Livsforsikring utbetaling
Utbetalinga frå ei livsforsikring er den summen som står i livsforsikringsavtala. Men, kor mykje er det, og kven arvar utbetalinga?
Utbetalinga frå ei livsforsikring er den summen som står i livsforsikringsavtala. Men, kor mykje er det, og kven arvar utbetalinga?
Utbetalinga frå ei livsforsikring er ei skattefri eingongsutbetaling, som går til din ektefelle.
Er du ugift eller separerte går utbetalinga til arvingane dine etter arvelova eller testamentet, med mindre det står noko anna i forsikringsavtalen (kalla begunstigelse).
Forsikringssummen er den du valde då du kjøpte eller sist endra forsikringa, og står i forsikringsavtala.
Vel kven som får utbetalinga
Når du kjøper livsforsikring vel du kven som får utbetalinga, men du kan også endre dette når du sjølv ønsker ved å sende inn skjema for begunstigelse. Du kan dele beløpet ved å legge til fleire personar. Då vil dette stå i forsikringsavtala under begunstigelse. Denne måten å fordele på er vanleg viss du ikkje er gift, men har sambuar.
Medan ektefeller automatisk er sikra, må sambuarar ta eit aktivt val for å sikre kvarandre. Har du ei livsforsikring, og vil du at sambuaren din skal få utbetalinga, må du fylle ut skjema for begunstigelse. Hvis du skulle døy utan at sambuaren din står som begunstiga i forsikringsavtala, vil ikkje sambuaren din motta noko forsikringsutbetaling. Utbetalinga vil då følge arverekkefølga etter arvelova og testamentet. Det kan gje økonomiske konsekvensar for dine etterlatne med tanke på felles gjeld.
Hugs at de også kan ha livsforsikringar gjennom arbeidsgjevar (gruppelivsforsikring) eller medlemskap i fagforeiningar, som til dømes LOfavør Grunnforsikring.
Ønsker du livsforsikring på sambuaren din?
Det er vanleg å kryssforsikre kvarandre, slik at de sikrar økonomien til kvarandre ved dødsfall.
Særkullsbarn er barn du har med ein tidlegare partner.
Viss det skjer eit dødsfall, har dette barnet rett til arven sin med ein gong. Særkullsbarn vil ikkje nødvendigvis akseptere at noverande partner sit i uskiftet bu (til dømes held huset eller hytta utan å fordele arv). Dei har rett til å krevje sin del av arven med ein gong, knytt til alle eigedelane den avdøde etterlot seg.
Viss du eller partnaren din har særkullsbarn, bør de vurdere å sette kvarandre opp som begunstiga på forsikringa, og eventuelt auke forsikringssummen i samsvar med særkullsbarnet sin rett til arv. Denne forsikringssummen kan bidra til å sikre at skiftet med særkullsbarna ikkje blir ein like stor økonomisk belastning.
Viss den avdøde ikkje har valt begunstiga, vil utbetalinga gå til ektefelle. Viss avdøde var ugift eller separert vil utbetalinga følge arverekkefølga i arvelova og testament.
Etter arvereglane hamnar arven til den eller dei som befinn seg i den næraste arveklassen. Arverekkefølga i arvelova er delt i tre arveklassar:
Les meir om arveoppgjer
Har nokon i næraste familie gått bort?
Når du kjøper ei personforsikring er det lovpålagt å levere helseopplysningar. Dette gjer du ved å svare ærleg på alle spørsmåla i helseerklæringsskjemaet.
Livsforsikring (også kalla dødsforsikring eller dødsfallsforsikring) er ei forsikring som gir dine nærmaste ei skattefri utbetaling viss du dør.
Når du kjøper ei livsforsikring, får du anbefalt ein livsforsikringssum basert på bustadlån og årsinntekt. Du vel kven som skal få utbetalinga. For å kjøpe livsforsikring må du vere mellom 16 - 79 år, og fylle ut ei helseerklæring. Livsforsikringa varer til du fyller 80 år.
Kva kan utbetalinga av ei livsforsikring brukast på?
Ei utbetaling frå livsforsikringa kan brukast på kva som helst. Hovudformålet med livsforsikringa er at dei etterlatne kan fortsetje å ha same økonomiske levestandard som før. Mange nyttar altså denne summen på å betene gjeld som bustadlån, så dei slepp å måtte flytte og barna kan fortsetje i same barnehage/skule, og på same fritidsaktivitetar som før.
Det finst òg livsforsikring for kjæledyr, der du får ei utbetaling viss dyret ditt døyr, må avlivast, blir borte eller stole.
Sjå også:
Kva er gruppelivsforsikring?
Kva kostar livsforsikring?
Kva dekker livsforsikring?
Kva er aldersgrensa på livsforsikringa?
Kan eg ha fleire livsforsikringar?
Prisen du må betale for ein livsforsikring er basert på fleire ting. Før du får pris må du blant anna velje:
Livsforsikring kostar frå ca 100 kr i månaden og oppover, per million du ønsker som forsikringssum. Når du kjøper livsforsikring må du også svare på ei helseerklæring som også kan gjere at prisen blir justert. For eksempel dersom du røyker, vil prisen bli høgare.
Sjå også
Kor stor livsforsikringssum bør eg velje?
Kven får utbetalinga frå livsforsikringa mi?
Kor lenge varer forsikringa?
Er det skatt på livsforsikring?
Kan eg ha fleire livsforsikringar?
Dødsforsikring og dødsfallsforsikring er det same som livsforsikring.
Hvis du døyr kan det få store konsekvensar for familien sin inntekt. Ei dødsfallsforsikring gir dei som sit igjen moglegheita til å ha same levestandard som før. Dei kan betjene bustadlånet, betale ned gjeld, unngå å måtte flytte og barna kan fortsette på same skule og fritidsaktivitetar. Ein dødsfallsforsikring sørger for at økonomien ikkje er det som set ein stopper for at livet går vidare.
Nei, utbetalinga av ein livsforsikring er skattefri. Dine etterlatne får altså utbetalt heile forsikringssummen frå din livsforsikring dersom du døyr.
Sjå også
Livsforsikringa dekker dødsfall, uansett årsak.
Utbetalinga (forsikringssummen) er skattefri og blir utbetalt til dine næraste (begunstigede eller arverekkefølge). Storleiken på denne utbetalinga vel du sjølv når du kjøper forsikringa. Høgaste livsforsikringssum du kan velje er basert på inntekt og bustadgjeld.
Er de avhengig av to inntekter, bør de kryssforsikrast (livsforsikring på både deg og partnaren din).
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium