Flytteforsikring
Er du på flyttefot? Har du innbuforsikring hos oss kan du vere trygg på at tinga dine er forsikra, også under transport.
Er du på flyttefot? Har du innbuforsikring hos oss kan du vere trygg på at tinga dine er forsikra, også under transport.
Meinte du flytte forsikring?
Flytteforsikring er inkludert i topp innbuforsikring og LOfavør innbuforsikring, og dekker skadar og tjuveri på flyttelasset som oppstår:
Viktig! Du er ikkje dekt ved lagring av flyttelasset i køyretøyet.
Flyttebyrå
Flytteforsikringa dekker også flyttelasset når du bruker flyttebyrå.
Har det skjedd noko med flyttelasset ditt?
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
For å endre adressa på innbuforsikringa di, kan du logge inn i mine forsikringar, mobilbanken eller nettbanken og velje "Innbuforsikring" under "Mine forsikringar". Der vil du finne linken til "Endre adresse". Dersom innbuforsikringa di nærmar seg hovudforfall, vil det ikkje vere mogleg å endre denne sjølv. Då må du ta kontakt med oss, så hjelper vi deg vidare.
Vi anbefalar at du ventar med å endre adressa til etter du har flytta til ny bustad og meldt dette til folkeregisteret. I flytteperioden dekkjer innbuforsikringane både ny og gamal adresse.
Har du LOfavør Innbuforsikring slepp du å endre adresse. Denne følgjer din folkeregistrerte adresse.
Treng du hjelp er det berre å ta kontakt med oss. Du kan både ringe oss, chatte, skrive til oss eller avtale eit møte med ein forsikringsrådgjevar i banken.
Har du innbuforsikring hos eit anna forsikringsselskap?
Nei, innbuforsikringa du har for heimet ditt gjeld berre for bustaden din. Har du hytte eller fritidsbustad må du ha ein eigen innbuforsikring for denne for å få dekka tinga du har der. Les om kva som er dekka i innbuforsikringa.
Har du einebustad, tomannsbustad eller rekkehus får du erstatta ting du har i garasjen. Bur du i leiligheit dekker tjuveri og hærverk i loft- og kjellarboder med inntil 100.000 kroner viss du har standard innbuforsikring og inntil 200.000 kroner hvis du har topp innbuforsikring. Har du felles garasje får du ikkje erstatta tinga du har der.
Standard innbuforsikring dekker frittståande kvitevarer ved brann, tjuveri eller vasskade. Har du topp innbuforsikring er du også dekt mot fysisk skade på frittståande kvitevarer ved uhell.
Ver merksam på at viss kvitevarene dine er integrerte, vil dei vere ein del av bygningen og er derfor ikkje dekt av bygningsforsikringa di (hytte- eller husforsikringa). Bur du i leiligheit har du ikkje eiga bygningforsikring, men du kan vere dekt av innbuforsikringa.
"Integrerte kvitevarer" refererer til kvitevarer som er fastmontert, nedfelte eller bygd inn i veggar, skap og liknande, eller tilkopla fast røyropplegg.
Jacuzzi, badestamp, boblebad og liknande
Jacuzzi, boblebad og liknande er berre dekte av innbuforsikringa ved tjuveri, naturskadar, brann, lynnedslag eller spenningsfeil på straumnettet. Viss den er integrert (fastmontert i hagen, nedfelt i terrassen eller tilkopla bygningen med fast røyropplegg), kan han vere dekt av hus- eller hytteforsikringa.
Døme på følgeskadar som er dekte
Dekt av garantien, men ikkje forsikringa
Viss koketoppen eller vaskemaskina di blir øydelagd fordi dei berre sluttar å fungere, er dei ikkje dekt av forsikring. Då bør du sjekke garantien som er på 2 eller 5 år avhengig av type kvitevare. Les meir om kva du bør gjere viss kvitevarene dine sluttar å fungere på forbrukerradet.no.
Har du skade/uhell?
Definisjonen på innbu og lausøyre er gjenstandar som ikkje er ein del av den faste eigedomen. Innbu og lausøyre inkluderer ting du eig og bruker heime, og som du vanlegvis tek med deg når du flyttar.
Innbu er typiske ting som ikkje sit fastmontert i bustaden. Døme på dette er møblar, klede, elektrisk utstyr, bøker, syklar, verktøy, grasklyppar og snøfresarar. Ting som står lagra i kjellaren, loftet og garasjen, reknast også som innbu. Desse tinga kan forsikrast gjennom innbuforsikringa.
Det er viktig å merke seg at gjenstandar som golv, varmepumpe, kjøkkeninnreiing og integrerte kvitevarer ikkje blir sett på som innbu, men som ein del av huset. Skade på desse tinga dekkast vanlegvis av husforsikring, ikkje innbuforsikring.
Bedrifter kan ha ein tilsvarande lausøyreforsikring for å dekke skade på gjenstandar som ikkje er ein del av den faste eigedomen.
Ting du tek med deg på reise, kallast reisegods.
Sjå også
Kva dekker innbuforsikring?
Gjeld innbuforsikring eg har heime på hytta òg?
Kva er innbuforsikring?
Kva dekker husforsikringa?
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium