Netthandel-svindel

Nettshopping kjem med ein risiko for å bli utsett for svindel. Det finst mange uærlege sjeler som opererer på Tise, Finn.no – eller som lagar sine eigne falske nettbutikkar.

Bankkort med forstørrelsesglass på kortnummer. Illustrasjon.

Slik opererer svindlarane

Selje brukte varer på nett? Ver obs på svindlarar! 

Dei siste åra har fleire valt å både kjøpe og selja brukte klede og utstyr på nett, med god hjelp av tenester som Finn.no og Tise. Hugs at også du som seljar kan bli lurt!

Tips for å unngå å bli lurt 

  1. Viss du skal kjøpe dyre ting bør du be om kvitteringa for å sikre at vara ikkje er tjuvegods eller ein piratkopi.
  2. FINN, Tise og andre marknadsplassar har ordningar med «verifisert brukar». Sjekk om seljaren har verifisert seg. Då har marknadsplassen fått stadfesta identiteten til seljaren ved bruk av BankID, og vil lettare kunne spore og handtere svindel viss det skjer.
  3. Som kjøpar bør ein vere varsam med å forskotsbetale utan å sjå vara. Hugs også at utskrift eller skjermbilde som skal stadfeste at vara er sendt kan vere forfalska.
  4. Som seljar bør du vere forsiktig med å sende ei vare utan å få betalt først. Hugs også at utskrift eller skjermbilde som skal dokumentere overførte pengar kan vere forfalska.
  5. Som seljar kan du sende med postoppkrav for å sikre at du får pengane først før vara blir utlevert. Som kjøpar kan postoppkrav vere ein fare fordi du ikkje får vite kva du har betalt for før pakken blir opna.
  6. Viss du kan er det anbefalt å møte seljar/kjøpar personleg, så kan både kjøpar og seljar kan sjå at dei får det som er avtalt.
  7. Ikkje oppgi sensitive opplysningar som passord, BankID eller kortinformasjon til nokon. Det er tilfelle der folk blir lurt til å besøke ei ekstern nettside og oppgi BankID.
  8. Dersom noko verkar for godt til å vere sant, såe er det sannsynlegvis svindel! Ver spesielt oppmerksam viss du kjøper populære varer som mobiltelefonar eller Playstation.