Eigenandel innbuforsikring

Eigenandelen er den summen du må betale sjølv viss du vel å bruke forsikringa. Du vel sjølv kor stor eigenandel du ønsker.

Eigenandel

Eigenandelen er det du som hovudregel må betale sjølv viss du bruker forsikringa. Du kan velje kor stor eigenandel du vil ha, blant fem summar: 2.000, 4.000, 7.000, 10.000 og 15.000 kroner. Jo høgare eigenandel du vel, jo billigare blir innbuforsikringa

Det finst også nokre unntak der eigenandelen er fast, lågare eller høgare, samt aldersfrådrag viss gjenstanden ikkje er heilt ny.

Har du allereie innbuforsikring?
Du kan du sjekke kva eigenandelen din er ved å logge inn til mine forsikringar og sjå under «innbuforsikring».

lo-favor-par-pc-sofa.jpg

Eigenandel for LOfavør innbuforsikring

Har du LOfavør Innbuforsikring har du også lågare eigenandel. Dersom de er to i hushaldninga som er medlemmar i LO-forbund, er det ingen eigenandel så lenge skaden er på over 2.000 kroner. Er du studentmedlem har du heller ingen eigenandel ved skade, anna enn på mobil og nettbrett.

Sjå vilkår for detaljar


Spesielle eigenandelar

Nokre gjenstandar har fast eigenandel.

Gjenstand/dekning: Eigenandel:
Sykkel 4.000 kroner
Mobiltelefon/nettbrett 2.000 kroner
Tjuveri av sykkel (registrert i FG-godkjent sykkelregister)* 2.000 kroner
Brotskade på bygningsglas og -porselen
(vindauge, dør, vask, toalett, badekar o.l.)
2.000 kroner
Ansvar 4.000 kroner
Rettshjelp 4.000 kroner
+ 20 % av overskytande utgifter
Juridisk bistand ved ID-tjuveri 4.000 kroner
+ 20 % av overskytande utgifter
Naturskade 8.000 kroner
(fastsett i samsvar med lov om naturskadeforsikring)
Vasskade
- gjeld berre om du har ein vasstoppar som reduserte vasskaden
inntil 4.000 kroner lågare enn valt eigenandel

*viss ikkje sykkelen er registrert i FG-godkjent register, er eigenandelen 4.000 kr.


Frådragsreglar

For nokre gjenstandar som er kjøpt nye er det aldersfrådrag. Ting du har overtatt brukt blir erstatta etter sin omsetningsverdi.

Gjenstand: Frådragsfrie år: Frådrag per påbegynt år (maks 80 %):
Kvitevarer og brunevarer 5 10 %
Mobiltelefon 1 20 %
Elektronisk utstyr med tilbehør 1 10 %
Varmepumpe (luft til luft) 5 10 %
Utvendig boblebad og jacuzzi 5 10 %
Sykkel 3 20 %
Briller 1 10 %

Éin eigenandel

Har du både husforsikring og innbuforsikring hos oss, betaler du berre éin eigenandel ved skade på både bygning og innbo.

Har du innbuforsikring hos oss mens husforsikringa er i eit anna selskap, må du betale to eigenandelar ved slike skadar. Det kan derfor løne seg å flytte begge til same forsikringsselskap. Det vil også gi deg samlerabatt.

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }