Tips og råd
TIPS OG RÅD
Sikker bruk av nettbank og mobilbank
Her er våre tips til korleis du trygt bruker mobil, nettbrett og pc til bankting.
TIPS OG RÅD
Her er våre tips til korleis du trygt bruker mobil, nettbrett og pc til bankting.
Mange mobilar og datamaskiner kjem med gode sikkerheitsfunksjonar innebygde. Det kan likevel vere lurt å installere eit godt sikkerheitsprogram (antivirus-program). Det sørger for å:
Når det kjem sikkerhetsoppdateringar på program, operativsystem eller appar, bør du installere desse så fort som mogleg. Det enklaste er å sjekke at dei automatiske oppdateringane fungerer på mobilen og datamaskina di. Du bør òg oppdatere nettlesaren din jamleg.
Skulle du likevel få virus på datamaskina, anbefaler vi at du ikkje bruker nettbanken før du har fjerna dette. Treng du hjelp, kan du kontakte dataleverandøren din eller sjå om du finn svaret på nettvett.no.
Kjenner du ikkje til programmet du er i ferd med å starte? Eller endå verre: Kjenner du ikkje til kjelda som programmet kjem frå? Ver oppmerksam på at nettlesartillegg eller -utvidingar, skjermspararar og anna gratis programvare i mange tilfelle er kjelder for virus og ondsinna kode.
Mobil/Nettbrett: Last berre ned appar frå Apple App Store eller Google Play. Les omtalene av appen før du installerer. Andre brukarar kan ha negative opplevingar med appen som det er lurt å fange opp. Viss appen ber om løyve han ikkje bør ha behov for, bør du vurdere om du skal installere den.
....og hugs å logge ut.
Passord og kodar skal ikkje skrivast ned, men hugsast. Hald dei for deg sjølv og ikkje gje dei til andre, heller ikkje til nokon som utgir seg for å vere frå banken eller politiet på e-post eller SMS.
Viss du bruker kodebrikke, må du passe på at andre ikkje får tak i ho. Det er berre du som skal ha tilgang til korta og kodebrikka di.
Les meir om svindelforsøk på e-post (Phishing)
Får du e-postar som inneheld ukjente vedlegg eller lenker, bør du vere forsiktig med å opne dei. Slike e-postar blir ofte brukte for å spreie ondsinna programvare, eller for å sende deg til nettsider som svindlar deg.
Det er ganske enkelt å forfalske ein e-post, og utgje seg for å vere frå kjente avsendarar, som til dømes banken din. Lenker i slike e-postar kan leie inn på falske nettsider, der nokon prøver å lure frå deg passord og sikkerheitskodar. Viss innhaldet i ein e-post er for godt til å vere sant, er det som oftast det.
Du har også liten kontroll over sikkerheita på ei datamaskin på internettkafé eller liknande. Vi fråråder at du nyttar datamaskiner som du ikkje har kontroll på til å logge inn i nettbanken din.
Det er større risiko for å bli svindla viss du blir kontakta rundt noko som er relevant for deg, eller noko som nyleg har skjedd i livet ditt. Ver forsiktig med kva slags informasjon du legg ut på sosiale medium og andre nettsider. Har du til dømes nyleg gått til innkjøp av noko på nett, kan dette føre til at du får falske masseutsendingar på e-post med ondsinna kode.
Ein e-post kan enkelt lesast av uvedkomande viss du til dømes sender den frå dårlege sikra, trådlause nett på hotell, kaféer, eller liknande. Vi anbefaler at du aldri sender konfidensiell informasjon, som brukarnamn, passord, fødselsnummer, kortnummer, eller mobilnummer, på e-post eller usikre nettsider. Å oppgi fødselsnummer til usikre kjelder kan vere starten på ID-tjuveri og svindelforsøk.