Nei, reiseforsikringa gjeld ikkje viss det er utstedt reiseråd for landet eller område i landet du besøker. Eit reiseråd frå UD er ein reiseadvarsel og betyr i bunn og grunn «ikkje reis».
Kvifor gjeld ikkje reiseforsikringa?
Når UD (Utenriksdepartementet) kjem med reiseråd, betyr det at norske styresmakter ikkje reknar det som trygt for norske borgarar å vere i dette landet eller området. Det er UD som bestemmer kva som er trygt for norske borgarar i utlandet, og dermed er det UD vi viser til i forsikringsvilkåra våre.
UD kjem med reiseråd til område der det er uro, som til dømes epidemi, terror, krig og naturkatastrofe. Dette vil påverke blant anna infrastruktur og helsevesen, og dermed også evna vår til å tilby deg hjelp. Vi ønsker at du skal kunne reise med full tryggleik og garanti om hjelp dersom noko skulle skje, utan unntak. Derfor vil vi heller ikkje oppmode deg til å reise til områder som ikkje er trygge.
Det viktigaste ved ei reiseforsikring er hjelp ved akutt og uventa sjukdom eller skade. Viss du vert sjuk eller skader deg, er det viktig at reiseforsikringa vår kan hjelpe deg med nødvendig hjelp raskt. Reiseforsikringa er difor kun gyldig viss UD opphevar reiserådet for landet eller området.
Kva med avbestilling eller heimreise?
Viss reiserådet kom etter du bestilte reisa din, er du dekka av avbestillingsforsikringa. Viss du alt er på reise når det kjem eit reiseråd for området du befinn deg i, vil forsikringa dekke meirutgifter for å reise heim.
Er du usikker på landet du skal reise til?
Sjekk om det er reiseråd, og les meir om UD sin reiseinformasjon på regjeringen.no