Svindelmetodar som blir brukte mot bedrifter

Svindlarane utviklar stadig nye metodar, og det gjeld å halde seg oppdatert.



Cyberangrep

Cyberangrep, hacking og digital svindel er forsøk på å skade eller skaffe tilgang til viktig informasjon eller verdiar hos bedrifta gjennom digitale angrep.

Faresignal:

  • Om du opplever å bli låst ute frå bedrifta sine digitale system, og du blir bedt om å betale løysepengar for å få tilgang igjen, er du utsett for eit løyspengevirus. 
  • Eit cyberangrep kan ofte starte som phishing.
  • Små og mellomstore bedrifter er mest utsette.

Mann viser fram.

Direktørsvindel

Direktørsvindel er når ein tilsett, som kan utføre betalingar, blir lurt til å betale ein falsk faktura eller gjere ei overføring frå kontoen til bedrifta.

Faresignal:

  • Ein leier ber deg om å gjere ei hastebetaling.
  • Du blir bedt om fortrulegheit. Årsakene kan vere eit hemmeleg oppkjøp eller ny forretningsavtale.
  • Du opplever at førespurnaden er uvanleg eller i strid med rutinane til bedrifta.

Mann viser fram.

Fakturasvindel

Fakturasvindel er når bedrifta blir lurt til å betale ein falsk faktura. Denne typen svindel utnyttar tilliten tilsette har til veletablerte selskap eller kjente leverandørar.

Faresignal:

  • Du får ein faktura for noko du ikkje har bestilt eller mottatt.
  • Du får dobbelt opp av ein faktura for ei vare eller teneste du har, eller skal, betale for.
  • Det kan vere vanskeleg å skilje ein falsk faktura frå ein ekte, då svindlarane etterliknar dei ekte dokumenta til minste detalj med korrekt selskapsnamn og logo.
  • Du er ekstra utsett i ei bedrift med avstand mellom bestiller og betalar.

Mann viser fram.

Investeringssvindel

Har du fått tilbod om å investere midla til bedrifta mot eventyrleg profitt og låg risiko? Då er det som regel snakk om investeringssvindel.

Faresignal:

  • Tilbodet verkar veldig bra, og du får døme på veldig høg profitt, med låg risiko.
  • Du får tilbod om å investere i eit patent, ei komande børsnotering eller ein lovande gründeridé.
  • Du får førespurnader som speler på at tilbodet er tidsbegrensa og at du «ikkje må gå glipp av denne eine moglegheita».

Mann viser fram.

Merkevaresvindel

Merkevaresvindel er ein svindelmetode der svindlarane misbruker merkevara di for å tiltrekke seg offer som har tillit til merkevara di.

Faresignal: 

  • Du oppdagar at merkevara di er etterlikna på sosiale medium, på e-post eller på ei nettside.
  • Kundane dine blir bedt om å legge igjen informasjon eller gjere betalingar.

Mann viser fram.

Netthandel-svindel

Hender det at du kjøper utstyr brukt? Det kan vere både berekraftig og økonomisk, men du bør vere på vakt. Det finst mange uærlege sjeler som opererer på digitale bruktmarknader, som Finn.no og Facebook Marketplace.


Faresignal: 

  • Du får aldri vara du har betalt for.
  • Kjøparen foreslår anna betalingsteneste, eller vil kommunisere utanfor plattforma du er på.
  • Vara har ein betydeleg kostnad, sjølv om dei er mykje billegare enn om du skulle kjøpt dei i butikk. Gjengangarane er anleggsutstyr, maskinverktøy, elektronikk og køyretøy.
  • Du sel ei vare utan å få betaling. Svindlaren seier det er betalt og pressar deg til å sende vara raskast mogleg.

Mann viser fram.

Phishing

Phishing er svindelforsøk på e-post der svindlarane utgir seg for å vere nokon du stolar på, for å lure deg til å gi frå deg sensitiv informasjon eller overføre pengar til dei. Dei rettar seg derfor mot dei som har nettbank-tilgang i bedrifta.

Faresignal: 

  • Du får ein e-post du ikkje forventar frå ein person eller eit selskap du har tillit til. Ofte dreier det seg om statlege selskap som Skatteetaten, eller bedrifter du har ein relasjon til, som revisor eller rekneskapsfører.
  • Du blir bedt om å oppgi sensitiv informasjon enten ved å svare på e-posten eller ved å følge ein link i e-posten.
  • Nokon du kjenner tar kontakt og seier dei er i trøbbel og berre treng at du låner dei litt pengar.
  • Avsendar påpeikar at det hastar at du gjer det dei ber deg om.