Kjenneteikn
Svindlarane bruker falske konkurransar og spørjeundersøkingar for å få tilgong til personleg eller økonomisk informasjon for å utføre identitetstjuveri, svindel med kredittkort, eller andre former for økonomisk misbruk.
- Svindlarar ber om personleg informasjon som kredittkortdetaljar, bankinfo eller personlege identifikasjonsdata under påskot av at det krevst for å delta i ein konkurranse eller få ein premie.
- Dei kan infisere telefonen, PC-en eller nettbrettet ditt med skadeleg programvare ved å lure deg til å klikke på lenker eller laste ned filer i samband med konkurransen eller spørjeundersøkinga.
- Svindlarane etterliknar ofte store og kjente merkevarer for å bygge tillit.
- Ein annan vanleg taktikk er å hacke profilar på sosiale medium og sende falsk informasjon om konkurransar og premiar til kontaktlistene, til dømes på Facebook eller Messenger. På den måten ser det ut som om det kjem frå nokon du kjenner og du er dermed er meir tilbøyelig til å gi frå deg personleg informasjon.