Phishing, også kjent som falske e-postar, er svindelforsøk der svindlarane utgir seg for å vere nokon du stolar på for å lure deg til å gi frå deg sensitiv informasjon eller overføre pengar til dei.
Phishing er blant dei vanlegaste formene for svindel. Her tar svindlarane kontakt via e-post (men sjå òg SMiShing) og prøver å lure deg til å oppgi personleg informasjon dei kan misbruke. Svindlarane ber deg enten svare på e-posten eller gir deg ein link som går til ei falsk nettside. Du bør aldri trykke på ei lenke for så å oppgi BankID og annan personleg informasjon.
Faresignal du kan sjå etter
Punkta nedanfor betyr ikkje nødvendigvis at avsendaren har ureint mjøl i posen, men jo fleire punkt som stemmer, desto meir på vakt bør du vere.
Du får ein e-post du ikkje forventar frå ein person eller eit selskap du har tillit til.
Du blir bedt om å gi opp sensitiv informasjon enten ved å svare på e-posten eller ved å følge ein link i e-posten. Det kan til dømes vere ein netthandel, eit postselskap eller eit budfirma som ber deg oppdatere betalingsinformasjonen din.
Nokon du kjenner tar kontakt og seier dei er i trøbbel og berre treng at du låner dei pengar.
Avsendar påpeikar at det hastar at du gjer det dei ber deg om.
Slik unngår du å bli lurt
Aldri gi frå deg sensitiv informasjon (til dømes fødselsnummer, BankID-passord, kortnummer eller PIN-koder) på e-post, sjølv om dei som ber deg gjere det ser ut til å vere banken, politiet, eller andre du stoler på. Vi vil aldri be deg om å oppgi denne typen informasjon, verken via e-post eller telefon.
Ta deg tid til å vurdere om førespurnaden kan vere svindel. I ein travel kvardag er mange av oss vant til å løyse ting kjapt på mobilen så fort vi får e-posten, «så er det ute av verda», før vi eigentleg har tenkt oss om. Det veit svindlarane å utnytte seg av.
Tenk gjennom om kommunikasjonen rimar med korleis dette selskapet har pleidd å kommunisere med deg.
Sjekk om domenenamnet stemmer overeins med det du er vant til frå avsendar, både i e-postadressa og i linken i e-posten. For SpareBank 1 skal domenenamnet vere sparebank1.no.
Om du får meldingar frå venner eller familie som seier dei er i trøbbel, ring vedkommande/legg på og ring personen opp igjen, og sjekk at det faktisk stemmer. Ikkje overfør pengar om du er i tvil!
Dette gjer du med phishing-e-posten
Har du mottatt ein e-post du trur er eit svindelforsøk?
Viss du ikkje har trykt på ei lenke, svart på e-posten eller opna nokre vedlegg, er ingen skade skjedd. Slett e-posten.
Har du trykt på ei lenke eller opna eit vedlegg, kan det vere at du har fått datavirus. Les meir hos Nettvett.no.
Har du gitt frå deg opplysningar til avsendaren av e-posten, enten ved å svare på e-posten eller etter å ha følgt ein link, må du ta kontakt med oss på 57 82 97 00 umiddelbart.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}