførepensjon anbefalast av dei fleste, og sikrar deg månadlege utbetalingar for langsiktig tryggleik for inntekta di – heilt fram til pensjonsalder.
Utbetaling frå 50 % uførleik Månadleg utbetaling ved midlertidig og varig uførleik.
Ein sum som passar deg Forsikringssum tilpassa inntekta di.
Delvis gradering Full utbetaling første 4 åra – deretter gradert etter uføregrad.
Uførekapital er vårt rimlegaste alternativ, og sikrar deg månadlege forskot på forsikringssummen. Det er betre å vere litt forsikra enn ikkje forsikra.
Forskottering frå 50 % uførleik. Månadleg forskot i inntil 5 år.
Ein sum som passar deg Forsikringssum tilpassa inntekta di.
Eingongssum Resten av forsikringssummen vert utbetalt ved varig uførleik.
Ingen gradering Full utbetaling – ingen gradering etter uføregrad.
Kan du sjå for deg kvardagen berre på uføretrygd frå NAV?
Uføretrygd frå NAV er ikkje den same som lønna di. Blir du sjuk eller skada, og ikkje kan jobbe fullt lenger, vil inntekta di bli redusert. Har du ei uføreforsikring, kan du oppnå omtrent same inntekt som ufør. Ei uføreforsikring gjer deg ikkje frisk, men den vil gje deg økonomisk tryggleik i ei vanskeleg tid.
Visste du at...
10,6 % av alle i yrkesaktiv alder 18-67 år er uføre?
84,1 % av dei som er uføre er heilt utan arbeid?
Uføreandelen blant kvinner er 12,8 % og 8,5 % blant menn?
Andre kundar med uføreforsikring har delt erfaringar og kåra våre personforsikringar til både dei beste på skadeoppgjer, mest anbefalte og beste kundeservice.
Viss du ikkje kan jobbe på grunn av sjukdom eller ulukke, blir inntekta di redusert. NAV dekker ikkje heile inntekta du hadde då du jobba – kanskje må du klare deg med halvparten.
Uføretrygda blir berekna slik at du får 66 % av gjennomsnittsinntekta di (maksimalt 6 G) dei 3 beste av dei 5 siste åra før du blei sjuk.
Det kan det vere lurt å tenke over om du klarer å leve det livet du har i dag med betydelig mindre lønn? Ei uføreforsikring kan ikkje gjere deg frisk, men gir deg tryggleik for inntekt og kan gje deg økonomisk tryggleik.
Til informasjon kan ein uføreforsikring bestå av anten uførepensjon, uførekapital eller ein kombinasjon av begge desse.
Av årleg utbetalt uførepensjon vil 20 % av det utbetalte beløpet vere alminneleg skattepliktig inntekt. Skattesatsen for dette beløpet er p.t. [22] Det vil seie at du må betale ca. 4,4 % skatt av heile beløpet du mottar i uførepensjon.
Har du alt uføreforsikring hjå oss, er det viktig at du er klar over at vi har eldre uføredekningar der vilkåra for utbetaling er annleis. Mer informasjon om kva som gjeld for deg finn du ved å logge inn å sjå på forsikringsavtalen din.
Uførekapital er den eine av to typar uføreforsikringar. Uførekapital utbetalast som ein engangssum ved varig uførhet, og forskutteringa betyr at du får månadleg forskudd på denne engangsutbetalinga i inntil 5 år.
Utbetalingen av uførekapital med forskuttering startar etter 12 månader med minst 50 % sykemelding – kor 1 % av denne forsikringssummen vil bli utbetalt kvar månad. Det som eventuelt er igjen av forsikringssummen utbetalast når du vurderast som minst 50 % varig ufør.
Når du kjøper uførekapital med forskottering, blir du anbefalt ein forsikringssum basert på inntekta og gjelda di.
Uførekapital med forskottering er eit rimeligare alternativ til uførepensjon.
Prisen på uføreforsikring er individuell og blir mellom anna berekna ut frå alder, yrke og inntekt. Du kan rekne ut prisen på uføreforsikring, samt inntektsgapet du vil få dersom du blir ufør, ved å bruke uførekalkulatoren vår.
Uføreforsikring består av to typar forsikringar; uførekapital og uførepensjon. Vi tilbyr tre kombinasjonar; uførepensjon, uførekapital med forskuttering eller ein kombinasjon av desse to. Vår anbefalte uføreforsikring er uførepensjon.
For dei fleste av oss er inntekta vår viktigaste verdi. Viss du blir sjuk eller skada og ikkje kan jobbe fullt lenger, vil inntekta di reduserast. Du vil trenge ein uføreforsikring for å kunne oppretthalde same økonomiske levestandard, viss du skulle vere uheldig og bli ufør.
Ein uføreforsikring blir også omtalt som ein inntektsforsikring, av den grunn at forsikring vil demme opp ein del av inntektstapet du får viss du blir ufør. For å finne ditt behov for ein uføreforsikring bør du sjå på inntekta og gjelda di no, og kor mykje du vil sitte att med kvar månad på uføretrygd. Så er spørsmåla du bør stille deg:
Kan eg leve godt nok på den nye inntekta ved uførheit?
Vil den nye inntekta gjere at eg har råd til å behalde bustad og bil?
Du kan sjekke kva inntekt du vil få med og utan uføreforsikring viss du blir ufør. Dette finn du ut ved å fylle ut litt informasjon om deg, inntekta og gjelda di.
Du får utbetalt uførepensjon anten du er midlertidig ufør eller varig ufør – heilt fram til du blir frisk eller går av med alderspensjon (67 år). Så når vi snakkar om midlertidig uførepensjon snakkar vi altså om uføreperioden før du blir varig ufør.
Har du uførepensjon vil månedlege utbetalingar starte etter 12 månader samanhengande sjukemelding. Du vil motta full utbetaling av den valde forsikringssummen i inntil 4 år før den graderast, du blir frisk eller når pensjonsalder (67 år).
Har du uførekapital med forskuttering vil månedlege utbetalingar starte etter 12 måneder samanhengande sjukemelding. Du vil motta 1 % av forsikringssummen kvar månad i inntil 5 år. Blir du varig ufør (eller har mottatt pengar i 5 år) vil du motta resten av forsikringssummen som ein eingongsutbetaling.
Kor mykje uførepensjon har eg krav på? Om forsikringssummen er på 100.000 kroner, vil du motta ca 8.000 kroner etter skatt kvar månad frå forsikringa dei første 4 åra før den graderast etter uføregrad. Denne utbetalinga kjem i tillegg til uføretrygda og andre ytingar du får frå NAV.
Arbeidsuføre er varig, og heilt eller delvis tapt arbeidsevne. Altså redusert evne til å utføre inntektsgjevande arbeid. Arbeidsuførheit kan oppstå som følgje av ulykkesskade eller sjukdom, og graden vegast i prosent.
Viss du skadar deg eller blir sjuk er det legen din som skriv ut sjukemelding og avgjer din grad av arbeidsuførheit. Det er fyrst når du går over på uføretrygd frå NAV at arbeidsuføredekninga startar å utbetalast.
Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}