ID-tjuveri

ID-tjuveri, eller identitetstjuveri, er ein svindel der nokon stel og misbruker identiteten din. Enkelt sagt betyr det at nokon andre utgir seg for å vere deg. 

Mann som er lei seg. Illustrasjon.

Person i mobilskjerm. Illustrasjon.

ID-tjuveri og identitetssvindel

ID-tjuveri kan skje heilt utan at du merkar det. Tanken på at kriminelle får tak i personopplysningane dine og bruke desse til å begå økonomisk svindel, kan opplevast som svært fortvilande.

Identitetssvindel kan vere at svindlarar

  • får tak i betalingsinformasjonen på bankkortet ditt
  • bruker identiteten din til å kjøpe varer
  • opnar ein bankkonto i ditt namn
  • søker om lån eller kredittkort i ditt namn

Jo fortare du oppdagar at nokon forsøker å utføre mistenkelege handlingar i ditt namn, jo enklare er det å avgrense skaden.


Kjenneteikn på ID-tjuveri 

Tenker du over nokon av desse faresignala, bør du raskt ta grep: 

  • Du oppdagar ukjent aktivitet på kontoen eller kredittkortet ditt. 
  • Du får rekningar for varer du ikkje har kjøpt. 
  • Du får gjenpartsbrev på ein kredittsjekk utan å forstå kvifor. 
  • Du får stadfesting på lån, eller endring av kredittramme utan å ha bedt om dette. 
  • Du får varsel om adresseendring. 
  • Du får varsel om at det er oppretta ein ny konto i ditt namn, eller at brukarrettane på kontoane dine er endra. 
Dame som ser på mobil. Foto.
Fornøgd dame som ser på mobilen. Illustrasjon.

5 tips for å hindre ID-tjuveri

Gode sikkerheitssvanar er viktig for å redusere sjansen for ID-tjuveri. 

  1. Del aldri passord og kodar med andre.
  2. Ikkje bruk same passord fleire stader.
  3. Sørg for å byte passord regelmessig.
  4. Bruk alltid totrinnsverifisering for å gjere kontoane dine sikrare. 
  5. Ikkje klikk på mistenkelege lenker og ikkje oppgi sensitiv informasjon.