Dekker forsikringane vasskadar på tak, golv, møblar og kvitevarer?

Dersom det skjer ei skade på huset eller hytta som fører til vasslekkasje og vasskade, er sjølve huset eller bygninga dekka av husforsikring. Det vil seie tak, veggar, golv og alt som sit fast i bustaden (parkett, peis, varmtvannsberedar, varmepumpe, kjøkkeninnreiing osv.). Det same gjeld for hytta dersom du har hytteforsikring

Blir møblar eller frittståande kvitevarer øydelagt, er det innbuforsikring som vil dekke dette. 

Ved vasslekkasje frå tak
Forsikringa di skal dekke det som skjer plutseleg og tilfeldig. Viss til dømes taket ditt sakte, men sikkert blir øydelagt fordi du ikkje held det ved like, er det ein skade som skjer over tid. Då dekkast den heller ikkje av forsikring. For å vere dekka mot følgeskader som kjem av tak (inntil 50 år gammalt) som ikkje er tett, må du ha topp husforsikring.
 

Kva gjer eg ved vasslekkasje?

  1. Stopp vatnet og redd eigendelar
    Ved vasslekkasje frå vassrøyr, finn hovudstoppekrana og steng av vatnet. Hvis du ikkje får stoppa vatnet og det er behov for rørleggjar, så tilrår vi at du sjølv engasjerer ein rørleggjar. Fjern mest mogleg av vatnet, for å avgrense skaden. Flytt gjenstandar bort eller opp frå vatnet.
  2. Dokumenter skaden
    For å hjelpe deg er dette relevant: Liste over øydelagte ting. Kvitteringar for eventuelle utgifter i samband med hendinga. For at Fremtind skal finne ut om dei kan få reparert tinga dine, må du behalde dei til dei har sett på saka.
  3. Kontakt oss
    Meld skaden til Fremtind. Dei bistår deg òg dersom du treng akutt hjelp og gir praktiske råd gjennom heile prosessen. Ikkje begynn med reparasjonar før du har kontakta Fremtind – dei vil hjelpe deg med det.
    Er det skade på bygninga og du i burettslag må du òg melde ifrå til styret. Dei melder saka til sameiget/burettslaget sitt forsikringsselskap.
  4. Kva skjer etterpå?
    Ved små skader, kan vi som oftast behandle saka ganske raskt. Det er mogleg vi ber deg om å sende bilete av skadene. Ved større skader sender vi ein takstinspektør eller håndverkar til deg for å få betre oversikt. Dei takserer skaden og kan gje deg informasjon om prosessen rundt reparasjonen.

Har du både innbu- og husforsikringane hos oss, får du éin eigenandel, eitt kontaktpunkt og eit samla oppgjer ved skade. 

 

Sjå også
Dekker husforsikring at varmepumpe? 
kva dekker innbuforsikring?
Er eg dekka for maten i fryseboksen min?

Vannstoppar

Ved installering av FG-godkjent vannstoppar slepp du eigenandel  på inntil 6.000 kroner, om vannstopparen har bidratt til å førebygge ein større skade.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }