Svindelmetodar
Svindlarane utviklar stadig nye metodar for å få tak i pengane våre, og det gjeld å halde seg oppdatert.
Svindlarane utviklar stadig nye metodar for å få tak i pengane våre, og det gjeld å halde seg oppdatert.
BankID-svindel er ei form for svindel der kriminelle forsøker å utnytte din BankID for å få tilgang til bankkontoane dine, eller handle i ditt namn.
Konsekvensar:
Fakturasvindel er eit svindelforsøk der du blir lurt til å betale ein falsk faktura, som verkar ekte. Denne typen svindel utnyttar folk sin tillit til veletablerte selskap eller anerkjente leverandørar.
Faresignal:
Dette er ein svindelmetode der du blir lokka til å vinne premiar eller få belønning ved å delta i falske konkurransar eller spørjeundersøkingar. Svindlarane bruker vanlegvis e-post, tekstmeldingar, telefonsamtalar eller falske nettstader.
Faresignal:
ID-tjuveri, eller identitetstjuveri, er ein svindel der nokon stel og misbruker identiteten din. Enkelt sagt betyr det at nokon andre utgir seg for å vere deg.
Faresignal:
Tilbod om investeringar som lovar eventyrleg profitt og låg risiko? Då er det som regel snakk om investeringssvindel.
Faresignal:
Kjærleikssvindel oppstår når du blir lurt til å tru at du er involvert i eit ekte romantisk forhold, men i verkelegheita er det berre eit middel for svindlarar å få tilgang til pengane dine eller sensitiv informasjon.
Faresignal:
Kortsvindel kjem i mange former. Har du opplevd at pengar forsvinn frå konto utan ei tydeleg forklaring? Det kan vere ein feil frå ein nettbutikk eller banken. Men kva om kortet ditt har blitt misbrukt?
Faresignal:
Nettshopping kjem med ein risiko for å bli utsett for svindel. Det finst mange uærlege sjeler som opererer på Tise, Finn.no – eller som lagar sin eigen falske nettbutikk.
Faresignal:
Har du blitt spurt om du kan ta imot pengar på kontoen din og vidaresende til nokon andre, mot at du får litt betalt for bryet? Då prøver truleg ein kriminell å bruke deg som pengemuldyr.
Faresignal:
Phishing er svindelforsøk på e-post der svindlarane utgir seg for å vere nokon du stolar på, for å lure deg til å gi frå deg sensitiv informasjon eller overførr pengar til dei.
Faresignal:
Quishing er svindelforsøk der svindlarane sender deg til ei nettside via ein QR-kode. Her vil dei prøve å lure deg til å gi frå deg personleg informasjon dei kan misbruke.
Faresignal:
Svindel på SMS, også kalla SMiShing, blir stadig meir vanleg. Her vil svindlarane fiske etter sensitiv informasjon, gjerne ved å sende deg ei melding med ei lenke du absolutt ikkje bør klikke på.
Faresignal:
Svindlarar i sosiale medium prøver å stele både identiteten og pengane dine. Det er viktig å vere oppmerksam på kva du deler og kven du snakkar med.
Faresignal:
Tidlegare snakka vi om «Olga-svindel» fordi svindlarane gjerne målretta telefonsvindel mot eldre. I dag blir folk i alle aldrar oppringt, og det blir stadig vanskelegare å ikkje la seg lure.
Faresignal:
Nye svindelmetodar og ny teknologi gjer det stadig vanskelegare å ikkje la seg lure. Her er nokre førehandsreglar du kan ta:
Hugs: Banken vil aldri be deg om å oppgi kodar og passord via e-post eller telefon. Får du ein slik førespurnad, er det sannsynlegvis svindel.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium