BankID-svindel

BankID-svindel er ei form for svindel der kriminelle forsøker å utnytte BankID-en din for å få tilgong til bankkontoane dine, eller handle i ditt namn. 

Illustrasjon av hand med mobil og BankID

Kjenneteikn på BankID-svindel

BankID er den digitale legitimasjonen din og underskrift, og denne informasjonen er det mange svindlarar som ønsker å få tak i. Får svindlarane tilgong til BankID-informasjonen din får dei tilgong til mange av dei opplysningane du aller helst ikkje vil dele med framande: 

  • Dei kan logge inn i nettbanken, overføre pengar, og tømme kontoen din. 
  • Dei kan ta opp lån og søke om kredittkort i ditt namn. 
  • Dei kan signere avtalar i ditt namn. 
  • Dei kan få tilgong til skattemeldinga di, helseopplysningar, forsikringsdokument og andre sensitive data du ikkje vil miste. 

Svindlarane kan bruke BankID-en din til å utgi seg for å vere deg, og få tilgang til tenester som krev innlogging med BankID.


Døme på BankID-svindel

Svindlarar bruker ulike metodar for å utføre BankID-svindel. Kjenner du til korleis du kan bli lurt, er det enklare å avsløre svindlarane før dei tømmer kontoen din.

SMS med lenke

  • Du får ein SMS der svindlaren ber deg om å klikke på ei lenke. 
  • Klikkar du å lenka blir du sendt til ei falsk nettside der svindlarane ber deg logge inn med BankID. 
  • På denne måten får svindlarane tilgong til BankID-en din og kan logge inn på digitale tenester med BankID-innlogginga di. 
Døme på BankID-svindel på SMS. Skjermdump av tekstmelding.

Telefon frå banken

  • Får du ein telefon frå banken og blir bedt om å gi opp BankID-kodar og passord, er det forsøk på svindel. 
  • Nummeret du får opp på telefonen kan faktisk vere identisk med nummeret til banken eller andre seriøse aktørar.
  • Det blir tusenvis blokkert av slike meldingar og samtalar kvar dag, men likevel er det nokre svindlarar som får komme seg gjennom.

Deler du BankID med andre? Det er verken lov eller lurt!

BankID-en din er den digitale legitimasjonen din og og den skal du ikkje låne bort til andre.

Oppgi aldri BankID-informasjon til andre, verken venner, familie, politiet eller banken. Logg berre inn med BankID på offisielle appar og nettsider. 

Ingen seriøse aktørar vil be deg oppgi BankID-informasjon, passord eller kodar på telefon, SMS eller e-post.