Del på sosiale medium

Svindlarar i sosiale medium prøver å stele både identiteten og pengane dine. Det er viktig å vere oppmerksam på kva du deler og kven du snakkar med. 

Dame som sit med mobilen. Illustrasjon.

Vanlege svindlar på sosiale medium

Problemet med svindel på sosiale medium er at det er så utruleg mange av dei. Her er nokre døme på svindelmetodar som blir brukte på sider som TikTok, Facebook og Instagram.

Det florerer av investeringssvindlarar på sosiale medium. Dei lagar overbevisande nyheitssaker, annonsar og nettsider, og lovar skyhøg avkasning med låg risiko. Ofte misbruker svindlarane kjendisar eller merkevara til store, kjente aktørar vi stoler på. Den misbrukte kjendisen «anbefaler» denne investeringsforma og garanterer deg rikdom og pengar – noko dei ekte folka aldri ville gjort.  

Investering i kryptovaluta blir meir og meir populært. Mange av svindelsakene handlar om falske handelsplattformer for investeringar på nett. Fleire falske investeringsplattformer ser heilt ekte ut, men dei er sett opp av organiserte kriminelle som står klare for å ta pengane dine.

Ofte startar svindelen med at du må opprette ein brukar på den falske plattforma. I nokre tilfelle blir du ringt av falske meklarar som skal hjelpe deg å investere. Om dei garanterer deg avkasting bør varsellampene lyse. 

Du blir kontakta av nokon du kjenner på til dømes e-post eller Messenger. Ein svindelvariant er at vennen din er i trøbbel, og må låne pengar for å komme seg ut av knipa. Pengane må overførast så fort som mogleg.

Her har svindlaren mest sannsynleg tatt kontroll over mobilen eller kontoen til vennen din, og bruker den til å svindle omgangskretsen til den eigentlege eigaren.

Om du får merkelege meldingar frå venner eller familie i trøbbel er det alltid lurt å ringe tilbake og sjekke at dette faktisk stemmer. Ikkje overfør pengar om du er i tvil!

Ein svindeltype som verkeleg har tatt av i popularitet dei siste åra kallast «sextortion scam» på engelsk. Denne svindeltypen blir kjenneteikna ved at svindlaren påstår at han har fått tilgang til offerets webkamera, og har filma at vedkommande har sett på pornografi.

Svindlaren gir opp som ein regel ein Bitcoin-adresse offeret kan betale til, og viss ein betaler så vil filmen bli sletta. Viss ikkje blir filmen sendt til e-postkontaktane til offeret. I realiteten har svindlaren aldri hatt tilgong til webkameraet eller dataloggar, og det finst ingen slike filmar.

Denne svindelforma har skapt store vanskar for mange norske kvinner og menn. Svindelen startar med ein tilsynelatande uskuldig førespurnad frå ein person med ein interessant bakgrunn, til dømes ein tidlegare amerikansk soldat eller ein vellykka forretningsperson.

Ofte startar det med ein venneforespørsel på Facebook. Etterkvart blir samtalen flytta til SMS og telefon. Svindlaren deler ofte bilde, men dei unngår å bruke video i samtalane.

Det blir bygt opp stor tillit gjennom følelsesmessig involvering og romantikk. Først etter fleire månadar med tillitsbygging oppstår det uventa hendingar der svindlaren ber om pengar for å løyse eit problem. Deretter opplever svindlaren stadig nye problem som krev pengar, og resultatet er at offeret blir tappa for sparepengane og i verste fall tar opp lån for å hjelpe «kjærasten» ut av knipen. 

Kryptovaluta blir også misbrukt som betalingsmetode i kjærleiksbedrageri, ved at det blir brukt som eit alternativ til normal bankoverføring.

Kontokapring er ei form for ID-tjuveri der kriminelle tar kontroll over brukarkontoane til offeret, til dømes på e-post eller sosiale medium. Dei kriminelle utnyttar tilliten mellom offera og vennene deira og slik aukar sjansen for å lykkast med å svindle endå fleire menneske.

Denne svindelmåten kan gjerast på fleire måtar, men ein vanleg framgangsmåte til svindlarane er følgjande:

  1. Du blir kontakta av ein venn på Messenger, som ber deg delta i ein konkurranse.
  2. For å delta i konkurransen får du beskjed om at du vil få ein kode på SMS, som du så skal sende til vennen din.

I realiteten er det ikkje ein venn som kontaktar deg, men ein svindlar som har tatt kontroll over kontoen til vennen din. Koden du får er eigentleg ein eingongskode til kontoen din, som svindlaren har etterspurt via "Glemt passord"-funksjonen på Facebook. På denne måten kan svindlaren ta kontroll over Facebook-kontoen din. 

Får du merkelege meldingar frå venner og familie, er det alltid lurt å ringe og sjekke om dette faktisk stemmer. Aldri gi opp kodar eller passord, uansett kven som ber om det. Bruk alltid totrinnsverifiesering for å gjere kontoane dine sikrare. 

Lånesvindlarar sender e-post eller meldingar og skriv innlegg på sosiale medium der dei tilbyr lån på dagen med låg rente mot eit lite forkotsgebyr. Får du e-postar frå bankar og aktørar du tidlegare ikkje har vore i kontakt med, må du vere skeptisk!

Kriminelle har for lengst oppdaga moglegheita BankID gir. Med tilgong til både banken og Altinn er den eit viktig verktøy for kriminelle. Hugs at BankID er personleg, og at du aldri skal gi frå deg kodane dine! Om din BankID hamnar i feil hender kan andre søke om lån i ditt namn, hos fleire ulike finansinstitusjonar samtidig.

Slik unngjekk Lukas den nye Instagram-svindelen

Lukas fortel at han ved fleire høve har blitt kontakta av merkevarer som lokkar med sponsing. Såglangt har han avslørt svindel og phishing-forsøkene.

Slik unngår du å bli lurt 

  1. Ikkje klikk og del
    Om du klikkar på ein svindelpost, er sjansen stor for at du spreier lenka vidare frå din eigen profil. Dette kan vere alt frå gøyale videoar, falske tilbod eller tilsynelatande private beskjedar. Ofte blir du lokka med eit bilde av eit populært produkt og moglegheita for å vinne produktet ved å like bildet og dele vidare til venner.
  2. Ikkje la deg lure av falske tilbod
    Mange svindelsider nyttar seg av ulike former for falske tilbod. Her blir det freista med gåvekort og andre premiar for å bli med på falske eventer eller i falske grupper. For å bli medlem i gruppa må du gjerne taste inn personleg informasjon (noko du aldri bør gjere), eller å sende SMS til betalingstenester.
  3. Ikkje last ned apper ukritisk
    Det finst mange falske appar. Desse appane verkar nyttige, artige eller spennande, og er ofte laga til bruk i sosiale medium. Appane er laga berre for å stele personlege detaljar eller kortinformasjon frå dei som tar tenesta i bruk.
  4. Ikkje del private bilde og videoar
    Hugs at framande og kriminelle kan få tilgang til bilde og videoar du deler, sjølv i lukka grupper og i private meldingar. Om du er uheldig kan bilda og videoane komme i feil hender, og du kan pressast for pengar for at bilde eller videoar ikkje skal spreiast vidare.
  5. Skru på totrinnsverifisering
    Totrinnsverifisering gjer kontoen din sikrare fordi det gjer det vanskelegare for andre å logge inn på kontoen din, sjølv om dei veit passordet ditt. Døme på totrinnsverifisering er når du loggar inn i nettbanken med BankID, der du må inn med ein eingongskode frå kodebrikke eller mobil, i tillegg til passordet ditt. 
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }