Dersom du ikkje har ein vasstoppar allereie, må du bestille ein ny smart vasstoppar. Har du allereie ein vasstoppar, kan du oppgradere den, slik at den blir smart.
Bestill ny vasstoppar.
1
Bestill vasstoppar.
Kjøp eller oppgrader til Waterguard+ vasstoppar, med rabatt.
Vi får automatisk melding om at du skal ha 10 % rabatt på husforsikringa di.
Eg har allereie installert Waterguard+
Dersom du allereie har installert Waterguard+, treng du berre å registrere deg i Abralife-appen. Deretter vel du «SpareBank 1» som forsikringsselskap, så får du automatisk 10 % rabatt på husforsikringa di.
Kva er ein smart vasstoppar?
Ein smart vasstoppar (Waterguard+) blir vanlegvis er montert under kjøkenvasken. Installasjonen fungerer som ein automatisk vassventil og er tilkopla både straum, vasstilførsel og mobilen din via ein app.
Ved hjelp av vassensorar som er plassert strategisk langs vassrøyra og under oppvaskmaskina, reagerer den raskt dersom det skulle oppstå ein vasslekkasje. Dersom den oppdagar fukt, vil den automatisk skru av vasstilførselen og varsle deg for å forhindre større vasskadar.
Den er også kopla til oppvaskmaskina sitt straumstøpsel. Dette gjer at vasstopparen kuttar straumen til oppvaskmaskina om den oppdagar lekkasje.
I Norge må nye bustadar følge bestemte reglar (kalla TEK10 og TEK17) for å hindre vasskadar. Dette betyr at bustadar som er omfatta av regelverket må ha ein vasstoppar. Dette gjeld for dei fleste hus som er bygd etter juli 2010.
Viss du skal pusse opp eller modernisere ein bustad som er bygd før 2010, må du følge gjeldande TEK-reglar.
Eit døme Ein huseigar har ein einebustad frå 1985 utan vasstoppar og med originale vassrøyr. Denne bustaden oppfyller byggteknisk forskrift fordi det ikkje var krav om vasstoppar i 1985.
I 2024 bestemmer huseigaren seg for å renovere kjøkkenet. Renoveringa inneber endring av vassrøyr og eigaren må følge dei nyaste reglane, TEK17. Eigaren er pålagd å installere vasstoppar.
Uavhengig av byggteknisk forskrift, anbefalar vi å setje inn vasstoppar. Denne sikrar huset ditt mot større vasskadar som ofte er kostbare å reparere.
Frostsikring
Frostsikring er ein funksjon som også kjem med Waterguard+. Denne funksjonen stenger vatnet dersom temperaturen blir for låg. Du bestemmer kva temperatur som skal utløyse vasstopparen (vi anbefalar ikkje lågare enn 10 grader). Frostsikring aktiverer du i appen.
Hugs! Sjølv om vatnet blir stengt når temperaturen blir for låg er det viktig å opne alle kranar og la vatnet renne ut til det ikkje er meir vatn igjen i røyra.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}