Bankkort
Med bankkort har du alltid tilgong til pengane dine. Kvar gong du bruker bankkortet, blir kontoen din belasta direkte.
Med bankkort har du alltid tilgong til pengane dine. Kvar gong du bruker bankkortet, blir kontoen din belasta direkte.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
Her kan du laste ned vilkåra for bankkort.
Er du mellom 18 og 34 år betaler du berre halv årspris på bankkort.
For å få denne fordelen må du ha ein LOfavør Brukskonto Ung. Bankkortet bestiller du i mobilbanken eller nettbanken etter at du har oppretta deg denne brukskontoen.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytte medlemsfordelane dine best mogleg.
Skulle du gjerne ha spart litt meir til ein ny sykkel eller draumeferien? Med mikrosparing kjem du litt nærare sparemålet ditt kvar gong du bruker kortet.
Du vel sjølv beløpet i mobilbank eller nettbank: Eit fast kronebeløp kvar gong du bruker kortet, ein prosentsats av kjøpsbeløpet, eller runde opp til næraste beløp kvar gong du handlar. Så enkelt!
Har du kontantar som du skulle ha sett inn i banken? No kan du både ta ut og setje inn pengar på konto i alle Meny- og Kiwi-butikkar, dei fleste Spar-butikkane og enkelte Joker-butikkar.
Då kan du krevje refusjon og få tilbake pengane dine ved å sende inn ein reklamasjon.
Lær deg PIN-koden utanåt. Koden er det berre du som skal kunne. Sjølv ikkje banken eller politet treng å vite koden. Viss du har gløymt koden, finn du han igjen i mobilbanken og nettbanken.
Lån aldri bort kortet og ikkje slepp det av syne viss du må levere det frå deg for å betale, til dømes på restaurant. Ta med to kort med på reise, og ta vare på dei separat.
Pass på at ingen kikkar deg over skuldra. Det er viktig å verne om bankkort, passord og kodar. Då er du ekstra godt rusta viss du blir utsett for eit ID-tjuveri.
Med bankkort kan du ta ut 9.900 kroner i løpet av 7 dagar i minibankane våre. I tillegg kan du ta ut 10.000 kroner i løpet av 3 dagar i minibankane til andre bankar.
Sjå kor mykje du kan ta ut i utlandet med bankkort
Her kan du sjå kva som gjeld for:
På bankkortet er det beløpsgrense for uttak i minibank i utlandet på 15.000 kroner. I nokre land kan desse beløpsgrensene vere lågare. Ved varekjøp er den øvre grensa pengane du har på kontoen, men ikkje meir enn 100.000 kroner.
Sjå kva som gjeld for:
PIN-koden til kortet ditt finn du under menypunktet Kort i mobilbanken eller nettbanken. Vel det aktuelle kortet, og trykk på Vise PIN.
Gjeld det PIN-kode på bankkort for barn eller bankkort for ungdom, må du kontakte banken for å få tilsendt koden.
I juli 2024 blei Apple einige med EU om å opne for andre digitale lommebøker på iPhone, noko som er veldig gode nyheiter. Det sikrar ein rettferdig konkurranse og kunden får fridom til å velje.
SpareBank 1 har inngått ein avtale med Apple, og jobbar for at Apple Pay skal bli tilgjengeleg for kundane våre i løpet av første halvår i 2025. Dermed vil kundane våre få fleire betalingsmoglegheiter.
Vi kan fram til då tilby å tæppe med Vipps! Du aktiverer tenesta i Vipps-appen, og koplar opp bankkortet ditt.
Det kan vere fleire årsaker til at kortet ditt ikkje fungerer:
Sjå også
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium