Telefonsvindel
Tidlegare snakka vi om «Olga-svindel» fordi svindlarane gjerne målretta telefonsvindel mot eldre. I dag blir folk i alle aldrar oppringt, og det blir stadig vanskelegare å ikkje la seg lure.
Tidlegare snakka vi om «Olga-svindel» fordi svindlarane gjerne målretta telefonsvindel mot eldre. I dag blir folk i alle aldrar oppringt, og det blir stadig vanskelegare å ikkje la seg lure.
På telefon kan svindlarane utgi seg for å vere nokon ein stolar på, som til dømes banken, politiet eller Økokrim.
Svindelmetodane blir stadig meir utspekulerte og smarte. Blir du lurt, er det ikkje noko å vere flau over. Det er viktig at du stoppar opp dersom du får ei dårleg magekjensle. Kontakt banken viss du mistenker at du er svindla.
Såkalla «Olga-svindel» har fått namnet sitt på grunn av at svindelen spesielt rammar eldre kvinner, men det kan også ramme både menn og yngre personar. Svindlarane «spoofar» telefonnummera til bankane, slik at det ser ut som det faktisk er ein banktilsett som ringer.
Ein typisk førespurnad kan gå slik føre seg: Ein eldre mann eller kvinne får ein telefon, tilsynelatande frå telefonnummeret til banken eller eit skjult nummer. Svindlaren kan til dømes seie at kunden har fått innvilga eit lån – gjerne i ein bank som kunden ikkje har eit forhold til. Når kunden seier at han eller ho ikkje har søkt om lån eller at dei er kunde i ein annan bank, avsluttar svindlaren samtalen. Etter litt tid vil kunden få ein ny telefon frå nokon som utgir seg for å vere frå SpareBank 1, som skal ordne opp i misforståinga. Dei ber om kontopplysninger, slik som kortnummer, BankID, passord og liknande. Berre minutt seinare forsvinn det pengar frå kontoen til kunden.
Viktig! Ikkje klikk på mistenkelege lenker og ikkje gi opp sensitiv informasjon. Hugs at banken aldri vil be deg om slike opplysningar.
Falske telefonoppringingar er ein mykje brukt metode blant svindlarane. Døme kan vere at dei utgir seg for å vere frå truverdige aktørar, som politiet eller banken. Svindlarane snakkar gjerne godt norsk og det opplevast som at dei kan bankfaget. Dei speler gjerne på at det hastar, du risikerer å tape pengane dine om du ikkje tar i mot hjelpa dei tilbyr. Samtalen opplevast derfor veldig ekte og ubehageleg.
Ved svindelforsøk på telefon kan svindlarane til dømes fortelje deg at det er oppdaga mistenkeleg aktivitet på kontoen din eller kort, eller at kontoen din er sperra fordi nokon forsøker å svindle deg. Vidare ber dei deg gi opp sensitiv informasjon slik at dei kan hjelpe deg med å få stoppa svindelen.
Viktig! Ikkje klikk på mistenkelege lenker og ikkje gi opp sensitiv informasjon. Hugs at banken aldri vil be deg om slike opplysningar.
Den siste tida har vi oppdaga at kundar blir oppringt av ein automatisk telefonteneste som utgir seg å vere frå SpareBank 1. Stemma kan mellom anna seie at det er mistenkelege transaksjonar på kortet ditt, eller at du må bekrefte ei internasjonal bankoverføring.
I nokre tilfelle kan du bli bedt om å utføre eit tastevalg der du får ein SMS eller e-post som inneheld ein link. Linken kan gå inn til ei falsk nettside, som ser lik ut som banken si nettside der dei forsøker å få deg til å taste inn BankID, passord eller kodar.
Viktig! Ikkje klikk på mistenkelege lenker og ikkje gi opp sensitiv informasjon. Hugs at banken aldri vil be deg om slike opplysningar.
Ved Microsoft-svindel blir du oppringt av svindlarar som vil hjelpe deg med påstått problem med maskina di.
«Wangiri-svindel» inneber at svindlarane ringer deg opp, og legg på med ein gong du tar telefonen. Nummeret dei ringer frå er eit høgkostnummer, som dei tener pengar på dersom nokon ringer det. Poenget er med andre ord å lure folk til å ringe dei ilbake. Får du ein samtale frå eit ukjent nummer som legg på med ein gong, ikkje ring tilbake.
Viss du blir utsett for investeringssvindel eller falsk investering i virtuelle pengar og kryptovaluta kjem ofte førespurnaden frå svindlaren via e-post eller telefon, og er gjerne på engelsk. Du blir gjerne presentert for eit godt tilbod, som å investere i aksjar i selskap som skal introduserast på børsen. I verkelegheita er investeringsobjektet heilt verdilause, eller tilnærma verdilause, aksjar i utanlandske selskap. Mange veit ikkje eingong at dei er svindla, før dei prøver å ta ut gevinsten sin.
Om dei garanterer deg avkasting bør varsellampene lyse og du bør halde deg unna. Viss tilbodet er for godt til å ver sant, så er det mest sannsynleg det.
I ein «sikker konto-svindel» blir du oppringt av ein svindlar som utgir seg for å vere frå til dømes banken eller politiet. Svindlaren vil overtyde deg om å overføre alle pengane dine til ein "sikkerheitskonto" ved fortelje deg at bankkontoen din har blitt hacka eller angripe. Svindlaren vil påstå at pengane dine er trygge på ein "sikker konto", medan dei er i fare på din eigen konto. I verkelegheita er denne sikre kontoen ein konto som svindlarane kontrollerer.
I slike tilfelle er det offeret (du sjølv) som overfører pengane til svindlaren. Du blir vanlegvis ikkje bedt om å gi frå deg BankID-opplysninger, passord eller kodar. Dette skil svindelen frå andre svindeltypar der du blir lurt til å gi frå deg sensitive innloggingsopplysningar.
Svindlarane kan også lyge om at det er gjennomført overføringar, kjøp eller betalingar frå kontoen din som "bevis" på at svindel går føre seg.
Viktig! Banken vil aldri be deg om å overføre pengar til ein "sikker", "beskytta" eller "trygg" konto. Vi vil heller aldri ringe og spørje om brukarnamn, passord eller BankID-kodar i samband med svindel eller ukjent aktivitet på kontoen.
I dag bruker vi mange ulike digitale tenester. Svindlarar utnyttar dette ved å utgi seg for å vere kjente verksemder som Posten, Skatteetaten, Netflix, Paypal og Amazon. Dei ønsker å få deg til å gi frå deg person- og/eller kortopplysningar, eller brukarnamn og passord.