signering av kontrakt

Tips og råd

Slik går du fram i eit arveoppgjer

Når ein person døyr er det ofte mange kjensler inne i biletet. Samtidig skal arven fordelast til dei etterlatne. Arvelova seier noko om kven som har arverett og kor mykje kvar arving har rett på, viss den som døyr ikkje har sett opp eit testament.

Slik blir arven fordelt

Arven etter ein person er det avdøde etterlèt seg. Etter at gjeld og utgifter er betalte, blir det som blir att fordelt på arvingane. Dersom avdøde ikkje har oppretta eit testament, vil arven fordelast etter arverekkefølgja i arvelova.

Lova set klare grenser som gjer at du ikkje fritt kan bestemme sjølv kven som skal få arven etter deg. Mellom anna har ein noko som heiter pliktdelsarv, som er den delen av arven som avdøde ikkje kan ta frå arvingane i eit testament. 

Du finn arvelova i Lovdata.

Kven har rett til arv i følgje arvelova?

Dersom avdøde hadde barn (slektsarvingar i fyrste rekke eller livsarvingar), har du som ektefelle uansett rett på 1/4 av arven (legalarv).

Hadde avdøde ingen barn, men sysken eller foreldre (slektsarvingar i anna rekke), har du som ektefelle rett på 1/2 av avdødes etterlatte formue. Hadde avdøde ingen arvingar i første eller anna rekke, har du rett på heile arven til avdøde. 

Du har likevel krav på minimum 4 gonger grunnbeløpet (4G) om det er livsarvingar i buet, uansett om dette overstig ein firedel av nettoverdien av buet. Dersom det ikkje er livsarvingar, men arvingar i anna rekke, har ektefellen krav på minimum 6 gonger grunnbeløpet (6G). Dette gjeld òg om det blir meir enn halvparten av nettoverdien av buet.

1G = 118.620, og blir justert kvart år. Retten til minstearv går føre livsarvinganes pliktdelsrett, og kan ikkje avgrensast ved testament.

Er du son eller dotter til avdøde (livsarving), har du ifølgje arvelova saman med eventuelle andre livsarvingar rett på minst 2/3 av verdien av buet (pliktdelsarv). Den retten kan ikkje takast frå deg. Pliktdelsarv er likevel ikkje større enn 15 G, slik at avdøde (arvelater) har rett til å testamentera bort verdiar som overskrid dette beløpet. Avdøde kan òg testamentere bestemde eigedelar til ein livsarving, sjølv om eigedelen er verd meir enn han/ho skal arva.

Barnet til avdøde arvar i utgangpunktet likt. Dersom ein son eller dotter døyr, blir pliktdelsarva til vedkomande fordelt på hans eller barna hennar. Så lenge det finst livsarvingar, blir det ingen slektsarv til andre slektningar. 

Dei resterande 1/3 av arven kan avdøde disponera fritt i testamentet sitt.

Som sambuar til avdøde, skiljast det mellom om de har, har hatt, ventar eller ikkje har barn saman. Dersom du har, har hatt eller ventar barn med arvelater, har du rett til 4 gonger grunnbeløpet i arv. Denne arven går føre arveretten til livsarvingar, også pliktdelsarven.

Dersom du ikkje har, har hatt eller ventar barn med avdøde - men de var sambuarar i over fem år - kan det i testamentet til arvelater vere bestemt at gjenverande sambuar skal ha tilsvarande arverett på 4 gonger grunnbeløpet. Denne går då også føre pliktdelsarvet til livsarvingar.

Desse reglane inneber altså at nokre sambuarar har krav på eit minimumssarv som går føre livsarvingar, medan andre sambuarar (utan barn, men sambuarar i fem år) ved testament kan bestemma ein slik arverett og førerett. Sambuarar utan livsarvingar står fritt til å bestemma i testament korleis arven skal fordelast.  

For einslege personar utan barn, er regelen kort: avdøde kan testamentera heile formuen sin til kven som helst. Er det ikkje skrive testament, går arven til andre slektningar. Her kjem foreldre i førsterekke, så søsken. Avdødes fetrar og kusiner er dei fjernaste arveberettigede slektningane. Er det berre fjernare slektningar, og avdøde ikkje har skrive noko testament, går arven til staten.

Kva skjer med bankforholdet?

Lurar du på kva som skjer med bankforholdet til den avdøde, og kva du må gjere med dødsbuet? Vi anbefaler deg å avtale eit møte med ein rådgivar for ein gjennomgang av praktiske gjeremål i samband med avdødes bankforhold. 

Korleis bør eg organisere arvefordelinga?

Kven skal arva hytta? Bilen? Måleriet? Båten? Det finst ulike måtar å fordela arven på. Her er tre råd som kan gjere det enklare for de i arveoppgjeret:

  1. Sjå til at de er samde om at gåver eller pengar de har fått mens avdøde levde var forskudd på arv eller gåve som ikkje skal medreknast arveoppgjeret.
  2. Sørg for at de er samde om verdien på alle gjenstandane. 
  3. Blir det vanskeleg, kan det vera ei løysing å fordela arven gjennom loddtrekning – enkelt og greitt! Få ein advokat til å sette opp ein forpliktande avtale, møt på kontoret for å trekka lodd om kvar eigedel.

Tips!

Blir det for vanskeleg, og kjem de aldri til semje, anbefaler vi at de ber om offentleg skifte. Då tar tingretten seg av jobben. 

Kven kan hjelpe meg vidare?

Som vi har nemnt tidlegare, er det god hjelp å få hos tingretten. Elles vil du finna nyttig informasjon hos:

Vi håpar råda våre har gjort det klarare for deg, og at arveoppgjeret vil gå fint utan nokre konfliktar. Lykke til vidare i prosessen!


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }