Tips og råd
Tips og råd
10 råd mot ID-tjuveri
Dine ID-kort, passord og kodar er nøklar til di digitale verd. Å verne dei er den beste forsikringa di mot å bli utsett for eit ID-tjuveri.
Tips og råd
Dine ID-kort, passord og kodar er nøklar til di digitale verd. Å verne dei er den beste forsikringa di mot å bli utsett for eit ID-tjuveri.
Ikkje oppgi BankID-informasjon eller passord via mail eller telefon, uansett kven som ber om det – enten det er bank, familie, venner eller andre.
Lær koden din utanåt, skjul alltid inntasting av kodar og passord, og ta aldri vare på kort og kode eller personleg passord saman.
Det finst svindlarar som sender forfalska e-postar frå banken din eller andre truverdige aktørar. Lenkene peikar som oftast til falske nettstader, som ber deg fylle ut kortnummer, passord, kodar og annan konfidensiell informasjon. Dette kan misbrukast. Ikkje klikk på lenker du er usikker på! Skriv heller inn adressa til banken direkte i nettlesaren.
Vi anbefaler deg å sikre kontoane dine for e-post og nettsamfunn med 2-faktor. Det vil sei brukarnamn/passord og SMS-kode. Sikkerheitsspørsmål er ikkje lurt å nytte, med mindre du genererer rare svar, som til dømes «Sinnssjukt rånete olakjerre» som svar til kva den første bilen din var.
Phishing er eit omgrep for svindel over nett der kriminelle lurer deg til å oppgi dei personlege opplysningane dine slik at dei kan:
Det er mest sannsynleg eit svindelforsøk når du:
Sjekk e-postadressa til avsendar opp mot tidlegare e-postar du har fått frå banken. Er du i tvil om e-posten kjem frå banken din, bør du kontakte kundesenteret til banken før du klikkar på eventuelle lenker.
Lås postkassa di for å hindre at uvedkomande stel personopplysningar som kjem i posten, og riv i stykke eller brenn dokument som inneheld personopplysningar. Du kan sjølv sjekke kva adresse du står registrert med på minside i Folkeregisteret. Ein makulator kan vere lurt å skaffe seg.
I dagens papirlause samfunn, bør du nytte mobilbanken og efaktura eller avtalegiro der det er mogleg. Du bør også levere elektronisk sjølvmelding og få billettar tilsendt på e-post.
Det blir vanskelegare å finne fram til riktige passord når dei alltid er ulike. Dette aukar sikkerheita mot ID-tjuveri og gir deg ein tryggare digital kvardag.
Sørg for å byte passord på e-post, Facebook, Instagram og andre sosiale medium regelmessig.
Svindlarane må først stele kortinformasjonen direkte frå kortet ditt. Dette gjer dei ved å installere utstyr i minibankar eller betalingsterminalar som ofte kan både lese av magnetstripa til kortet og snappe opp PIN-koden din.
Med denne informasjonen kan dei kriminelle lage ein kopi av kortet ditt, og bruke det på akkurat same måte som du bruker ditt eige bankkort. Dette skjer både i Norge og utlandet. Derfor bør du vere på vakt dersom minibanken ikkje vil mate ut kortet ditt når du ber om det.
Eit anna svindelkonsept som har vakse fram dei siste åra, er "romancescam". Det går ut på at du blir kontakta av ein ukjend mann eller dame som skrur på sjarmen for å få pengar av deg – ein såkalla "falsk romanse".
Det dukkar opp fleire og fleire tilfelle der du får eit tilbod som ser ut som ein vanleg faktura. Avsendaren informerer om at det ikkje er ei rekning, men eit tilbod, og i staden for ein betalingsfrist, gir dei heller opp ein registreringsfrist.
Ein annan variant av denne typen marknadsføring, er sal av Office-pakkar. Du får eit tilbod på Office-pakken til den nette summen av 580 euro, som også ser ut som ein faktura.
Du har ingen garanti for kva bedrifter og nettsider faktisk bruker personinformasjonen din til. Det beste er å tenke seg om ein ekstra gong før du gir nokon sensitiv informasjon som til dømes personnummer.
Trur du at du har blitt utsett for ID-tjuveri, må du melde ifrå til politiet og banken din med éin gong. Ta kontakt med alle verksemder du har pengar hos, for å sjekke omfanget av ID-tjuveriet. Søk etter deg sjølv i dei ulike katalogtenestene (1881 og liknande) for å finne eventuelle nye telefonnummer eller adresseendringar, og i Google og andre søkemotorer.
Får du informasjon om ein ny konto eller liknande, må du reagera umiddelbart. Nokon selskap tilbyr ein eigen ID-tjuveriforsikring. Andre har dette inkludert i innbu- eller anna forsikring. Søk etter "ID Tjuveri" hos ditt forsikringsselskap, eller kontakt selskapet direkte, for å sjå om og kvar og kva du kan få hjelp til frå forsikringsselskapet ditt.
Har du innboforsikring hos oss, har du òg forsikring mot ID-Tyveri inkludert. Forsikringa dekker juridisk bistand viss du blir utsett for ID-tyveri, og dessutan assistanse og rådgiving som kan avgrensa skadeomfang og økonomisk tap. Vi gir deg den hjelpa du treng om du har vorte utsett for ID-tyveri.
Be om frivillig sperring av kreditt hos kredittopplysningsbyrå. Dei fleste som yter kreditt verifiserer din kredittverdigheit hos desse selskapa.
Har du fått tilbod frå eit ukjent selskap om eineståande investeringsprosjekt – gjerne i aksjar, kryptovaluta, fond eller eigedom? Risikoen er stor for at dette er svindel.
Les meir om svindel av investeringar på Finansportalen.no