Fakturasvindel

Fakturasvindel er eit svindelforsøk der du blir lurt til å betale ein falsk faktura, som verkar ekte. Denne typen svindel utnyttar folk sin tillit til veletablerte selskap eller anerkjente leverandørar.

faktura Illustrasjon.

Kjenneteikn

Det kan vere vanskeleg å skilje ein falsk faktura frå ein ekte, då svindlarane ofte etterliknar ekte fakturaer til minste detalj med korrekt selskapsnamn og logo. Betalingsinformasjonen kan verke riktig, men svindlarane prøver å lure deg til å betale inn beløpet til sitt eige kontonummer.

Typiske kjenneteikn:

  • Du får ei rekning for noko du ikkje har bestilt eller mottatt.
  • Du får ein e-post som seier at det er problem med faktureringa, og ber deg om å oppdatere betalingsinformasjonen med ein gong.
  • Du blir informert om at du har betalt ei rekning to gonger, og blir bedt om å logge inn på ei (falsk) nettside for å få tilbake pengane.
  • Du får beskjed om at det manglar informasjon om deg for å kunne betale rekninga di. Du blir bedt om å logge inn i ei falsk betalingsløype og betale innan kort tid.
  • Du blir varsla om at mobilabonnementet ditt vil bli avslutta. Svindelen går ut på at du må rette opp ein feil innan kort tid for å behalde abonnementet ditt.
  • Denne typen svindel kan ramme både enkeltpersonar og bedrifter.

 

Fakturasvindel på jobb

Svindlarar ser ofte etter tilsette med økonomisk ansvar og fullmakter. Det er òg vanleg å kombinere fakturasvindel med direktørsvindel. Dette vil seie at det ser ut som om den falske førespurnaden kjem frå sjefen din, som ber deg om å gjennomføre ein hastetransaksjon, betale ein falsk faktura eller å endre kontonummer på ein eksisterande faktura.

Nokon som betaler ei rekning i mobilbanken. Foto.

Slik unngår du å bli lurt

For å unngå å bli lurt er det viktig å vere på vakt kvar gong du får ei rekning. Her er nokre nyttige tips for å verne deg sjølv:

  • Dobbeltsjekk alltid fakturaer nøye. Sjå etter feil, som feilaktig beløp eller selskapsnamn. Har du mottatt fakturaer frå same bedrift tidlegare bør du sjekke om kontonummeret har blitt endra.
  • Viss du får to fakturaer for det same beløpet kort tid etter kvarandre, sjå etter kva som skil dei to fakturaene frå kvarandre. Ta kontakt med leverandøren for å bekrefte at endringa stemmer. Dette bør du gjere på ein annan kanal enn der du fekk fakturaen.
  • Ver forsiktig med å gi ut personleg eller bedriftsinformasjon til ukjente kjelder.
  • Bruk sikre betalingsmetodar og sjekk bankinformasjonen nøye før du betaler.
  • Stadfest alltid med riktig person eller avdeling viss du er usikker på ein faktura.
  • Ei bedrift bør òg vurdere å innføre dobbel godkjenning av betalingar i nettbanken. Då sikrar ein at betalingane er kontrollerte av to tilsette før beløpet går til utbetaling.
  • Ferietid er høgsesong for fakturasvindel retta mot bedrifter! Dersom du får ein faktura du er usikker på, ikkje godkjenn for å "få den unna", men bruk tid på å sjekka den opp. Frå bedrifta si side er det viktig med grundig opplæring og rutinar for fakturering.

Har du allereie betalt fakturaen?

  • Ta kontakt med banken og politiet så raskt som mogleg! Handlar du raskt, kan vi kanskje stoppe overføringa.