Har du fått vasslekkasje frå taket, vatn i kjellaren eller fuktskadar på parketten? Husforsikringa og innbuforsikringa dekker mykje av dette, men det er ikkje alltid vi dekker alt.
Vasskade og vasslekkasje | Forsikring
Lekkasje i tak
Dersom det lekker i taket ditt fordi du ikkje har vedlikehaldt det godt nok, dekkast ikkje dette av husforsikringa.
Har du topp husforsikring får du likevel erstatning for såkalla følgeskadar etter lekkasje frå taket. Til dømes dersom vatnet øydelegg parketten eller andre ting.
Forsikringsselskapa behandlar nemleg lekkasjen og den øydelagde parketten som to ulike skadar: Taket er den eigentlege skaden, medan parketten er ein såkalla følgeskade. Parketten blei med andre ord øydelagt fordi taket blei øydelagt først, og det er derfor du får erstatning for følgeskaden.
NB! Følgeskadar dekkast ikkje av standard husforsikring når lekkasjen skuldast manglande vedlikehald.
Dersom derimot eit tre plutseleg fell ned på taket, eller det blir øydelagt av ei flygande trampoline under ein storm, då hjelper forsikringa deg uansett. Topp og standard husforsikring dekker i så fall både sjølve skaden på taket og følgeskadane.
Er taket ditt mindre enn 5 år?
Viss det lekker kan du vere dekka av garantien på taket, men du må klage til dei som leverte taket. Du kan ha krav på erstatning både for taket og for følgeskadane.
Lekkasje frå varmtvassbehaldar
Har du hatt lekkasje frå varmtvassbehaldaren er du dekka for følgeskadar frå både standard og topp husforsikring.
Har du hatt skade på sjølve varmtvassbehaldaren som skuldast kortslutning på grunn av lynnedslag eller spenningsfeil på straumnettet, elektrisk fenomen eller brot på leidning er du også dekka for sjølve varmtvassbehaldaren (minus eigenandel og aldersfrådrag).
Fukt og vatn i kjellar
Fukt og vatn i kjellaren kan føre til mugg og råte, som igjen kan føre til ein helserisiko for dei som oppheld seg i bustaden. Det er derfor viktig å starte tørking og ventilering så snart som mogleg etter at vasskaden er oppdaga.
Årsaken til fukt i kjellaren er ofte liten eller ingen drenering rundt huset, tette dreneringsrøyr eller dårleg ventilering som fører til høg luftfuktigheit og kondens. Husforsikringa vil normalt ikkje dekke skadar som kjem av manglande vedlikehald.
Har du fått skadar på huset (samt følgeskadar) som følge av naturskadar eller røyrbrot er du dekka av husforsikringa.
Eigenandel
Eigenandelen for husforsikringa kan du velje sjølv, mellom fem summar frå 6.000 til 25.000 kroner. Jo høgare eigenandel du vel, jo billegare blir husforsikringa.
Har du allereie forsikring?
Du kan sjekke kva eigenandelen din er ved å logge inn til mine forsikringar eller velje forsikringa det gjeld.
Bygnings- og innbuforsikring i to forskjellige selskap?
Viss du har bygningsforsikring og innbuforsikring to forskjellige stadar og det oppstår skade på både bygning og innbu, må du betale to eigenandelar - eitt til kvart forsikringsselskap. Samlar du begge forsikringane dine her betalar du berre ein eigenandel. Vi gir deg også samlerabatt.
Sjekk pris, så hjelper vi deg med flyttinga.
Hussopp og råte
Har du hus- eller hytteforsikring kan du kjøpe tilleggsforsikring for hussopp og råte. Den dekker skadar som har oppstått ved råte, sopp eller insekt som øydelegg bygningen.
Kva dekker forsikringane?
Vilkår for Hus-, Innbu- og
Sopp-, råte, og insektforsikring
Vilkår
Her kan du laste ned fullstendige vilkår som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Har du forsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Tilleggsforsikring til husforsikring:
Kva lurer andre på?
Tenk deg at du skulle vere så uheldig at det byrjar å renne vatn inn gjennom taket, og vatnet frå taket øydelegg parketten i stova i same slengen.
Forsikringsselskapa behandlar dette som to ulike skadar: Taket som ikkje er tett er den eigentlege skaden, medan den øydelagde parketten er ein såkalla følgjeskade. Parketten blei med andre ord øydelagt fordi taket blei øydelagt fyrst.
Enkelt sagt kan vi seie at viss taket eller veggen lekker, og det ikkje har skjedd noko spesielt med huset før lekkasjen, så er lekkasjen alltid huseigarens ansvar. Og når det er huseigarens ansvar får hen heller ikkje erstatning for sjølve taket eller veggen.
Hvis du har topp husforsikring får du erstatning for følgjeskadar, men du får altså ikkje erstatning for taket som ikkje er tett. Har du standard husforsikring er du dessverre ikkje dekka for nokon av skadane.
Kva dekkjer vi? Og kva dekkjer vi ikkje?
De vanlegaste følgjeskadane skjer fordi huset er for dårleg vedlikeholdt, eller fordi handverkarar har gjort ein feil heime hos deg. Her er ein liten guide på kva som dekkast og ikkje dekkast med topp husforsikring og topp hytteforsikring:
- Følgjeskadar etter lekkasje frå tak/vegg
Du har sjølv ansvaret for at huset blir skikkeleg vedlikehaldt. Hvis det oppstår vasslekkasje frå eit tak eller ein vegg som er dårleg vedlikehaldt, dekker vi følgjeskadane så lenge taket ikkje er eldre enn 50 år. Du får derimot ikkje dekka utgiftene til å fikse taket eller veggen.
- Følgjeskadar etter handverkarfeil
Dersom håndverkaren gjer feil som fører til andre skader på eller i huset, er desse andre skadane følgjeskader. I utgangspunktet skal håndverkaren sjølv fikse både feilen og følgjeskadane, så lenge det er mindre enn 5 år sidan arbeidet vart gjort. Dersom håndverkaren likevel ikkje ordnar opp, og det er mindre enn 10 år sidan arbeidet vart gjort, vil toppforsikringen vår erstatte følgjeskadane. Reparasjonen av sjølve feilen må du betale for sjølv.
Hugs! Dersom det skjer ekstreme ting som for eksempel naturskadar, eller eit tre fell over bustaden din slik at taket blir lekk, dekkjer vi både den første skaden og eventuelle følgjeskadar. Dette gjeld uansett kva husforsikring du har. Les meir om kva husforsikringane dekkjer.
Sjå vår vedlikehaldskalendar, for full oversikt over kva du bør gjere for å vedlikehalde huset ditt.
Har du hatt skade på bustaden din?
Eigenandelen er det beløpet du må betale sjølv når du bruker husforsikringa, med unntak frå dei faste eigenandelane. Du kan velje kor mykje eigenandel du vil ha når du kjøper forsikringa. Du har fem valmoglegheiter for eigenandel.
- 6.000 kr
- 8.000 kr
- 10.000 kr
- 12.000 kr
- 15.000 kr
- 25.000 kr
Jo høgare eigenandel du vel, jo billigare blir husforsikringa.
Spesielle eigenandelar
Nokre eigenandelar har ein fast sum viss du får skade:
Dekning | Eigenandel |
Utleigeforsikring - Skade utført av leigetakarar eller deira gjester |
3 månaders depositum |
Integrerte kvitevarer - Frittståande kvitevarer dekkast av innbuforsikring |
2.000 kr |
Glas i vindauge og dører | 2.000 kr |
Sanitærporselen (vask, toalett osb.) | 2.000 kr |
Bekjemping av skadedyr | 2.000 kr |
Ansvar | 4.000 kr |
Rettshjelp | 4.000 kr + 20 prosent av overskytande utgifter |
Naturskade | 8.000 kr |
Vasskade - gjeld berre om du har ein vasstoppar som reduserte vassskaden |
inntil 6.000 kroner lågare enn valt eigenandel |
Har du allereie husforsikring?
Du kan sjekke kva din eigenandel er ved å logge inn til «mine forsikringar». Har du spørsmål eller ønsker å endre eigenandelen, kan du kontakte oss så hjelper vi deg.
Aldersfrådrag ved erstatning (hus og hytte)
Ved skade som følge av lynnedslag, spenningsfeil på nettet, brot på leidningar/utstyr eller annan tilfeldig og brå skade, gjerast det frådrag på grunn av alder. Dette gjeld mellom anna fastmontert utstyr i bustaden:
Fastmontert utstyr |
Frådragsfrie år |
Frådrag per påbegynt år (maks 80 %) |
Utvendige leidningar av anna materiale enn plast | 20 år | 5 % |
Bunnleidningar av anna materiale enn plast – leidningar som ligg i grunnen under huset | 20 år | 5 % |
Tankar og kummar av anna materiale enn plast/glasfiber | 20 år | 5 % |
Sjø- og jordvarmeledning | 20 år | 5 % |
Basseng/boblebad | 5 år | 10 % |
Berg- og jordvarmepumpe | 7 år | 10 % |
Luft til luft varmepumpe og luft til væskevarmepumpe | 5 år | 10 % |
Varmtvassbehaldarar, vasspumper og liknande | 5 år | 5 % |
Varmekablar og annan innretning for oppvarming og nedkjøling | 10 år | 10 % |
Innebygde elektriske hushaldningsmaskiner/ -apparat | 5 år | 10 % |
Solcelleanlegg | 20 år | 5 % |
Smarthusløysingar/elektroniske installasjonar | 5 år | 10 % |
Forsikring av garasje er ein tilleggsdekning du kan velje når du kjøper husforsikring og hytteforsikring. Du kan sjekke om du har tilleggsdekning for garasje ved å logge inn i mine forsikringar, mobilbanken eller nettbanken og sjå under husforsikring >tilleggsbygg.
Les: Kva dekkjer husforsikringane? og Dekkjer innbuforsikring tinga i garasjen?
Har du einebustad, tomannsbustad eller rekkehus får du erstatta ting du har i garasjen. Bur du i leiligheit dekker tjuveri og hærverk i loft- og kjellarboder med inntil 100.000 kroner viss du har standard innbuforsikring og inntil 200.000 kroner hvis du har topp innbuforsikring. Har du felles garasje får du ikkje erstatta tinga du har der.
Dersom det skjer ei skade på huset eller hytta som fører til vasslekkasje og vasskade, er sjølve huset eller bygninga dekka av husforsikring. Det vil seie tak, veggar, golv og alt som sit fast i bustaden (parkett, peis, varmtvannsberedar, varmepumpe, kjøkkeninnreiing osv.). Det same gjeld for hytta dersom du har hytteforsikring.
Blir møblar eller frittståande kvitevarer øydelagt, er det innbuforsikring som vil dekke dette.
Ved vasslekkasje frå tak
Forsikringa di skal dekke det som skjer plutseleg og tilfeldig. Viss til dømes taket ditt sakte, men sikkert blir øydelagt fordi du ikkje held det ved like, er det ein skade som skjer over tid. Då dekkast den heller ikkje av forsikring. For å vere dekka mot følgeskader som kjem av tak (inntil 50 år gammalt) som ikkje er tett, må du ha topp husforsikring.
Kva gjer eg ved vasslekkasje?
- Stopp vatnet og redd eigendelar
Ved vasslekkasje frå vassrøyr, finn hovudstoppekrana og steng av vatnet. Hvis du ikkje får stoppa vatnet og det er behov for rørleggjar, så tilrår vi at du sjølv engasjerer ein rørleggjar. Fjern mest mogleg av vatnet, for å avgrense skaden. Flytt gjenstandar bort eller opp frå vatnet. - Dokumenter skaden
For å hjelpe deg er dette relevant: Liste over øydelagte ting. Kvitteringar for eventuelle utgifter i samband med hendinga. For at Fremtind skal finne ut om dei kan få reparert tinga dine, må du behalde dei til dei har sett på saka.
- Kontakt oss
Meld skaden til Fremtind. Dei bistår deg òg dersom du treng akutt hjelp og gir praktiske råd gjennom heile prosessen. Ikkje begynn med reparasjonar før du har kontakta Fremtind – dei vil hjelpe deg med det.
Er det skade på bygninga og du i burettslag må du òg melde ifrå til styret. Dei melder saka til sameiget/burettslaget sitt forsikringsselskap. - Kva skjer etterpå?
Ved små skader, kan vi som oftast behandle saka ganske raskt. Det er mogleg vi ber deg om å sende bilete av skadene. Ved større skader sender vi ein takstinspektør eller håndverkar til deg for å få betre oversikt. Dei takserer skaden og kan gje deg informasjon om prosessen rundt reparasjonen.
Har du både innbu- og husforsikringane hos oss, får du éin eigenandel, eitt kontaktpunkt og eit samla oppgjer ved skade.
Sjå også
Dekker husforsikring at varmepumpe?
kva dekker innbuforsikring?
Er eg dekka for maten i fryseboksen min?
Eig du eit hus eller ei hytte har du eit vedlikeholdsansvar. Det vil sei at du er sjølv ansvarleg for å rydde snø av taket, balkongen eller terrassen. Bygningsforsikringa dekkjer skadar som oppstår på grunn av tung snø på taket eller terrassen, dersom skadane er uforutsett og skjer tilfeldig og plutseleg. Dersom du ikkje passar på å måke vekk snø av taket, kan du få avkorting på forsikringen viss det skulle skje skade.
Kor mykje snø tålar taket?
Hugs innbuforsikring på hytta
Hytteforsikringa dekkjer kun bygningane og det som er fastmontert. Husk at du må ha ein eigen innbuforsikring på hytta for innbuet du har på hytta.