Kortsvindel

Kortsvindel kjem i mange former. Har du opplevd at pengar forsvinn frå konto utan ei tydeleg forklaring? Det kan vere ein feil frå ein nettbutikk eller banken. Men kva om kortet ditt har vorte misbrukt?

Hand med kort i handa. Illustrasjon.

Kjenneteikn på kortsvindel

Oppdagar du eit ukjent trekk frå bankkortet eller kredittkortet ditt, og du ikkje kjenner igjen aktøren som har trekt beløpet, bør du sperre kortet og informere banken så fort som mogleg om at du har oppdaga trekk du ikkje har akseptert eller gjort, for å avgrense skaden. Då kan du også reklamere på korttransaksjonen.

Kortsvindel er ein stadig aukande trussel. Ved å forstå kjenneteikna og ta nokre førehandsreglar kan du verne deg sjølv mot misbruk av kort.

Faresignal du kan sjå etter

  • Ukjente transaksjonar du ikkje kjenner til på kontoutskrifta di.
  • Uventa endringar i beløp på konto.
  • Plutselege varslar om mistenkeleg aktivitet frå banken din.
  • Korta blir avvist sjølv om du skal ha pengar på kontoen.

Døme på kortsvindel

  • Phishing via e-post eller SMS (smishing) der svindlarar forsøker å lure deg til å gi opp kortinformasjon.
  • Kopiering av kort (skimming) er når svindlarar plasserer einingar på minibankar eller betalingsterminalar på bensinstasjonar, for å stele kortinformasjon.
  • Hacking skjer i nokre tilfelle når svindlarar har klart å installere skadeleg programvare på datamaskina eller mobilen for å stele kortinformasjon. Det skjer oftast ved at ein opnar ei skadeleg lenke eller vedlegg i ein phishing e-post eller SMS.
  • Falske nettbutikkar der du ikkje får vara eller du får falske varer. Viss du vurderer å handle frå ei side du ikkje har handla på før bør du først sjekke om nettbutikken er trygg og tilbyr kjente betalingsløysingar. 
  • Stole kort. Då må du ta kontakt med oss på 57 82 97 00 umiddelbart og få sperra kortet. Er kortet misbrukt kan du opprette ein reklamasjon etter at du har kontakta oss.
Voksen dame med mobil. Illustrasjon

Slik unngår du å bli lurt

  • Ikkje handle på utrygge nettsider og ikkje oppgi kort eller annan sensitiv informasjon via usikre offentlege WiFi nettverk. Det kan til dømes vere på flyplassar, kaféer eller andre offentlege stader. Dette kan vere falske nettverk som kopierer alt av informasjon du tastar inn.
  • Ta aldri vare på kort og PIN-kode saman. Lær deg PIN-koden utanåt. Då minskar du faren for at kortet blir misbrukt om du mistar det eller kortet blir stole.
  • Ikkje fall for phishing via e-postar eller SMS (SMiShing) der svindlarar forsøker å lure deg til å oppgi personleg informasjon. Oppgi kortnummer eller kontonummer berre på bakgrunn av at nokon sender deg ein e-post eller SMS og ber om det. Sjekk alltid opp saka med banken eller bedrifta som utgir seg for å vere avsendar før du gjer litt meir.
  • Skjul kode ved inntasting. Spesielt viktig på utandørs betalingsterminalar på bensinstasjonar eller i minibank, då skimming ofte involverer skjult kamera som filmar inntasting av PIN-koder. 
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }