Tips og råd

Slik sikrar du kortet ditt

Når du handlar i butikk, på nettet, i utlandet eller i Noreg, bør du alltid følgje nokre forholdsreglar. Tar du med deg desse råda vidare, minskar du risikoen for at kortet ditt blir misbrukt.

Kortet ditt er berre for bruket ditt. Det skal ikkje lånes bort eller oppbevarast lett tilgjengeleg for andre. Reiser du utanlands, er det òg ein god idé å ha med to kort - bankkortet ditt og til dømes eit Mastercard. På denne måten er du sikra økonomisk dekning om uhellet skulle skje. 

Betaling med kort når du handlar på nett.

Verified by Visa og Mastercard Identity Check er tenester med tilleggssikkerheit når du handlar på internett og betaler med kort. Du identifiserer deg, og sikrar kjøpet ditt ved å bruke BankID eller engangskode-appen - akkurat som når du loggar inn i mobilbanken eller nettbanken.

Med andre ord kan ingen andre bruke Visa-kortet ditt eller Mastercard i nettbutikkane som er knytt til denne løysinga, og nettbutikken får ikkje tilgang til kodane dine. Er du allereie kunde med Visa og Mastercard hos oss, har du automatisk tilgang til denne betalingstenesta.

 
Betal rett frå kontoen (BankAxess)

Frå og med 1. desember 2022 blir nettbetalingstenesta BankAxess avvikla. Det gjeld alle bankar. 

BankAxess er ei betalingsløysing der du kan betale direkte frå kontoen din når du handlar på nettet. Tenesta blir avslutta fordi dei fleste både føretrekk og nyttar andre løysingar for betaling på nett, til dømes kredittkort.

Obs! Løysinga må ikkje forvekslast med BankAxept, som er det nasjonale betalingssystemet i Noreg.

Vi beklagar eventuelle ulemper dette skulle medføre for deg som kunde.

Har du barn i huset, kan du vere særleg utsett om du låner bort nettbrettet eller mobilen til den vesle. For som med dei fleste digitale dingsar, finst det moglegheiter for å komme over upassande innhald eller tømme eit betalingskort for pengar. Mange gratisspel har dyre tilleggspakkar som born ikkje alltid veit kostar ekte pengar, og dersom borna kjøper desse kan bankkontoen tømmast før du veit ordet av det.

Av den grunn er det lurt å forsikre seg om at iPaden, iPhonen eller einingar med Android frå Google har dei rette innstillingane før borna får han mellom hendene. Til dømes krev Apple ei nedre aldersgrense på 13 år for å oppretta ein iTunes-konto. Det kan derfor vere lurt at du som forelder opprettar ein konto på vegne av bornet fram til 13-årsdagen. 

Det finst fleire moglegheiter når du skal oppretta ein ny konto; du kan registrere eit betalingskort, eit iTunes-gavekort eller velje ”ingen betalingsmetode”. Ny konto kan opprettast via iTunes eller på iPaden. Hos barnevakten.no kan du lese meir om korleis du set opp ein iPad/iPhone for barn.

Google har ein eigen supportside for korleis ein set opp ein konto på ein Android-enhet for barn under 13år.

Kort fortalt - slik unngår du kortsvindel:

  • Sett regionsperre på bankkortet ditt. Dette kan du gjere i nettbanken og mobilbanken under menyen kort.
  • Ta aldri vare på kort og PIN-kode saman.
  • Skjul alltid inntastingen av koden. Koden din er hemmeleg, og skal aldri givast opp til andre, sjølv ikkje til banken eller politiet.
  • Lån aldri bort kortet ditt. Meld frå til banken eller sperr kortet med ein gong dersom det forsvinn eller blir stole.
  • Lån aldri bort kortet og ikkje slepp det ut av syne viss du må levere det frå deg for å betale, til dømes på restaurant.
  • Reis alltid med to kort om mogleg, og ta vare på dei kvar for seg. 
  • Sikre iPaden, iPhonen eller Android-enheter for barnevennlig bruk, så slepp du ubehagelege overraskingar.
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }