Mobilbank
Med mobilbank er det enklare å styre kvardagsøkonomien. I Norges beste mobilbank kan du tilpasse ting akkurat sånn du vil.
Med mobilbank er det enklare å styre kvardagsøkonomien. I Norges beste mobilbank kan du tilpasse ting akkurat sånn du vil.
Lett å bruke og raskt å gjere vanlege bankting.
Kundeservice er open kvar dag,7 - 22 (10 - 18) heile året frå
Mobilbanken er gratis å laste ned, og gratis å bruke. Sjå den fullstendige prislista til banken.
Last ned for iPhone og iPad
Last ned for Android
I min økonomi blir alt du bruker delt opp i kategoriar så du får betre oversikt over privatøkonomien din. Det er enkelt å sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein gyllen moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.
Her finn du fondssparing:
Hurra! Du har tatt eit godt val med sparinga di.
Å logge inn med fingeren eller ansiktsgjenkjenning kjenner du kanskje til, og no kan du også betale på same måte. Då går det endå raskare enn før!
Du kan betale med finger og ansikt på alle betalingar under 5.000 kroner.
Slik gjer du det:
Treng du å sjekke kor mykje pengar du har på kontoen lynraskt? Med widgeten vår ser du saldoen med eit sveip.
No kan du sjå alle kredittkorta og forbrukslåna dine, uavhengig kva bank du har dei i. Informasjonen hentar vi frå Norsk Gjeldsinformasjon.
Oversikta gir deg meir kontroll over alle smålåna og kreditten din. Kanskje du har eit kredittkort du hadde gløymt? Eller ein lånekonto du ikkje har brukt?
I oversikta kan du òg sjekke om du bør refinansiere nokre av låna eller kredittkorta dine, viss det lønner seg. Då kan du får meir å rutte med.
1. Gå til Oversikt.
2. Trykk på Legg til konto eller kort.
3. Trykk på Kredittkort og forbrukslån.
4. Gi samtykke til at vi kan hente informasjon frå Norsk Gjeldsinformasjon.
I mobilbanken får du god oversikt over pensjonen din. Du kan enkelt sjå kor mykje du bør spare, for å få den pensjonen du vil ha når du blir pensjonist.
Visste du at du kan endre eller avslutte abonnement og faste utgifter i mobilbanken? Start med å få oversikt over alle dei faste utgiftene dine. Viss du finn noko du ikkje bruker så mykje, kan du endre eller avslutte dei med ein gong.
No er det enkelt å betale papirfaktura og rekningar på e-post i mobilbanken. Du tar bilde av papirfakturaen eller kopierer fakturaen frå e-posten og slepp kopiering av kontonummer og KID.
Papirfaktura - slik gjer du:
Rekning på e-post - slik gjer du på iOS:
La sparinga gå av seg sjølv Med mikrosparing kjem du litt nærare sparemålet ditt kvar gong du bruker kortet.
Her finn du mikrosparing:
Du er i gong med sparinga neste gong du dreg kortet!
Eit smart tips for ein enklare kvardagsøkonomi og privatøkonomi er å sette opp fast overføring av vekepengar til barn. Då slepp du å hugse på det kvar veke.
Sjå også meir informasjon om mobilbank for barn og korleis du bestiller mobilbank for barn.
Treng du hjelp til stort og smått om personleg økonomi, kan du chatte med oss eller kontakte kundeservice i mobilbanken.
Chatten finn du under menyen "Meir" nedst til høgre i mobilbanken. Viss chatboten ikkje kan svare, blir du sett over til ein rådgjevar.
Kundeservice er open kvar dag Telefonnummeret finn du i appen før du loggar inn. Klikk på dei tre strekane øvst til venstre.
Vi er superstolt av mobilbanken vår, og veldig glad for at Cicero Consulting no har kåra den til Norges beste mobilbank.
Rapporten analyserer dei norske mobilbankane og gir innsikt i kva som kjenneteiknar dei beste løysingane på markedet.
Under Mine køyretøy i mobilbanken får du betre oversikt over kva det kostar å ha bil, båt og andre køyretøy.
Du ser mellom anna:
Sett av pengar
- og lag eigne kontoar for ulike formål
Få kontroll på forbruket
- og finn ut kvar pengane blir av
Spar enkelt til pensjon
- for du vil vel ha like god råd som pensjonist?
Nokre gonger må du berre fikse ting kjapt. Du kan òg melde skade, endre køyrelengde på bilforsikringa, søke lån og endre lånet.
Plutseleg tomt på kortet?
Med mobilbanken flyttar du kjapt pengar til kortet utan å lage kaos i køa.
Er kortet vekke?
Ta det roleg. Du kan sperre kortet ditt i mobilbanken. Finn du det igjen, er det like enkelt å opne igjen.
Vanskeleg å spare?
Neida, startar du mikrosparing sparer du litt kvar gong du bruker kortet. Då går det av seg sjølv.
Det er enkelt å logge inn i mobilbanken! Første gong må du logge inn med BankID (eller med løysinga "Uten BankID" viss du bruker det). Etter dette loggar du inn enten med ein sjølvvalt PIN-kode, eller du kan bruke biometri – det vil seie fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning (Face ID).
Mobilbank kan du få frå du fyller 13 år dersom du har BankID. Er du 12-14 år må BankID bestillast av foreldre eller føresette. Dersom du er 15 år eller eldre kan du komme innom eit av bankkontora våre for å få BankID. Hugs å ta med gyldig pass eller norsk nasjonalt ID-kort.
For barn over 6 år har vi Spink - mobilbanken for barn.
Har du gløymt PIN-koden til mobilbanken, eller ønsker du å endre den, må du aktivere mobilbanken på nytt. Dette gjer du enkelt frå innloggingsskjermen i mobilbanken.
Trykk på menyen oppe til venstre (3 strekar). Trykk så på Gløymt PIN og Lag ny PIN.
Hugs at du må bekrefte med BankID for å endre PIN.
Sjå også:
Gløymt BankID-passord
Gløymt PIN-kode mobilbank for barn
Gløymt PIN-kode bankkort
Glemt PIN-kode kredittkort
Ja. Synkronisering med Apple Watch kan aktiverast i mobilbanken under Meir – Innstillingar – Klokkebank. Du kan ikkje utføre banktenester på klokka, men den hjelper deg med å halde oversikta over saldo og transaksjonar. Mobilbank på Apple Watch vil berre fungere når du har klokka i nærleiken av mobiltelefonen din.
Viss du har BankID-appen på telefonen din, må du ta kontakt med oss på 57 82 97 00 for å sperre BankID-en din.
Dette gjeld også viss du har ein av dei gamle innloggingsløysingane liggande igjen på telefonen (BankID på mobil eller eingongskode-appen).
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium