SMS-svindel
Svindel på SMS, også kalla SMiShing, blir stadig meir vanleg. Her vil svindlarane fiske etter sensitiv informasjon, gjerne ved å sende deg ei melding med ei lenke du absolutt ikkje bør klikke på.
Svindel på SMS, også kalla SMiShing, blir stadig meir vanleg. Her vil svindlarane fiske etter sensitiv informasjon, gjerne ved å sende deg ei melding med ei lenke du absolutt ikkje bør klikke på.
Smishing er ein metode som liknar på phishing, men i staden for e-postar bruker svindlerene tekstmeldingar (SMS) der dei forsøker å lure deg til å gi opp sensitiv informasjon som dei kan misbruke.
Det er ingen seriøse aktørar som heilt tilfeldig ber deg om å logge inn eller oppdatere personopplysningar via ei lenke i SMS. Dette er eit typisk raudt flagg på smishing!
Døme på SMS-svindel
Eit døme på smishing kan vere ei tekstmelding som visstnok er frå ein offentleg aktør, som ber mottakaren om å opne ei melding eller stadfeste kontoopplysningar ved å klikke på ei lenke og logge inn på ei falsk nettside.
Er du i tvil om SMS-en er ekte eller ikkje, kan du gå til nettsida til aktøren, finne telefonnummeret deira, og ringe å spørje om dei nyleg har sendt ut ein slik SMS. Ein tommelfingerregel er å alltid logge inn via aktøren si offesielle nettside og ikkje via lenker.
Vidaresend gjerne SMS-en til nettsvindel@sparebank1.no, slik at vi saman kan stoppe nye svindelforsøk. Deretter bør du slette SMS-en snarast, utan å trykke på lenka. Så lenge du følger dette rådet er du trygg, og du treng ikkje å ringe oss.
Har du klikka på lenka i ei svindelmelding kan du risikere at du har fått virus på PC-en eller mobilen din. Då må du installere/gjenopprette alle program på nytt. Er du usikker på korleis dette blir gjort, bør du kontakte datakyndige, til dømes der du kjøpte PC-en eller mobilen din, eller eit firma som tilbyr teknisk støtte. Les meir om sikring av datamaskin, mobil og nettbrett på nettvett.no.
Har du klikke på ei lenke i svindelmeldinga og fylt ut betalingsinformasjon må du ta kontakt med oss på 57 82 97 00 umiddelbart! Då kan vi få sperra kortet, konto og eventuelt BankID så raskt som mogleg.
Sjekk om kontoen din er belasta noko som du ikkje er kjent med. Viss det har skjedd, sender du inn reklamasjon i mobilbanken eller nettbanken etter at du har kontakta oss.
Endre også passorda dine for alle brukarstader som kan vere berørt.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium